søndag 2. oktober 2011

Tamheitsfôring av lam

Vi hadde bestemt oss for å halde igjen alle søyelamma som skulle gå inn som livdyr for å forsøke å temme dei etter metoden beskreve i Hilde Buer si flotte bok; Villsauboka.


Dessverre vart det ein svært lang dag laurdag og mørket gjorde at vi måtte avvente prosjektet til neste dag. Søndag starta arbeidet, og feskt økologisk kraftfôr vart trykt forsiktig inn i munnen frå sida på eit og eit av lamma. Når dei fekk smaken på det gjekk det lettare.

Nyfikne lam smaker på kraftfôret

Ikkje alle var like interessert, men mange åt snart ut av handa på oss, men var raske med å stikke av og inn i flokken igjen når dei vart sleppt laus frå grepet vårt. Etter fleire repitisjonar vart enkelte lam rolegare. Vi prøvde so å la dei få ete kraftfôret ut av ei skål inne i hegna, og etter litt tid var mange dyr borte å smakte på. Vi flytta skåla nærare og nærare, og snart åt dei ut av handa på oss.
Dei tøffaste lamma kom bort for å smake frå handa
Etter litt tid kom enkelte heilt opp til oss å vart ganske trygge. Når vi seinare opna hegna rusla dyra svært roleg bort og ut på markane. Sjølv om ikkje dyra vart tamme nok til søkje oss opp (truleg grunna altfor lite tid), vert det spennandes å sjå korleis dei reagerar på oss neste gong vi treffast på nært hald under sommarsanking. Dei som var tryggast på oss vart notert slik at vi kan samanlikne for å sjå etter resultat.

lørdag 1. oktober 2011

Sauesanking hausten 2011

Dagen starta med godt vêr, men meldingane gjorde det klart at dagen ikkje kom til å gå heilt utan utfordringar. Dagen skulle verte ein kamp mot klokka for å få alle dyra over før vêret og mangel på dagslys gjorde at arbeidet måtte innstillast.


Når mannskapet kom seg ut av sengane, var det klart at vêret såg veldig bra ut, og med godt mot vart mannskapet sett i land lengst nordaust på øygruppa. Fleire kilometer gange i lyng og tare venta, før sauane etter planen skulle inn på tunet.


Sankegjengen i soloppgang
Etter ei stund traff vi på saueflokken, som gjekk fint mot vest. Etter at resten av mannskapet hadde funne postane sine kunne vi sette litt meir trykk på drivinga, og ikkje lenge etter nærma dei seg tunet.

Same prosedyre som sist år? Same prosedyre som kvart år.








Ikkje lenge etter var dyra inne på tunet, og sjekk av dyra kunne starte. Hald, tenner, vekt, jur, ull mm skulle sjekkast, og ca 120 dyr skulle fraktast med båt over til Fjørtofta, der dei skulle vere fram til slakting. Sidan vêret allereie var i ferd med å snu, måtte transporten starte umiddelbart. Vi hadde også gleda av å få besøk av Mattilsynet denne dagen, som i tillegg til sine normale rutiner også hadde med innleigd kameramann som filma i samband med dokumentasjon av driftsforma for internopplæring.

Eit flott vêrlam på starten av si siste reise

Frakta av dyr pågjekk utover dagen, sjølv om vêret vart stadig meir truande. Heldigvis fekk vi over dyra i tide, og ein gåen gjeng kunne konstateret at sjølv om regn og vind hadde sett sitt preg på dagen hadde vi kome i mål. Nytt av året var at vi heldt igjen alle søyelamma som skulle brukast som livdyr, i eit forsøk på å temme dei.