søndag 30. mars 2014

Villsaudrift i eit globalt perspektiv

Har du nokon gong tenkt over kor maten din kjem i frå? Sidan dei fleste nordmenn framleis føretrekk norskprodusert mat, er svaret truleg ja. Men kor maten din faktisk kjem i frå, er mykje meir komplisert enn ein skulle tru.



Sjølv om ein stor del av maten vi et er merka produsert i Norge, vil det ikkje seie at maten faktisk er norsk. I ei tid der bøndene må effektivisere meir og meir for å prøve og halde følje med velstandsutviklinga og kostnadsnivået elles i samfunnet, har ein gått frå småskala og sjølvberging til større og større gardar som i stor grad er avhengige av tre ting: kunstgjødsel, diesel og kraftfôr. Desse tre faktorane gjer at ein gardbrukar i dag produserer svært mykje meir per årsverk enn det forfedrene våre gjorde. For å få hente ut gevinst, har ein også gått frå små nette dyr som fann mykje av maten sin i utmarka sjølve, til større og meir kjøtrike dyr som treng anten fullfôring eller tilskot av fôr i stor grad. Og medan det for mange nordmenn tidlegare var normalt med eit kjøtmåltid i veka, er dette i dag for mange endra til både 6 og 7 måltid. Mykje av denne veksten i kjøtforbruket kjem frå gris og kylling, som berre med nokre få unntak vert produsert innandørs og er fullfôra med kraftfôr. I dag kjem 40 % av råvarane til norsk kraftfôr frå utlandet, og om ein ser på den svært viktige proteindelen i fôret er heile 94 % importert.  I hovudsak kjem dette frå Brasil, eit land der avskoging av uerstatteleg regnskog skjer i eit voldsomt tempo for å forsyne vår umettelege appetitt på kjøt. Den siste tida har diskusjonen rundt bruken av palmeolje i norsk kraftfôr også blitt diskutert i media, både grunna helsemessige årsaker og belastninga palmeoljeproduksjon har på uerstatteleg natur.

Sjølvforsyning, berekraft og attgroing

Når ein ser på fjernsynet eller i avisene om korleis menneskje rundt om i verda kavar og slit for å dyrke mat i ørkenstrøk eller i næringsfattig jord, kan ein undre kvifor vår eiga matjord veks til eller vert bygd ned av hus og kjøpesenter. Svaret er såre enkelt; kostnadsnivået i Norge gjer det ikkje lønsamt å drive jorda for dei som bur her. Landbrukstilskota i Norge fungerer på sett og vis som ei kunstig andedrått for å hindre at ein total kollaps i norsk landbruk gjer oss heilt avhengige av import. Dei bidreg også med å sikre norske arbeidsplassar. Ikkje berre til gardbrukarane, men også til næringsmiddelindustrien, lokalbutikkar, verkstader, lastebilsjåførar osv. Mykje av Staten sine utgifter kjem på den måten inn igjen i kassa via skatt og avgifter. Tilskota er i stor grad politisk styrte for å pendle produksjonen av maten vår inn på sporet politikarane ønskjer. So langt har dette sporet vore meir og meir industrialisering av landbruket. Fôr- og mjølkerobotar, større traktorar og næringsrikt kraftfôr har vore nokre av faktorane som har sikra auka i effektiviteten

Dyrevelferd i ein industriell kvardag

Debatten rundt korleis dyra har det i denne nye røynda, blussar opp frå tid til anna. Innanfor spesielt kyllingproduksjonen har dyrevelferda i beste fall vorte sett på som tvilsom, med dyr avla fram til å vekse raskare enn skjelettet greier å bere dei, på små areal og heilt utan kontakt med naturen forfedrane deira ein gong var skapt for å leve i. Heller ikkje norske grisar får mykje «friskluft» eller tilgang til å finne maten sin ute i naturen. Situasjonen er betydeleg betre for storfe som får gå ute på beite på sommarferie, og snart skal dei også få moglegheit til å gå ut resten av året også. Storfe bidreg også i stor grad til å halde landskapet ope ved at ein stor del av kosten er norskprodusert grôvfor. Likevel er dei storferasane som er i produksjon i dag so store og tunge at dei ikkje kan nyttegjere utmarka slik dei tradisjonelle storferasane gjorde tidlegare. Dette er ein av hovudgrunnane til attgroinga i Norge. Norske sauar er endå "flinkare" enn storfe til å nytte norsk natur som matkilde, og sauen er dyret ein oftast treff i norsk utmark. Utviklinga med større og meir kjøtrike dyr har rett nok skjedd i mange sauehald også, med meir kraftfôrbruk og ikkje minst den naudsynte fullfôringa med grovfôr vinterstid for dyra som står inne. 

