tirsdag 25. september 2012

Villsauform ala det ein har i kjøleskapet

Etter den fantastisk fine turen ut for å sjå etter dyra, venta ein pakke med nytina villdeig på kjøkkenbenken. Det er ei heimelaga kjøtdeig av 70% villsau og 30% hjort som eg og besteforeldra mine laga under slaktetida i fjor haust. Sidan eg hadde droppa butikken til fordel for å reise på tilsyn, var det spennandes å sjå kva anna eg fann i kjøleskapet då eg kom heim.


Det var ikkje flust å velje i, men eg fann i alle fall gulrot, raudlauk og ein halv paprika. Medan kjøtdeiga steikte i panna, gjekk eg laus på grønsakerne.

Når kjøtdeiga var steikt, hamna 3 gulrøter og 1\4 paprika oppi, i lag med 1 pk Crème Fraîche og 1\2 pk matfløyte. So tilsette eg 2 spiseskjeier tomatpuré, litt salt, peppar og kvitlaukskrydder.

So var det på tide å hakke opp raudløken, men slikt kan by på problem for ein som tek lett til tårene. Heldigvis har eg eit godt hjelpemiddel som eg kjøpte då eg gjorde eit svært etterlengta, men kort comeback i alpinbakken for nokre år sidan. Dei flotte slalombrillene grusar alle kjæringråd i løkskjeringstestar!
Ingen tårer, berre smil med dei flotte løkskjerebrillene frå Bollé.








Grovhakka raudløk, klar til å hamne i gryta
Gryta klar til å ha i ildfast form.
Mens gryta sto å kosa seg på lav varme laga eg ei potetstappe. Oppi denne gjekk finhakka raudløk og litt tørka grasløk.

Flotte fargar skadar ikkje når ein skal lage mat!

So var det berre å ha gryta oppi ei ildfast form og ha potetstappa over. Deretter fekk ho steikje i steikjeomnen på 225 grader i 25-30 min.

Fiks ferdig!

Medan forma fekk kolne littegrann, gjekk eg og lommelykta mi ut i hagen og fann litt salat av ymse slag.

Klart til servering!

Smaken var ikkje so heilt ulik gresk moussaka, men smaken varierar sjølvsagt etter kva ein finn i kjøleskapet. Villdeiga av villsau og hjort gjev i alle fall retten karakter, og ei meir spanande smaksoppleving!

torsdag 20. september 2012

I skumringstimen er det fint å føre tilsyn...

Etter mykje dårleg vêr kom sola endeleg fram. Ikkje lenge etter var eg og bror min på veg ut mot Uksnøya. Vi skulle sjå etter sauane og ikkje minst nyte kvelden.

Sola går ned bak skyane i vest
Det er ikkje mykje som kan måle seg med ein haustkveld når lufta er skarp og klar, og fargane har starta å skifte til haustdrakt.

I Høgvêrvika venta velkomskomiteen


Nokon av dyra hadde starta på kveldsmaten og brydde seg ikkje om å sjå på fotografen

På turen rundt i lyngheiene sjekka vi opp eit av områda som vi brente i vår. Der gjekk nokre sauer og beitte på dei grøne nyskota. All skiten rundt om gjer at det ikkje er vanskeleg å sjå at dei likar godt det dei finn. Røsslyngen hadde enno ikkje kome fram, men mange andre artar hadde sett sitt snitt til å stikke hovudet ut av torva.

Mellom kvist av røsslyng og saueskit stikk dei mange små plantene hovudet opp av torva

Utsikt mot evigheita
Etter å ha kome oss tilbake i båten tok vi turen til brygga for å sjå etter husa. Turen rundt øya var av den minnerike sorten i eit fantastisk haustlys.
Tunet i skumringa

Vi tok også ein kik på vøra og fekk teke nokre bilete for slik du kan sjå resultatet. Vøra hadde i alle fall greidd dei første hauststormane med glans. Betongen var også so ru at det skal gå fint å gå på den, sjølv med glatte gummistøvlar for dei som likar slike.

Resultatet vart heilt supert spør du meg!
Himmelen speglar seg i sanden
Det spesielle Smith-huset nyt fargane rundt seg
Etter å ha knipsa litt bilete og sjekka hus og beiter, gjekk turen heimatt før natta senka seg. Der venta villsaukjøtdeiga eg hadde lagt til tining før eg reiste. Meir info om korleis det gjekk kjem snart!

Har du vore ute å nytt kvelden? Legg gjerne igjen ein kommentar!

mandag 10. september 2012

Eit rosa fyrverkeri nær deg no!

