tirsdag 18. februar 2014

Nærkontakt av tredje grad

Dei siste åra har vi arbeidd for å få dyra tammare slik at det vert lettare å føre tilsyn og å handtere sauene. Vi har mellom anna prøvd å temme lamma slik at vi gradvis skulle få fleire og fleire dyr som våga å ta kontakt. Sidan villsauane går ute året rundt på ei øyde øy, har dei ikkje mykje nærkontakt med menneske. Dei ser stort sett folk berre under tilsyn ein gong i veka, og det er berre under dei to sankingane vi kjem heilt innpå dei. I dag var det likevel duka for eit lite gjennombrot.

 

I strålande vintervêr tok vi turen ut til Uksnøya. Etter å ha leita litt på holmane der vi sist hadde motteke GPS-signal frå dei, oppdaga vi at dei hadde flytta seg over på sjølve Uksnøya. Då vi kom fram, gjekk eg og Natalie for å sjå etter dyra, medan Kjartan og Amalie gjekk laus på å skifte ut vatn og sjekke at alt stod bra til med husa.

Dyra stod ganske spreidt vest på øya, og når vi kom nærmare vart dei urolige og trekte saman slik som villsauar gjer når dei anar fare. Vi sette oss ned på ei tue, og prata stille og roleg til dei medan vi observerte dei gjennom kikkerten.

Det er viktig å ikkje komme brått på villsauane. Her skramlar eg litt med bøtta for å seie hei. - Foto: Natalie Fjørtoft


Vêrane hadde vorte temt før vi kjøpte dei, men dei var ikkje trygge på oss og då dei kom tilbake til flokken var det i alle fall fint lite som tyda på anna enn at dei helst ville vere i fred for oss menneske. Etter å ha temt dei skikkeleg i sommar når dei var i opplag på Fjørtofta, var håpet at vi også skulle greie å lokke dei til oss ute på Uksnøya. Dessverre var alle søyene i brunst alt for viktig til at dei kunne ta ei pause og helse på oss, so etter at vi hadde sleppt dei ut igjen har vi ikkje fått meir kontakt med dei.

Improvisert telelinse: kikkert framfor mobilkameraet kan gjere susen!

I dag tenkte eg likevel at vêret var so bra at det kanskje var verdt å sjekke om vêrane var leie av å varte opp alle damene og om dei kanskje hadde lyst til å friske opp gamalt vennskap over ein neve kraftfôr.  Etter å ha skrangla med bøtta kunne eg berre konstatere at det var ikkje den heilt store interessa. Dyra var heldigvis rolegare og fleire hadde lagt seg ned og tygde drøv. Etter å ha fått studert dei ei stund igjennom kikkerten, tenkte eg at eg skulle prøve å bevege meg rundt dei slik at eg fekk vinden i ryggen. Lukt er svært viktig for at dyra skal kjenne igjen menneskjer dei er trygg på, for ikkje å gløyme at lukta av kraftfôr kan då verte uimotståelig for dei.

Etter å ha rista godt i bøtta slik at lyd og lukt skulle friste dei, såg eg at vêrane kom litt ut av flokken for å sjå kva som skjedde. Eit par av dei var meir modige og kom nærare, og når dei andre såg kva som var i ferd med å skje kom dei etter. Eg flytta meg stadig lengre rundt dei for å få vinden endå meir i ryggen, og for å sleppe å ha sola rett bak meg. Når eg såg at kraftfôrstøvet frå bøtta vart teke rett mot vêrane, var spenninga stor om dette kunne gjere utslaget. Og jauda! Vêrane sette opp farta og kom rett mot meg. Då dei nesten var framme skjedde noko eg ikkje hadde forutsett; resten av flokken heiv seg etter vêrane og kom heilt innpå meg! Eit heilt unikt augeblikk i mi 20 årige karriere som villsau-entusiast! Etter litt hektisk snikfotografering, var Malo, den tammaste av vêrane, akkurat i ferd med å ete ta handa mi då ei av søyene lengre bak skvatt til og trekte med seg heile flokken. Gleda over å ha greidd å lokka til meg heile flokken vart fort snudd til fortvilelse over at dyra trekte seg unna og virka meir skeptiske.

Malo og resten av flokken på veg mot meg.


Eg venta litt, før eg roleg trekte endå lengre rundt dei og prøvde å få vinden på rett side igjen. Dyra stod no slik at dersom eg gjekk endå lengre rundt dei, var det naturleg for dei å trekkje bort frå meg og mot den andre sida av øya. Etter å ha lokka litt på dei, såg eg at interessa hadde heilt tydleg kjølna etter at dei vart skremt sist, og eg tenkte at no får det bere eller briste. Eg gjekk roleg rundt medan eg rista og snakka til dei. Når eg sette meg ned på huk, gjekk det ikkje lenge før vêrane kom springande og nærmast overfall meg i kampen om kraftfôret. Det vart amper stemning mellom vêrane om kven som skulle få ete, og rett som det var klinka dei i hop. Eg prøvde å dele ut frå begge hendene medan nokon andre fekk ete av bøtta, og det tok ikkje lange stunda før bøtta var tom.

Kvitfjes et av handa - 3 1\2 månader etter vi sist hadde kontakt.
Eg la merke til at ein av vêrane var ganske medteken i fjeset etter ei hard brunsttid, og kunne kanskje ha behov for medisinsk hjelp. Eg gjekk difor bort for å hente far min for at han og skulle få sjå på han, og for å hente meir kraftôr. Tilbake med flokken igjen kom to av vêrane og åt litt frå bøtta mi, men det var visst litt for skummelt med to personar, og ikkje lenge etter trekte dei seg unna. Heldigvis var det ingenting å seie på forma hans, og utover såret rundt auga såg alt til å stå bra til med han.

Kvitfjes ber preg av ei hard brunsttid og treng kanskje hjelp for å verte frisk.
Bøtta er tom, og vêrane undrar på kva dei skal ta seg til med no.
Planen om at dei tamme vêrane skulle trekkje med seg resten av flokken har altso lukkast! Av søyene som stod rett bak dei var det også mange kjente fjes, so det var heilt tydeleg at "tamheitsfôringa" har vore med på å roe dei ned. No gjeld det berre å halde jarnet varmt og greie å lokke resten av dyra nærare slik at dei også kanskje tør å komme bort for ein matbit. Mykje av formålet med dette er å kunne følje med dei på nært hald slik at ein kan oppdage skader på dyra og kanskje greie å skifte batteri på GPS-sendarane. Sidan vêrane no turte å kome nært meg igjen, håper eg å få følje ekstra med på vêren med skaden i fjeset. Kven veit, kanskje greier eg å behandle han ute på Uksnøya no som eg kan lokke han til meg?