onsdag 25. desember 2013

Tilbakeblikk på villsauåret som gjekk - del 2

Vi fortsett vårt tilbakeblikk på villsauåret 2013. Når flammane etter lyngbrenninga  har slokna, er spenninga for ein villsaugjetar på Uksnøya om lamma snart skal kome til verda. Denne tida er det ekstra spanande når ein er ute på tilsyn, og når naturen viser seg frå si flottaste side kan ein ikkje klage!

Kikert er eit svært viktig verkty for ein villsaugjetar, spesielt i lammetida når ein ikkje bør forstyrre dyra meir enn naudsynt





 
Den nybrente Hellesundhaugen speglar si nye drakt i vasslokjet

 
Ingen lam å sjå so langt, men kanskje teleskopet kan hjelpe?

 
Ein bedagleg gjeng nyt stillheita før lamma og påføljande mas melder sin ankomst

 
To våryre havørner ser ut til å finne tonen medan dei svirrar rundt i spiral over Uksnøya

 
Som sauegjetar i havgapet får ein oppleve mykje flott natur - her er det ein flokk skarv som nyt vårsola


Det var ingen lam denne dagen tidleg i april, men på eit seinare tilsyn den 20. april hadde endeleg nokre få lam kome til verda!

Dei fleste villsaulam er født svarte slik som dette lammet, men skiftar farge når dei vert eldre


På tilsyn den 8. mai var lamminga i full gang, men den heilt store grasveksten lot vente på seg.

Villsaulam både nært og fjernt, då er det best å halde litt avstand so ein ikkje skremer dei unødig

Eit lite villsaulam med kvit haletipp får ein skvett mjelk av mor si.

Denne villsausøya har fått trillingar, noko som er skjeldan for villsau







På tilsyn den 26. mai kunne vi konkludere med at graset endeleg hadde vorte skikkeleg grønt og frodig etter ein svært sein vår.

Dei to villsausøyene likar ikkje at fotografen kjem for nær og søkjer mot resten av flokken


Kik innom snart, då kjem del tre av tilbakeblikket på villsauåret 2013!

tirsdag 24. desember 2013

Tilbakeblikk på villsauåret som gjekk - del 1

Villsauåret 2013 er snart ved vegs ende. Det har vore eit svært hektisk år på mange måtar, og det har difor vore knapt med tid til å legge ut bilete og tekst frå villsaudrifta. Vi tek difor eit ekstra grundig tilbakeblikk i år, slik at du kan få sjå litt av kva villsauåret har gått med til. Her kjem del 1.

Villsaujenta på veg på tilsyn i februar
Det er ikkje enkelt å krysse fjorden heimatt i slik vêr, so då får ein vente til det klarar

Villsauane leiter etter mat som stikk ut av snøen på haugen vest for løa

Ingenting er so gale at det ikkje er godt for noko - stormane bryt tare opp på land, noko som villsauane veit å sette pris på

Vi har aldri brent so mykje lyng som i år, noko som mange av dei spreke fjellturistane fekk sjå palmehelga 2013. Røyken gjekk høgt til vers og kunne sjåast frå milevis unna.

Sørsida av Storholmen  brenn godt og varmen vart so sterk at underteikna nesten måtte rømme på sjøen

Storholmen på Uksnøy i full fyr - ein av dei mange holmane som vart brent under fantastiske forhold denne dagen

Månelandskapet varer ikkje lenge. Allereie etter eit par veker vil spirane stikke hovudet opp av oska

Røyksøyla frå ein av holmane vart observert frå mange fjelltoppar rundt om på Sunnmøre

Ein gammal saueskalle dukkar fram etter at einer og lyng er brent ned

Terje er meget godt nøgd med den nye vårpynten sin

Kik innom for meir bilete frå villsauåret 2013. Villsausida vil også nytte høvet til å ønskje alle lesarar god jul!

lørdag 14. desember 2013

Adventsvisitt på Uksnøy

Denne hausten har vore prega av storm og dårleg vêr, og det har ikkje alltid vore like enkelt krysse fjorden for å besøke sauane på Uksnøya. Når i tillegg sola knapt orkar å stikke hovudet over fjellrekkja i aust, må ein nytte dei høva ein får til å sjå etter dyra.

Laurdag 14. desember var veret såpass godt at Marius (2 år), Terje og eg sette kursen mot Uksnøya. Om ikkje anna har den nye kaia på øya gjort det litt enklare å lande. I alle fall so lenge ikkje vêret kjem sørfrå, då er det uråd å legge til og ein må sjå seg om etter krikar og krokar der bårene ikkje tek for sterkt tak.










Trygt på land gjekk turen til tunet for å sjå om husa stod som dei skulle. Lavtrykket "Ivar" med orkan i kasta hadde vore innom for å helse på, og då veit ein aldri kva som ventar. Det var ingen større skadar på husa, men ei dør på løa som hadde blåst opp og måtte sikrast med nokre 4"-spikarar. Vidare gjekk turen for å sjå etter flokken, og då såg vi at den gamle felles flaggstanga som i alle år har stått midt oppe på den høgste haugen mellom tuna hadde fått nok gitt opp kampen mot véret.






Motteten og vêrbitt var ho rett nok, men likevel eit godt minne om samarbeidet mellom dei to gardane.

Etter litt fann vi dyra, akkurat der GPS-sporinga meinte på vi burde leite, men floa sette ein stoppar for å nå dei frå Uksnøya. Vi gjekk til båten og tok turen rundt øya. Vêret viste seg frå alle sider, med både regn, vind og sol.

Tilbake på land, denne gongen ute på Inste Kråkeliholmen, var det berre å leite fram kikerten og sette kursen mot dyra. Sidan dei var omflødde på Moldremmsholmen, var det ikkje håp om å få prøve å lokke til seg vêrane, men vi fekk i alle fall kome ganske nært innpå.















Blåskjerdingen - det høgste fjellet i Haram, lurer bak skydekket

























Solheim - Knutgarden. Fjellet i bakgrunnen er Skulen på Skuløya.

Det noko spesielle undervass-sauetrakket der klauane til dyra har slitt bort tangen frå steinane

Fortsatt god adventstid!