I desse dagar er lyngheia på sitt vakraste; kom deg difor ut og nyt ho so snart regnet tek ei pause!


Røsslyngen er no i full blomst og er på sitt aller vakraste! I mange fargesjateringar dekkjer den lyngheiene. Eg var ute og tok inn inntrykk og fargar no i helga. Knotten var rett nok svært innpåsliten so snart vi stoppa opp for å fotografere og gjorde sitt til at fotografen vart ekstremt utolmodig. Dette førte til at bileta ikkje vart all verda, men du ser essensen. Vakre fargar som er verdt å få med seg før hauststormane vert for ville!

I skarp grøn og lys gammalrosa stod denne planta i all si prakt

Klokkene freistar ikkje berre humla, men også fotografen
I tillegg til den flotte lyngen, gjekk vi oss på to koller (hjort) i skogkanten! Alltid spesiellt å treffe dei heilt uventa, men i sitt rette element. So kom deg ut so snart du kan! Nyt hausten og alle fargane den byr på!

onsdag 5. september 2012

Villsauboka

Hilde Buer si Villsauboka er ikkje berre ei god innføring i villsaudrifta for dei som ønskjer å starte opp for første gong, men samlar mykje kunnskap frå mange hald, slik at sjølv den mest kunnskapsrike kan lære noko.

Når eg deltok på eit seminar om villsau, kystgeit og lyngheia på Sandsøya for eit par år sidan, der Hilde Buer var ein av fleire svært kunnskapsrike føredragshaldarar, vart eg klar over at ho jobba med å skrive bok om temaet villsau. Perfekt, var min umiddelbare reaksjon; akkurat noko slikt eg har vore på jakt etter!
Copyright © 2008 Selja Forlag AS
Boka tek for seg mange tema, alt frå historia til villsauen, villsaudrifta gjennom året, stell av lyngheiene, bruk av ulla, aktuell forskning innan temaet og ikkje minst mange flotte bilete. Boka har fleire bidragsytarar, der fleire av desse har spisskompetanse innan sine områder. Som ein som er svolten på informasjon, har eg undra og ergra meg litt over at det ikkje har vore meir å finne om temaet i bokform eller på internett. Dette skuldast nok at mykje av kunnskapen rundt temaet har vore spreitt, og ikkje minst at mykje berre har vore lagra i hovuda til dei med lang erfaring innan emnet. Med denne boka er dette ikkje lengre tilfellet.

Sjølv etter å helde på med villsau sidan barndommen, er det fortsatt mykje ein trur ein veit, og som ein veit at ein ikkje veit. Å lese denne boka tetta fleire hol og ga dokumentasjon og bekreftelse frå anna hald om observasjonar som er gjort i eigen flokk. Den formidlar på ein god måte og sett fokus på mange viktige tema, mellom anna respektfull behandling av dyra. Sauen har eit rykte for å vere dum og det at den ikkje har lynne til å forsvare seg mot dårleg behandling har truleg ført til at den ikkje alltid har fått den behandlinga den burde. I boka får sauen oppreising frå flerire myter og ikkje minst vert mange av trekka som ofte vert "spotta" forklart, slik at ein heller ser at dette er trekk som har meir ved seg enn ein først kanskje trur. Eit eksempel på dette er det svært sterke flokkinstinktet som ofte vert forveksla med dumskap. I kapittel 6; forstå din sau, går Hilde nærare inn på mellom anna dette, og dette kapittelet var spesiellt lærerik lesing.

Sauen sine spor opp igjennom historia føl våre eigne nært, noko boka går inn på
Eit anna svært aktuellt kapittel er kapittel 4; Kva er lyngheier? der Mons Kvamme, ein botanikar og lynghei spesialist, tek oss med i både fortid og notid, og ser på korleis ein kan bevare denne truga naturtypa for framtida. Dette kapittelet burde ha interesse langt utanfor villsaumiljøet. Ei oppfordring her kan vere til skular om å nytte dette innan naturfagopplæringa for å auke kunnskapen og interessa til dei som snart skal halde lyngheiene våre i hevd.

Som rogna på bilete, er villsauen forma etter landskapet den leve i og har eigenskapar som hjelp den i hardt vêr
Ei slik bok kan sjølvsagt aldri erstatte praktisk erfaring og eit godt handlag med dyr, men er eit svært godt hjelpemiddel, gjev interessant lesing og svar på mange spørsmål ein lurer på uansett førkunnskaper om temaet. Mi sterke anbefaling er i alle fall, les boka! For min del lærte eg mykje, å fekk lyst til å lære enno meir!

Har du lest boka? Kva synest du om ho? Har du spørsmål rundt ho? Legg gjerne igjen ein kommentar!