mandag 27. august 2012

Dugnadshelg med betongarbeid og tistelfjerning

I helga hadde vi dugnad for å sette vøra betre i stand og fått fjerna resten av vegtistelen på markane. Arbeidet gjekk over all forventning, sjølv om mørke skyar truga.


Før noko anna kunne skje, måtte traktorskufla som hadde vore til ombygging og overhaling på Fjørtofta fraktast ut. Vi trengte denne til køyring av både stein og grus, men på ei øy utan skikkeleg kai er ikkje det berre berre. Vêrgudane var heldigvis i godt humør og fredag ettermiddag låg svartestilla. Då var det berre å smi mens jernet var varmt, og skufla vart lasta ombord på lasteskuta til bror.

Marginalt med sikt frå skipperstolen, so skipperen måtte løfte på rompa for å sjå leia.
Frakta gjekk over all forventning, og etter litt vasping var båten plassert oppe ved vøra.
Klart til lossing av den lokale lasteskuta
Som ein ser på bilete er vøra holete og ujamn på toppen, då småmasse ikkje får ligge i fred for vinterstormane. Sjøv store steinar kan flytte på seg under dei verste stormane, og under transport av dyr og utstyr er det veldig travelt når underlaget krev stor konsentrasjon og forsiktigheit. Planen var å rette opp i det som hadde sklidd ut og jamne litt av overflata med stein og betong.

Arbeidet går lettare når ein nytte ein skikkeleg arbeidshest; Massey Ferguson 135, ei levande legende i traktorverda.
I skyminga tok eg turen ut på eit nes på øya for å sjekke korleis vegtistelen sto seg. Vegtistelen vert ikkje beitt av dyra, og får soleis spreide seg fritt om ikkje noko vert gjort. Vi har dei siste åra jobba med å begrense den ved å slå, køyre bort og brenne tistelen før den får frøa seg.

Denne hadde kome til frøspreidingsfasa og måtte fjernast snarast råd
Denne hadde føra seg ei stund etter at den var slått, men om frøa var spiringsdyktige er ukjent
Eg fann nokre tislar i fjøra og konstaterte at eit par av tistlane som hadde vorte slått tidlegare utan å vorte fjerna hadde føra seg "post mortem". Om desse er spiringsdyktige veit eg ikkje, men dei vart fjerna i lag med resten og brent.

Vêrmeldingane for resten av helga var dessverre ikkje like gode, og vêrforandringa i vest var tydleg. Heldigvis gjev slikt fine kveldar og ikkje minst gode motiv.
Seinsommarkveld
Dagen etter var vêret flott, men i det vi var på veg til Fjørtofta for å hente støypesand kvita fjorden godt og regnet starta å piske mot båten. Her var det berre å leite fram regnkleda.

Vel ute igjen, med eit stort lass støypesand og sement var det berre å få i gang betongelta. Sidan vêret var sopass dårleg fann vi ly i naustet.
Endre er formann i Lecamurarlosjen og har unik erfaring med betongelting, noko dei yngre gjerne vil lære av.
Eit gløtt av blå himmel kunne skimtast i vest. Kunne vêret snu tilbake like raskt?

Plukking av fyllmasse og støyping på fjøre sjø
Sidan ikkje det er enkelt å få ut sand og grus, må ein spe på med mest mogleg stein og singel frå fjøra. Båra legg kvar vinter opp store mengder småstein og i ei vik kjem det stadig opp singel som ein kan nytte. Dette sparar sjølvsagt mykje arbeid. Dette vart henta med traktoren og spyla i takvatn før bruk. Damene tok pause frå tistelslåtten for å hjelpe til med innsamling av fyllmasse når fjøra var på det største. Sidan floa ikkje var langt bak oss måtte arbeidet gå raskt.

