lørdag 18. januar 2014

Tilbakeblikk på villsauåret som gjekk - del 4

Vi har då kome til siste del av tilbakeblikket på villsauåret. Sommaren var komen og villsauane naut gode dagar på grøne markar.

Natalie hadde knapt landa i heimlandet før turen gjekk ut i vêrbeitet for å treffe igjen dei nye bestevennane sine. Kjartan hadde vore ute å lokka med kraftfôret heile sommaren, og rykta ville ha det til at dei hadde vorte endå tammare sidan sist vi traff dei. Litt risting med kraftfôrbøtta, og vips var vi omringa av vêrflokken.

Villsauidyll










Fleire av dei var fortsatt litt skeptiske og heldt seg litt på avstand, men Malo og Flekkfjes kom villeg heilt bort til oss for å få klapp og litt å knaske på. Det å temme vêrane slik at dei er rolege i lag med menneskjer er ein stor fordel. Villsauvêrane er ekstremt lite aggresive, men det er ikkje alltid like kjekt å måtte handtere skremde vêrar med store horn ut av innhegninga. Då er det fort gjort å få fingrane i klem i det vêren prøvar å komme seg laus. Den naturlege reaksjonen når dei vert fanga etter horna er å riste på hovudet, og med so mykje krefter i sving kan det vere lurt å vere forsiktig.

Det er ikkje berre villsauen som finn mat i lyngheia. Her sikrar Natalie frukosten før vêrane stikk av med blåbæra.

Seinare på sommaren er det gjerne fjerning av tistel som er den viktigaste aktiviteten. Tistelen har vorte ei plage på Uksnøya, men er no helden i sjakk og so smått på retrett etter fleire år med aktiv innsats for å bekjempe den. Meir om det kan du lese her.

Sommarane går som alltid alt for fort, og ikkje lenge etter villsauane nyt døsige dagar i villsaubeita er hausten rundt hjørnet. Hausten er den travlaste tida for ein villsaubonde, for då står både sanking og sortering på planen, før slakting og sal av kjøt kjem hakk i hel. Vêret på Vestlandet er i tillegg svært skiftande og hausttida er ofta prega av kuling og storm. Når godt over hundre dyr skal fraktast over eit vêrutsett havstykke, kan det verte mykje å attlete for. Heldigvis kan det vere flotte dagar om hausten også, noko vi fekk oppleve under årets haustsanking.

Haustsola går stadig lavare  på himmelen og då veks graset mindre og er mindre næringsrikt enn tidlegare.

Haustsankinga gjekk fint, og ein ekstra kjekk bonus var at Kårmund, morfaren min, fekk ta turen ut på Uksnøya. Ikkje mange månadane før hadde han grunna dårleg helse vore innlagt på sjukehus og seinare sjukeheim, men han hadde no kome seg til hektene igjen og heim til Fjørtofta, og denne helga skulle han på sauesanking.

Kårmund har aldri vore redd for å ta i eit tak, noko han også beviste denne dagen.
Dette året var vêret sopass bra at det var råd å halde att ein del av dyra å temme dei litt. Vi har prøvd dette tidlegare, noko du kan lese meir om her. Planen var å halde igjen årslamma som ikkje skulle slaktast, leiarsøya og dei av dyra som vi hadde hatt mest hell med å temme sist.

Lamma vi temte sist vart aldri so tamme at dei forlet flokken og kjem bort til oss, men når dei er sanka går dei gjerne litt ut av flokken for å helse på.

Natalie fôrar eit av lamma vi hadde temt tidlegare med høy

Seinare på hausten var det klart for slepp av vêrar. Vêrane kryssa fjorden endå ein gong, og ein kan undre om dei visste kva dei hadde i vente. Etter dei hadde hoppa ut av båten og opp på land, tok det ikkje lange tida før dei snusa og hadde fått ferten av søyene. Eg følgte dei med ei bøtte kraftfôr, for å prøve å halde dei tamme også etter at dei skifta beite. Dei stoppa fleire gongar for å få ein liten matbit, men ikkje lenge etter gjekk turen vidare målbevisst mot horisonten. Søyene var ikkje å sjå, men kursen var stødig og kunne kun bety at dei visste kor dei skulle.

Når flokken endeleg kom til syne bak ein haug, stoppa vêrane ein siste gong, fekk seg litt mat før dei nærmast sa takk for no og forlot meg til fordel for søyene. Når dei kom litt på vegen gjekk gangen over i sprang, og då var det på tide å gje dyra litt tid for seg sjølv for å friske opp gamle kjennskap.