Politiske mål og sjølvforsyning

Når grada av sjølvforsyning er eit viktig politisk mål, må ein også ta med kvar maten dyra et kjem i frå. Då vert det endå viktigare å sjå på kva ressursar ein har til rådigheit, og korleis ein kan nytte desse. Og det er her villsauen kjem på bana. Den gamalnorske sauen er akkurat det motsette av det resten av norsk landbruk går for; den er liten, nøysom og uindustriell. Den har eigenskapen til å finne all maten sin sjølv, året rundt, gitt at beita er i god hevd og store nok, og at ein unngår dei aller største snøfalla. Utegangarsauen er rett nok mindre kjøtrik samanlikna med dei store sauerasane, men sett opp i mot kva som går «inn i sauen» er den svært effektiv og kan nyttegjere seg av «restane» den industrielle delen av norsk landbruk ikkje kan; utmarksbeiter, lyngheier, tang og tare. Og om ein kan redusere behovet for fôr frå innmark, frigjev ein også verdifull matjord til mellom anna grønsaksproduksjon, noko vi kjem til å trenge meir av i tida som kjem. Ei auke i villsau i utedrift vil ikkje berre redusere attgroing, men også produsere mat utan særleg bruk av kunstgjødsel, diesel og «regnskog-kraftfôr».

Eit anna viktig punkt er at dyra går ute i naturen og får utløp for naturlege instinkt og behov. Dei vel sjølv maten sin eller kor dei skal opphalde seg innan for områda dei har til rådigheit. Dei kan legge seg ned når dei ønskjer det, og veks i deira eige tempo. Om mat har ein moralsk prislapp på seg, trur eg villsaukjøt er noko av det rimelegaste kjøtet du kan ete.

 Økonomiske rammevilkår

Det er få som i dag driv villsau for pengane sin del. Dei fleste er entusiastar og har dyra som attåtnæring eller for å hindre attgroing. Dessverre har mange av desse dei seinare åra mista eit av insentiva for villsaudrifta si. Grunntilskotet for villsau for lammeslakt under 13 kg vart teke bort som eit ledd i få fram større slaktevekter, noko som gjer at ein anten må avle fram større dyr, eller halde lamma til dei er 1,5 år gamle. For begge alternativa er svaret ofte kraftfôr eller grovfôr frå innmark for å få slaktevekta høg nok til å få dette tilskotet, stikk i strid med det som bør vere målet i det større perspektivet. Eit anna problem er at fleire slakteri ikkje ønskjer å kjøpe slakt av villsau so lenge ikkje vektene ligg nærare det som er vanleg for anna norsk sau. Det er også signal om nye større omleggingar i tilskotsordningane der ein fjernar basistilskota og legg opp til at alle tilskota skal kome i form av slaktetilskot på dei største lamma. I sum skaper desse faktorane eit voldsomt press om stadig større slaktevekter, men dess større dyra vert avla fram, dess dårlegare vert dei til å greie seg av utmarka åleine. Dette er hovudårsaka til at dei fleste andre sauerasane står inne vinterstid. Dette presset har også ført til andre «kreative» løysingar, mellom anna at ein kryssar inn større saueraser for å få opp slaktevekta. Jaget mot større slaktevekt utgjer difor over tid både ein stor trussel mot villsaurasa og eigenskapen dei har til å nyttiggjere seg av utmarksareala vinterstid. På sikt kan det altso gjere at villsauen også vert avhengig av mellom anna tidlegare regnskogareal for å produsere «norsk mat».

Kystlyngheia - ein trua naturtype

Store delar av areala som er egna til villsaudrift på Norskekysten er i dag ute av drift og veks difor meir og meir att. Noreg forvaltar ein tredjedel av det totale arealet med menneskapt lynghei i Europa. Norge har difor eit særskilt ansvar, og det er villsauen som er den viktigaste reiskapen for å sikre desse lyngheiene.  Om ein hadde fått til ei attraktiv villsaunæring, der økonomien var god nok til at det vart eit press for å nyttiggjere seg av desse areala, kunne ein skapt arbeidsplassar i utkantane, hindra attgroing og produsert ein betydeleg del av norsk mat på norske ressursar. Kva virkemiddel og satsar som må til for å få til dette er ei meir kompleks sak som eg ikkje skal gå for langt inn på no, men ein god start hadde vore å gi gammalnorsk sau eit eige klassesystem og vektgrenser for å hindre at ein misser viktige tilskot som følgje av eit system som er tilpassa større sauerasar. Ei bevisstgjering av forbrukarane rundt konsekvensane av deira matval er også naudsynt, slik at dei ser at større ikkje alltid er betre.
Kystlyngheia - ein trua naturtype

 

Håp for ei betre framtid

I ei framtid prega av endå større knappheit om maten er mitt håp at ein ser på den totale prislappen; både moralsk, miljømessig og økonomisk, og vurderer korleis ein kan nyttiggjere seg av norsk natur og landbruksareal for å best mogleg produsere nok god mat med bakgrunn i god dyrevelferd. Mykje av løysinga er ein reduksjon i forbruket vårt av kjøt, men ein treng også ein meir berekraftig produksjon der ein ikkje legg uerstatteleg regnskog øyde for å produsere norsk mat medan vår eiga matjord og utmark gror att.