Resultatet tek form. For å hindre sjøen i å vaske ut betongen la vi plast over før det flødde opp.
Målet var å behalde karakteren til vøra, men rette litt ut overflata og feste fyllmassa. Resultatet såg veldig bra ut!
Sjølv om floa kom nærare, gjekk arbeidet raskt og målsetjinga for dagen vart passert med god margin. Når floa hadde sett ein endeleg stoppar for arbeidet sto opprydding av betongutstyret igjen. Etter det var gjort vart tistelen rydda saman og køyrt på bålet.

Å køyre traktor lokkar fram smilet til liten og stor
Planen var å ta eit bilete av vøra søndag, når alt var rydda på plass og det var fjøre sjø, men då regna det so mykje at kameraet måtte haldast godt gjøymd. Eg får kome til bake med oppdatering seinare. Føl med.

torsdag 23. august 2012

Har du mista pc-skjermen din?

Noko brukt 15” CRT pc-skjerm funne i fjøra på Uksnøy i Sandøy kommune. Eigar kan melde seg til politiet, bill merk ”miljøkriminell”.

Fortsatt i fin stand..?

Kvart einaste år kjem tonnevis med miljøfarleg avfall drivande i sjøen og gjer landhogg i fjørene her ute på kysten. Noko frå det fjerne utland, ja kanskje heilt frå andre sida av kloden, men mykje av det kjem frå heimlege trakter. Fryseboksar, dunkar fylte med spillolje, utslitt fiskevegn og anna avfall vert kasta på sjøen for so å endre opp i fjøresteinane og områda innanfor.

Havsule fanga i ei notfille
Avfallet utgjer ikkje berre eit miljøproblem i form av visuell forureining, men er også fulle av tungmetall og miljøgifter og utgjer også ei stor fare for dyr og fugleliv som sett seg fast, grisar seg ut eller på annan måte skadar seg på avfallet. I mange av desse områda er det utruleg krevjande å rydde opp i, og når tilkomst kun er mogleg sjøvegen gjer det ting endå vansklegare.

Nesten alt menneskje kan lage, kan ein finne i fjøra. Mange av gjenstandane utgjer skjulte truslar, feks skruopninga på ei oppmorkna spylarveskekanne berre ventar på at ein sau skal trakke ned i den og sette fast foten sin, eller feks rotnane pallar som fungerar som spikarmatter i årevis etter at dei kom opp i fjøra. Den største direkte trusselen er likevell notfiller, som er dødsfeller som venter på sitt bytte. Mange kjem frå bortslite vegn, men også ein del ber preg av å verte kasta bevist på sjøen.

Vêrlam fast i notfille

Sår på fot etter notlin

Noko av avfallet har sjølvsagt hamna på havet ved eit uhell, men det er er etter mine observasjonar ein svært liten del. Dessverre er det vanskeleg å stille dei ansvarlege til ansvar.
Ofte går tankane mine til dei som ein kjenning av meg observerte på veg ut i frå Ålesund i ein båt fullasta med gamle kvite- og brunevarar med kurs utover havet, kun for å returnere 15 min seinare med tom båt.  Var det ikkje mindre arbeid for dei å levere dette inn der dei sel elektrisk utstyr, noko som i tillegg er gratis? 

Dotter mi spør meg ofte når vi er på tur i fjøra; ”pappa, det er no ikkje lov å kaste søppel i naturen, kven er det som har gjort dette?”. ”Nokon satans idiotar som eg håpe brenn i h.....” er det einaste svaret eg kan kome på, sjølv om eg sjølvsagt ikkje sei det til ho…

mandag 20. august 2012

GPS - Siste erfaringar

Etter å ha prøvd systemet ei stund er det klart at GPS/GSM-signala ikkje er gode nok når sendaren heng opp-ned.

Vi har hatt kontakt med OS ID som leverte klavane og vektlodda. Dei fann då ut at det var levert feil type vektlodd (10*35 mm og ikkje 15*35 mm som vi skulle ha). Nye lodd er i posten slik at vi kan byte dei ut på neste sanking. So får vi håpe at at desse er store nok til å halde sendarane rette vegen.

