tirsdag 19. mars 2013

Øya i flammehavet

Det er er eit hint av vår i lufta, og kalenderen fortel at fuglane snart kjem heim frå sydenferie. Om ikkje lenge vil lamma hoppe rundt på bakkane, medan mødrene ligg og nyt varmen frå sola. Det er med andre ord berre å få hendene ut av lommene og leite fram fyrstikkene! No må det brennast lyng!

Ein ugrasbrennar frå Jula gjer god jobb med å få fyr i lyng og einer

Men før ein kan starte er det mykje som skal klaffe. Lyngen skal vere tørr og torva våt. Ein må gjerne ha litt vind, men ikkje for mykje, då ein då lett kan miste kontrollen. Vindretninga er og avgjerande for både kor ein kan brenne, og om ein røyklegg naboane og får dei på nakken. So må ein ha nok dagslys og mannskap til å kunne gjennomføre brenninga på forsvarleg vis. Ein også må ta omsyn til hekkande fugl og søyer som skal lamme.

Brenning av kystlyngheia er svært viktig for denne trua naturtypa og alle dyr og fuglar som er avhengige av ho. I fleire tusen år har menneskja brent lyngheiene, før denne tradisjonen i stor grad døydde ut i tida rundt andre verdskrig. Mange stader veks no lyngheiane igjen med skog, noko som ikkje berre er eit stort tap av naturtypa, men gjer seinare brenning svært vanskeleg sidan det først må ryddast for skog. Det er difor viktig å kome i gong raskast råd, slik at vi får berga lyngheiane våre før det er for seint. Brenning av lyng er både spennande, god trim og sosialt. Når du lærer deg å bruke vinden, hallande terreng, bergknausar og sjø til din fordel, kan du verte meir og meir presis og føresjå korleis flammane vil vandre i lyngen. Berre pass på å ha godt utstyr, løyve frå grunneigar og nok mannskap! Få med deg nokon med erfaring, eller start i det små, helst på naturleg avgrensa områder utan fare for spreiing. Det er også eit eige kapittel i Villsauboka om dette, der gudfaren innan lyngbrenning, Mons Kvamme, kjem med mange gode råd.

Etter å ha kome ut på Fjørtofta laurdag, tok eg turen ned i fjøra og braut av ein kvist med lyng som stakk ut av snøen. Denne skulle få stifte kjennskap med gassbrennaren min for å fortelje meg om det var håp for lyngbrenning dagen etter. Lyngkvisten brann godt, og om eg let att auga, var det som eg kunne eg skimte røyken som snart skulle velte ut over havet. Skuffelsen var difor stor når eg søndag vakna til lyden av dropar mot takrenna og synet av våte vegar. Vi måtte uansett ut å føre tilsyn med sauane, og mest for moro skuld tok eg med gassbrennarane våre. Det kunne vere at regnet var svært lokalt, eller at terra var so god at vi fekk fyr likevel.

Ute på Uknsøya skjønte vi fort at det hadde regna her også, so vi såg etter dyra og krybbene vart fylde med høy. Det er på tide å byte ut naudfôrlageret med tørrhøy som vi har lagra på Uksnøya, og i staden for å la det kome vekk, får dyra nyte litt godt høy fram mot lamming.

Sauespor i snøen fortel oss kor vi skal gå for å finne dyra - Foto: Susanne B. Klokk Fjørtoft


Susanne kikar etter sauane



Foto: Åshild K. Fjørtoft

Sidan gassbrennarane var med fekk ei lita tue med visna gras smake flammane. Erfaringar frå tidlegare har vist at ein aldri skal undervurdere kor brennbart lyng og gras er, sjølv etter store mengder nedbør. Graset brann urovekkjande godt, og ikkje lenge etter var både brannsjef i Sandøy og 110-sentralen varsla om at vi kom til å brenne lyng, og at det var ingen grunn til panikk om store mengder røyk skulle stige til himmels.

Den lokale brannsjefen skal alltid varslast, og du gjer lurt i å ringe 110-sentralen og legge inn melding om at du skal brenne. Brannvarslinga får ofte beskjed frå fly om so store mengder røyk, og då er det viktig at det ikkje vert sett unødig alarm. Det viktig å ringe og melde frå når du er ferdig, slik at dei får slått alarm dersom det skulle blusse opp etter de har forlete området.





Foto: Åshild K. Fjørtoft



Etter at eg skreiv dette, kom det bilete og rapportar frå naboøya Harøya, der ein større brann hadde festa grepet i fjellsidene. Store mengder brannmannskap la ned ein heroisk innsats til seint på kveld for å avgrense brannen og få kontroll over flammane. Heldigvis kom verken menneskjer eller eigendom til skade. Brannen var påsett av ungdom, men det er uklart kva som var motivet bak. Brannen syneleggjer i aller høgste grad kor brannfarleg mykje av naturen rundt oss er, sjølv når ein trur det er vått. Den viser også kvifor ei kontrollert avsviing av lyngheiene kan ha positiv effekt på branntyggleiken. Framvekst av skog gjer det heile endå verre. Ei lynghei i god hevd, inneheld mykje mindre brennstoff enn gammal og grov lyng og eine. Dette gjer både varmeutviklinga mindre ved ein eventuell brann, og sjølve brannen meir kontrollerbar. Ved kontollert brenning kan ein også trene på både teknikk og taktikk for å sløkkje uønska brann ved seinare høve. Preventiv brenning av branngater i lyngheiene og fjellsider fjernar også mykje av risikoen for spreiing slik at brannen vil døy ut  av seg sjølv.

Fristen for brenning utan særskilt løyve går ut 15. april. Hugs berre å ta sikkerheita på alvor!

søndag 3. mars 2013

Villsauskinn i posten

Kva er meir spanande å få i posten, enn store kasser med villsauskinn som ein ikkje anar korleis ser ut? Vell, du kan kanskje tenkje ut eit par ting. Likevel var det stor spenning når skinna kom sist veke!


Når ein veljer ut kva skinn ein skal ha i retur, er det mange ting som må vurderast, både storleik, fargar, lengde og grovheit på ulla. Smaken er også ulik, og sidan ingen sauer er like er det også vanskeleg å plukke ut skinn på bestilling.





For å få flotte skinn er fargane på vêrane svært viktig. Dei er den enklaste faktoren å endre på for å tilpasse fargane i flokken. Sidan det å kunne utnytte skinna er vikig både økonomisk og "moralsk", er dette noko ein bør ha i tankane når ein veljer ut avlsvêrar. Berre husk å ta vare på mangfaldet! Det er viktig for både rasa og ikkje minst opprettheld det spesielle med villsauskinn.


Skinnet over er frå eit junilam. Det er sjølvsagt mindre enn dei andre, men dei flotte fargane og den korte, fine, krusa ulla gjer det til eit godt alternativ for dei som ønskjer eit flott skinn i bornesenga. Villsauskinn er kjempeflott til bruk i barne/babysenger, sidan dei er gode og varme, og samtundes transporterer fukt slik at ein ikkje vert klam.

Villsauskinn kan brukast til so mangt. Dei kan også vaskast eller kjemmast med ei hundebørste for å få tilbake luftigheita. Når skinnet har gjort tenesta si som pynt i stua, kan det nyttast som sitte/liggeunderlag på tur, i akebrettet eller i snøhola. Det er varmt og lett, og om ein skal sove ute vinterstid er detein god ven i kulda.

Kva skinn synest du er finast? Legg gjerne igjen ein kommentar!