lørdag 12. november 2011

Slepp av vêrar

Tida var koma for å sleppe til vêrane slik dei fekk gjere sitt. Hadde dei visst kva som venta hadde det nok vore enklare å sanke dei...

Dagen starta med å få opp ledenot. Mykje tungt arbeid, men då er det kjekt å ha ein assistent som ein kan delegere arbeidet til.

Dei sei at den lettaste børa er kunnskap. Då må ein starte tidleg for å få erfaring.
Snø er det ikkje mykje av ute på øyane, so sjølv rimen på marka i november må nyttast.
Etter at ledegjerdet var kome på plass kunne vi starte å drive vêrane. Dessverre var dei både vansklege å få auge på og i god form.

Speiding i motlys
Heldigvis fekk vi hjelp av nokre karar frå ei nabobesetning som skulle kjøpe vêrlammet vi hadde plukka ut. Dette kom godt med og ikkje lenge etter var alle dei 5 vêrane og vêrlammet fanga.

Ein sliten vêr tek ein pust i bakken
Dyra vart so frakta til hamna og vidare med båt til Uksnøya. Det venta 100 søyer på dei.

Kjenner dei lukta av søyer no når vi nærmar oss land?
Eigne kvite vêrmerkjer er eit krav i merkeforskrifta
Ein skvett medisin mot innvollsmakk før dei vart slept.
Vêrane tek eit overblikk frå steingarden
Det gjekk ikkje lenge før dei fann flokken med søyer, og resten er som dei sei historie.