Når ein skal sjekke bevegelsane til dyra, kan ei velje perioden ein vil sjå. Dette viser eit av dyra 1,5 mnd tilbake i tid
Batteria ser ut til å halde seg greitt, men grunna signal-problema er alarm-funksjonane litt vanskeleg å meine so mykje om. Det som er interessant er i alle fall å sjå korleis dyra trekkjer mellom forskjellege typer beiter.

tirsdag 14. august 2012

Lammegryte ala Uksnøy - servert i fantastiske Molladalen!

I helga var vi på telttur saman med gode vennar til den fantastisk flotte Molladalen! Der nytte vi god mat og fantastisk natur.


Med fine vêrmeldingar for helga og sekkane fulle av god mat la vi fulle av forventningar av stad mot teltplassen oppe i Molladalen. Eg og Susanne har vore der før, men dette var første turen til Molladalen for Lise, Kari og Egil. Vi kunne ikkje vente med å komme tilbake, då dalen er rett og slett er so utruleg vakker!

Første skikkelege synet av tinderekkja
Sidan eg lir av ei svært kraftig form for høgdeskrekk, gjekk eg omvegen på oppsida av den berykta Molladalsporten. Ein bratt motbakke for å kome rundt med 15 kg i sekken merkast, men det var ingenting sett opp i mot frykta for den noko luftige råsa inn til dalen. Slik er det når ein villsaubonde frå dei flate holmane rotar seg til fjells. Vel oppe møtte eg ei søye og lammet hennar, som lurte på kva eg var for ein kar, men sidan eg ikkje ville ofre nista mi til dei vart det med praten.

Kanskje ikkje villsau, men fargane er det i alle fall ingen ting å seie på
Det skulle arrangerast klatreturar og toppturar med utgangspunkt i Molladalen denne helga, so vi ville gjerne komme opp før alle andre, slik at vi fekk teltplassen vi visste om frå sist. Den ligg litt bortanfor råsa, noko som kan vere greitt om ein skal lage god mat og ikkje ønskjer å dele med andre. På kveldens meny står nemleg Villsaugryte ala Uksnøy.

Kvelden før hadde eg skava opp indrefilet av lam og steikt kjøtet slik at det ikkje skulle gå alt for lenge å lage til dette oppe på fjellet. Eg krydra med godt urtekrydder (timian, basilikum, mm), salt og peppar. Ei purre og nokre gulerøter var skiva opp og teke med i lag med ein pakke sukkererter, 2 pk Creme Fresh, ein pakke skiva bacon og nokre skiver brunost.

Lise kveikte opp stormkjøkkenet sitt og oppkutta bacon vart brest i panna i lag med litt smør. Når dette vart spøtt, tilsette eg resten av ingrediensane (med unntak av sukkerertrane) i panna og varma opp i lag med ein god skvett fjellvatn. Gryta serverast med potetstappe, gjerne med ein del grove gulrotbitar og mykje smør, men denne gongen fekk ferdigstappe halde, då sekkane var tunge nok som dei var.

Om du er so heldig å koke den ute med ei slik utsikt smakar den ekstra godt
Når gryta er varm, server med oppkutta sukkererter på toppen og kaldt vatn til drikke.

Lammegryte ala Uksnøy - servert mellom Sunnmørets og kanskje verdas vakraste fjelltindar

Susanne ser i alle fall ut fornøgd ut
Kokken Tor får ete frå panneloket
Gode og mette kraup vi ned i soveposane. Resten av helga vart ein braksuksess i strålande vêr og med mykje god mat!

Eit gruppebilete etter frukosten laurdag; Lise, Egil, Kari, Daniel og Susanne - for ikkje å gløyme tindane i bakgrunnen
Tinderekkja i det sola nærmar seg horisonten igjen
Tusen takk til vennane våre; Lise, Kari og Egil som vi fekk dele denne fantastisk flotte helga i lag med.