søndag 21. april 2013

Lamming mellom bakkar og berg ut med havet

Etter ein svært seig og langvarig vinter kom endeleg våren! Og kva passar vel betre då enn om lamma også kjem til Uksnøya?

Sist helg hadde det første lammet endeleg kome, og når vi reiste utover mot Uksnøya laurdag var vi spente på om fleire hadde kome i veka som hadde gått. Det vart raskt klart at det meste av flokken ikkje hadde fått lam, men ved nærare ettesyn såg vi fleire lam som sprang rundt føtene på mødrene sine.










Å bestemme det ideelle lammetidspunktet er ikkje enkelt. Ein vil sjølvsagt ha store og flotte lam når hausten kjem, men samstundes ønskjer ein at dyra har det bra og at eventuelle tap er lavast råd. Her ute i havgapet kan ein oppleve at vinteren aldri kjem, og graset spirar midtvinters, medan andre år kan vinteren vere både kald og uforutsigbar. Eg sluttar aldri å verte forbausa over kor stor skilnad det kan vere i klimaet samanlikna med naboøyane og fastlandet. Vinterstid kan rovfuglane utgjere eit betydeleg problem. Då flokkar ramnane seg saman til omreisande bandar på jakt etter ein enkel matbit i ei elles vanskeleg tid. Etter at vi har flytta lamminga til seinare på våren, har vi i stor grad fått slutt på dette. Då er rovfuglane meir stadbundne, og når grågåsa kjem attende og startar med egglegginga får ramnen ei god næringskjelde som tek mykje av trykket bort frå saueflokken. Om dei andre saueflokkane i regionen har lamming samstundes, deler ein effektivt på risikoen, då rovfuglanen berre kan vere på ein stad samstundes.










Det har alltid vore ein debatt om kor ofte og mykje tilsyn ein bør føre under lamminga til villsau. Vår erfaring tilseier at ein ofte gjer meir skade enn godt om ein ikkje let dyra få fred. Søyene som skal lamme, trekker bort frå flokken og finn naturleg le i terrenget der dei i fred og ro får lammet til verda, og får knytte sterke band som skal vare livet ut. Om du kjem brått på når lamma er svært små kan du risikere å skilje lammet frå mora. Då vert lammet eit enkelt bytte for rovfugl. Vi går difor svært forsiktig fram i terrenget, og ofte er bruk av båt ein fin måte for å unngå å skilje dyra. Vis difor stort omsyn om du ferdast i eit villsaubeite om våren!