Neste sommar skal vêrane vidare til ei anna besetning, noko som vert litt trist sidan dei har vorte so trygge på oss.

Ikkje før vêrane var frakta ut, kom den eine hauststormen etter den andre. Det vart vansklegare å krysse fjorden og vi var glade vi slapp å ta med dyra over fjorden i slikt vêr.

Kjartan ser over eit av dei brente beiteområda medan stormbygene piskar mot land


Lavtrykka kjem ikkje berre med dårleg vêr, men også med tare som er verdifull næring til dyra



























Villsauåret gjekk då mot slutten, men eit nytt var like rundt hjørnet. Då er spenninga knytt til om dei kalde vinterane vi har hatt av dei seinare åra også kjem dette året, eller om graset snart spirar grønt i bakkane medan dei forblåste rognetrea ventar på små lam som snart skal sprette rundt dei slik dei har gjort so mange år før.

onsdag 1. januar 2014

Tilbakeblikk på villsauåret som gjekk - del 3

Våren var komen for fullt, det vart varmare i veret, og det mangla ikkje på arbeid. Først ut var bygging av ei ny kai!

 

Når flytebrygga ute på øya må takast inn kvar haust for å unngå å verte knust av dei mange stormane som kvart år tek turen innom øya, vert det straks vansklegare å lande for å føre tilsyn med dyra. Vi hadde difor lenge drøymd om å få oss ei lita kai som kunne gjere det lettare å lande når flytebrygga er i opplag på Fjørtofta. Kjartan hadde samla deler i fleire år, og denne våren hadde han sveisa delane saman til ei kai. Planen var å krane den ferdige stålkaia på plass og forankre den fast i land.

Ein vakker vårdag tok vi tideleg fri frå arbeid og sette kursen utover. På Fjørtofta vart kaia lasta ombord og vi sette kursen mot Uksnøya. Det vart dessverre dårleg med fotografering under kraninga, då fellandes sjø og noko knapt med mannskap gjorde det heile til ei større utfordring enn vi sette pris på. Operasjonen vart ein kamp for å unngå at båten vart liggande fast på sanden når sjøen trekte seg unna. Heldigvis greidde vi til slutt å få kaia på plass og låst den i posisjon før båten fall tørr.

Terje og Kjartan arbeider med å låse fast kaia





Kjartan borrar hol i berget for å sikre kaia til land

På heimveg etter å ha fått kaia på plass - Uksnøya i bakgrunnen

Kaia i bruk kan du sjå her.

Neste ut var sommarsankinga på Uksnøya. Når dyra skal sankast må vi ha floa og fjøra på vår side. For å få alt til å passe, vart sankinga i år litt tidlegare enn vanleg. Dessverre gjorde dette i kombinasjon med ein sein vår at klippinga og nappinga vart vansklegare enn vanleg.

Ingjerd og Endre på veg for å starte driving av dyra frå aust




Noko av øyriket sett frå Høgværhaugen - spiringa etter lyngbrenning er tydeleg


Det var ikkje berre våren som var seint ute i år - her er eit reir med svartbakk- eller stormåse-egg

Villsauflokken er samla og arbeidet med klipping og napping kan starte


Juliane leiar ei nyklipt søye mot vekta

Caroline stiftar bekjentskap med eit av årslamma

Terje er meget godt nøgd med klippebukken som gjer at villsauen kjem i rett arbeidshøgde

Noko av spenninga dennen gongen var kor tam vêrane vi hadde kjøpt året før var. Dei var handtamme når vi kjøpte dei, men hadde gått i 8 månader i lag med flokken og vorte forvilla. Heldigvis gjekk det ikkje lenge før dei kom bort å snusa på oss og kraftfôret.

Natalie og vêren Malo finn tonen


Villsauane har luktkjertelen sin i anletet og finn det difor naturleg å helse ved å snuse og klemme.
 
Etter at villsauane er klare til å sleppast, går dei inne på tunet for å finne tilbake til lamma sine. Vi slepp dei so i samla flokk.
Sauesankinga gjekk flott og vêrane vart frakta på sommarferie på Fjørtofta. Kik innom for å få med deg neste del av tilbakeblikket vårt!

Villsausida ønskjer alle våre lesarar eit godt nytt villsauår!