onsdag 5. september 2012

Villsauboka

Hilde Buer si Villsauboka er ikkje berre ei god innføring i villsaudrifta for dei som ønskjer å starte opp for første gong, men samlar mykje kunnskap frå mange hald, slik at sjølv den mest kunnskapsrike kan lære noko.

Når eg deltok på eit seminar om villsau, kystgeit og lyngheia på Sandsøya for eit par år sidan, der Hilde Buer var ein av fleire svært kunnskapsrike føredragshaldarar, vart eg klar over at ho jobba med å skrive bok om temaet villsau. Perfekt, var min umiddelbare reaksjon; akkurat noko slikt eg har vore på jakt etter!
Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Boka tek for seg mange tema, alt frå historia til villsauen, villsaudrifta gjennom året, stell av lyngheiene, bruk av ulla, aktuell forskning innan temaet og ikkje minst mange flotte bilete. Boka har fleire bidragsytarar, der fleire av desse har spisskompetanse innan sine områder. Som ein som er svolten på informasjon, har eg undra og ergra meg litt over at det ikkje har vore meir å finne om temaet i bokform eller på internett. Dette skuldast nok at mykje av kunnskapen rundt temaet har vore spreitt, og ikkje minst at mykje berre har vore lagra i hovuda til dei med lang erfaring innan emnet. Med denne boka er dette ikkje lengre tilfellet.

Sjølv etter å helde på med villsau sidan barndommen, er det fortsatt mykje ein trur ein veit, og som ein veit at ein ikkje veit. Å lese denne boka tetta fleire hol og ga dokumentasjon og bekreftelse frå anna hald om observasjonar som er gjort i eigen flokk. Den formidlar på ein god måte og sett fokus på mange viktige tema, mellom anna respektfull behandling av dyra. Sauen har eit rykte for å vere dum og det at den ikkje har lynne til å forsvare seg mot dårleg behandling har truleg ført til at den ikkje alltid har fått den behandlinga den burde. I boka får sauen oppreising frå flerire myter og ikkje minst vert mange av trekka som ofte vert "spotta" forklart, slik at ein heller ser at dette er trekk som har meir ved seg enn ein først kanskje trur. Eit eksempel på dette er det svært sterke flokkinstinktet som ofte vert forveksla med dumskap. I kapittel 6; forstå din sau, går Hilde nærare inn på mellom anna dette, og dette kapittelet var spesiellt lærerik lesing.

Sauen sine spor opp igjennom historia føl våre eigne nært, noko boka går inn på
Eit anna svært aktuellt kapittel er kapittel 4; Kva er lyngheier? der Mons Kvamme, ein botanikar og lynghei spesialist, tek oss med i både fortid og notid, og ser på korleis ein kan bevare denne truga naturtypa for framtida. Dette kapittelet burde ha interesse langt utanfor villsaumiljøet. Ei oppfordring her kan vere til skular om å nytte dette innan naturfagopplæringa for å auke kunnskapen og interessa til dei som snart skal halde lyngheiene våre i hevd.

Som rogna på bilete, er villsauen forma etter landskapet den leve i og har eigenskapar som hjelp den i hardt vêr
Ei slik bok kan sjølvsagt aldri erstatte praktisk erfaring og eit godt handlag med dyr, men er eit svært godt hjelpemiddel, gjev interessant lesing og svar på mange spørsmål ein lurer på uansett førkunnskaper om temaet. Mi sterke anbefaling er i alle fall, les boka! For min del lærte eg mykje, å fekk lyst til å lære enno meir!

Har du lest boka? Kva synest du om ho? Har du spørsmål rundt ho? Legg gjerne igjen ein kommentar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!