tirsdag 14. august 2012

Lammegryte ala Uksnøy - servert i fantastiske Molladalen!

I helga var vi på telttur saman med gode vennar til den fantastisk flotte Molladalen! Der nytte vi god mat og fantastisk natur.


Med fine vêrmeldingar for helga og sekkane fulle av god mat la vi fulle av forventningar av stad mot teltplassen oppe i Molladalen. Eg og Susanne har vore der før, men dette var første turen til Molladalen for Lise, Kari og Egil. Vi kunne ikkje vente med å komme tilbake, då dalen er rett og slett er so utruleg vakker!

Første skikkelege synet av tinderekkja
Sidan eg lir av ei svært kraftig form for høgdeskrekk, gjekk eg omvegen på oppsida av den berykta Molladalsporten. Ein bratt motbakke for å kome rundt med 15 kg i sekken merkast, men det var ingenting sett opp i mot frykta for den noko luftige råsa inn til dalen. Slik er det når ein villsaubonde frå dei flate holmane rotar seg til fjells. Vel oppe møtte eg ei søye og lammet hennar, som lurte på kva eg var for ein kar, men sidan eg ikkje ville ofre nista mi til dei vart det med praten.

Kanskje ikkje villsau, men fargane er det i alle fall ingen ting å seie på
Det skulle arrangerast klatreturar og toppturar med utgangspunkt i Molladalen denne helga, so vi ville gjerne komme opp før alle andre, slik at vi fekk teltplassen vi visste om frå sist. Den ligg litt bortanfor råsa, noko som kan vere greitt om ein skal lage god mat og ikkje ønskjer å dele med andre. På kveldens meny står nemleg Villsaugryte ala Uksnøy.

Kvelden før hadde eg skava opp indrefilet av lam og steikt kjøtet slik at det ikkje skulle gå alt for lenge å lage til dette oppe på fjellet. Eg krydra med godt urtekrydder (timian, basilikum, mm), salt og peppar. Ei purre og nokre gulerøter var skiva opp og teke med i lag med ein pakke sukkererter, 2 pk Creme Fresh, ein pakke skiva bacon og nokre skiver brunost.

Lise kveikte opp stormkjøkkenet sitt og oppkutta bacon vart brest i panna i lag med litt smør. Når dette vart spøtt, tilsette eg resten av ingrediensane (med unntak av sukkerertrane) i panna og varma opp i lag med ein god skvett fjellvatn. Gryta serverast med potetstappe, gjerne med ein del grove gulrotbitar og mykje smør, men denne gongen fekk ferdigstappe halde, då sekkane var tunge nok som dei var.

Om du er so heldig å koke den ute med ei slik utsikt smakar den ekstra godt
Når gryta er varm, server med oppkutta sukkererter på toppen og kaldt vatn til drikke.

Lammegryte ala Uksnøy - servert mellom Sunnmørets og kanskje verdas vakraste fjelltindar

Susanne ser i alle fall ut fornøgd ut
Kokken Tor får ete frå panneloket
Gode og mette kraup vi ned i soveposane. Resten av helga vart ein braksuksess i strålande vêr og med mykje god mat!

Eit gruppebilete etter frukosten laurdag; Lise, Egil, Kari, Daniel og Susanne - for ikkje å gløyme tindane i bakgrunnen
Tinderekkja i det sola nærmar seg horisonten igjen
Tusen takk til vennane våre; Lise, Kari og Egil som vi fekk dele denne fantastisk flotte helga i lag med.

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for en fantastisk tur, Daniel! =)
    Flotte bilde og ein flott gjeng!
    -Kari-

    SvarSlett
  2. Sjølv takk Kari! Det vart verkeleg ein flott tur og so var det so kjekt å reise i lag med nokon! Gleder oss til Uksnøyturen i september! So får du trøste Egil med at det er varmare i sjøen (sjølv vinterstid) enn det var i vatnet denne helga :)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!