mandag 9. juli 2012

Telespor GPS-merking av sau - erfaringar so langt

No har vi merka tre av dei eldste søyene i flokken med GPS for å kunne følje dei frå sofaen. Målet er å kunne danne oss eit endå meir eksakt bilete av korleis dyra trekkjer mellom forskjellege beiteområde og kor dei held til under forskjellege vindretningar mm. Her er mine erfaringar so langt.

Prisen på produktet er ikkje avskrekkande, i alle fall om det kun er snakk om nokre dyr og levetida på produktet er som forventa. Sidan vi driv heilårsdrift vil sjølvsagt batterilevetid spele ei avgjerande rolle i kor stor gevinsten av ei slik løysing er. Dette vil sjølvsagt aldri erstatte normalt tilsyn, men vere eit supplement til dette.

For å halde sendaren på på nakken til dyret (for å sikre godt mottak av GPS-signala) må ein motere vektlodd på klaven. Vi nytta KVIKK småfeklavar frå OS ID og tilhøyrade vekter. Sidan vi ikkje nyttar bjølle, måtte vi opp på dei største lodda. Vi kjøpte forskjellege fargar på klavane slik at vi enkelt kan kjenne igjen dyret på avstand, feks om vi må skilje det ut for å byte batteri eller sjekke utstyret.

Monteringa av lodda gjekk greit, men monteringa på sjølve dyra var ikkje fullt like enkelt. På ei av søyene var klaven for stor, sjølv på det trangaste stillet. På dei to andre var det betre, men ikkje perfekt. Vinterstid vil sjølvsagt ein tjukkare ullfell hjelpe på, men til sommarsbruk på villsau vart klavane for romme. Eit anna problem var at på to av dyra snudde sendaren seg ned rett etter at dyret vart sleppt, sjølv med vektlodda som skulle vere tunge nok. Dette var sjølvsagt skuffande, men då vi ikkje kunne gjere so mykje med det der å då og det ikkje såg ut til å skape problem for dyra kom vi til at dei fekk gå med det til vi såg korleis det fungerte. Vi får ta opp dette med leverandøren for å sjå kva som gjekk gale. Ei lita trøst er at området er svært flatt og GPS-signala kjem lettare til enn mange andre stader. Korleis dette vil påverke batterilevertida vert spennandes å sjå. Om ting fungerar fint, kan det vere eit alternativ å droppe vektlodd, men det får vi kome tilbake til.

Fiks ferdig montert
Normalt skal batteria takle ca 1000 rapporteringar pr byte. For dei som driv heilårsdrift vil det sjølvsagt vere ein fordel å ha tamme nok dyr til at ein enkelt kan skifte batteri i mellom sankingane.

Ein fordel med systemet er at ein kan endre rapporteringsfrekvensen direkte frå nettsida, både for heile flokken og pr individ. Det som ikkje er mogleg er å sjekke status utanom rapporteringstidpunktet. Dette skuldast truleg at GSM-sendaren er avslått i mellom rapporteringane for å spare straum. Eg har heller ikkje funne ut korleis ein kan angi tidspunkt for rapportering, slik at ein kan feks få dei til forskjelleg tidspunkt, eller samstundes. Det kan ein fuske til ved å endre rapporteringstidspunktet på eit av dyra, og so endre tilbake når det stemmer med resten, men det vil ta ein del batteri og tid.

Ved å logge inn på websida med eige brukarnamn og passord kan ein sjekke kor dyra oppheldt seg under sist rapportering.

Lokalisering av dyra - plassert på kart
Ein kan også sjekke historikken pr individ, slik at ein ser nærmare trekk mønster.

Kart påteikna dei 5 rapportane vi har fått frå eit enkelt individ
Dette ser lovande ut, sjølv om det er svært tidleg endå. Eg håper vi får ei avklaring rundt sjølve klaven og balanseringa av denne. Ein fordel hadde sjølvsagt vore om batteripakken var større og hang på undersida slik at ein slapp lodd og kunne rapportere oftare i gjennom vinteren, men dette hadde truleg vore vansklegare å få til utan at sendaren vart meir utsatt for slitasje, vatn, mm. Sidan dyra ikkje er redd for ta eit bad for å nå bort til lokkande tang og tare i etterkant av ein vinterstorm, vert det også spennandes å sjå om rust vert eit problem på skruar og lodd. Sjekk innom for meir info om Telespor GPS-merking seinare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!