søndag 26. mai 2013

Sommarsveis

Når dagane vert lengre og varmare utover seinvåren, startar utegangarsauane å felle ulla. Då gnikar  og gnur dei seg mot alt som kan hjelpe dei i å få av vinterfellen. Enkelte feller alt sjølv, andre må ha litt hjelp under sommarsankinga, medan andre må klippast.

Denne eigenskapen med felling av ulla er eit svært viktig rasetrekk å behalde i villsauen, og er eit trekk som har vore avla bort i dei fleste andre sauerasane. Også hjå villsauen har denne eigenskapen vorte svekka, truleg både av avl og innkryssing. Målretta avl og utval kan heldigvis få den tilbake i gammal prakt, noko som ikkje berre er bra for rasa og dyra, men også arbeidsbesparande for bonden.

Historisk sett har ulla vore mykje viktigare enn kjøtet frå sauen, og den var nærast ei forutsetning for at menneskja skulle greie seg her oppe i nord. Tidlegare ga den oss både klede og segl, som var livsviktige her ute på kysten. Det seiast at hadde det ikkje vore for dei tette ullhåra som sjølvfellt ull frå villsau gjev, hadde mang ein fiskar frose av seg fingrane på vintersfiske opp i gjennom åra. Når sauen feller ulla, vert ullhåret tett i endane, og tek difor ikkje opp vatn slik som klipt ull gjer. Denne eigenskapen var so viktig for folk på kysten at det truleg berga villsauen frå utrydding når dei større og "flottare" sauane vart importert frå utlandet. I våre dagar er prisane på villsauull lave og kvaliteten lavt verdsett. Likevel fins det fleire entusiastar som nyttar ulla til både flotte kunst og bruksgjenstandar.

I dag då vi var ute på tilsyn såg vi ei søye som gjekk målretta mot ein stein. Der stod ho å klødde seg for å prøve å rue av seg ulla.























Ei lita stund seinare gjekk ho vidare, og det var tydeleg at ho hadde kome igong med ullfellinga.


Sauane vil gnike og klø seg mot ting som har rett høgde og som kan hjelpe dei med å få av ulla. Det kan vere steinar, gjerde, tre, bergnabbar og liknande.




Steinane dei klør seg på vert gjerne svarte av feitt frå ulla, og dei slitte trakka rundt dei beste stadane å klø seg viser kor viktig dette er for dyra.

Nyfellt villsauull


På Uksnøya er det lite tre, og når far min såg at tollepinnen på færingen inne i nausten var so blankpolert med villsaufeitt frå ulla, fekk han ein idé. Han sveisa fleire villsaustrigler som kunne hjelpe sauane å få av seg ulla. Desse fekk ulik lengde og utforming for å sjå kva dyra likte. Det gjekk ikkje lenge før målinga var bortslitt og ulla rundt dei fortel at dyra har god hjelp av dei.




Dette behovet hjå villsauen gjer objekt, som feks ein trestamme eller ein gardstaur, som sauen kan gå rundt for å rue av seg ull til ei felle. Dersom stammen har avsaga greiner eller ting ulla kan henge seg fast i, kan sauen verte fanga, i verste fall med dødeleg utgong. Tenk spesielt over dette når du ryddar skog eller sett opp utstyr i villsaubeitet!