onsdag 26. november 2014

Analyse: Slaktevekt av levandevekt

Har du nokon gong lurt på kva slaktevekt du kan forvente når du veit levandevekta til eit villsaulam? Det har eg. Om du aldri har stilt deg spørsmålet, kan du truleg gå tilbake til å gjere noko anna. I alle fall; alle mine forsøk på å rekne på det ut i frå ein fast prosent har misslukkast. Det var difor på tide å ta eit dykk i talmaterialet.

 

Kva skal ein so med dette, kan ein spørre seg? Hovudpoenget er å kunne spå korleis slaktevektene vert, i tida mellom haustsanking og retur av slakt. Dette er nok ikkje alltid like interessant, men for dei som skal vidareselje kjøtet direkte til kundar, kan det vere greit å få ein peikepinn.

Eg har i alle fall analysert årets slaktedata, og samanlikna dei med levandevektene til lamma tre dagar før slakting. Det skal nemnast at 2014 var eit svært godt år, med den beste klassinga vi har hatt på villsaulam frå Uksnøy.

Først tek vi ein kik på totalen, altso både søyelam og vêrlam. Den gråe streken er trenden, altso glatta mellom bølgedalane.


Om vi ser på denne isolert ser vi at trenden er at dess større dyra vert, dess mindre i % vert slaktevekta! Det var i alle fall ein overraskande konklusjon, so her måtte det gravast djupare.
Vi tek ein kik på vektene fordelt på kjønn.


For vêrlamma ser vi altso at slaktevekta vert større i % dess større dyra vert. Altso motsatt av totalen.



Her ser vi at trenden nærmast er heilt flat. Kvifor ser ein då at totalen viser eit sopass merkeleg bilete? Jau, svaret er rimeleg enkelt: søyelamma er mindre, men har ein høgare kjøtprosent enn vêrlamma. Om du ser på tala i tabellane ser du at når ein kobinerar dei to, fell vekta grunna at dess lenger til høgre ein kjem (tyngre dyr), dess ferre søyelam er det med å drage opp snittet.

Konklusjonen min, basert på årets tal, er at ein kan vente 40,5 % slaktevekt av levandevekta av søyelam, medan det for vêrlam startar på rundt 37% og aukar opp mot 40,5 % for dei største lamma. Eg vart litt overaska over at søyelamma låg jamt høgre enn vêrlamma, og at dei minste søyelamma held like høg prosentvis slaktevekt som dei større dyra, sjølv dei aller største vêrlamma.

Årets resultat var altso veldig bra mtp klassing, noko du ser på grafen under.


Heilt til slutt tenkte eg å nemne ei lita moro-fakta som viser kor stor variasjon det kan vere i dette med vekt, tilvekst og klassing på villsau. Vi fekk i år eit nytt vêrlam mellom sankingane. Lammetidspunkt er truleg i juli. Når vi sanka i haust hadde det ei levandevekt på 25 kg, og hadde ei slaktevekt på 9,8 kg. Lammet vart klassa til O+, og hadde feittklasse 2. Ikkje verst for eit lam på rundt 3 månader!

Det skal seiast at dette er ein vitskap med mange usikre punkt. Lammetidspunkt, genetikk, tvillingfødslar, alder på mor og mattilgong til både mor og lam er faktorar som truleg vil vere med å avgjere dette. Ein kan til dømes vente at dyr i magrare år veks meir i størrelse enn dei veks i kjøtfylde. Det er først når ein kan sjå dette over fleire år, og aller helst mellom fleire besetningar ein kan gje noko som kan likne på ein fasit.