mandag 21. desember 2015

Villsauskinn som julekvelden på kjæringa!

Då meldinga kom om at årets ladning med villsauskinn var klar for henting, trudde eg det knapt. No? Vanlegvis går no både april, mai og kanskje juni før vi får opne slike spennandes pakkar! Men vi takkar og bukkar, og kanskje kan dette hjelpe ein og annan stakkar som endå ikkje har sikra julegåva til nokon ein har kjær.

No er skinna delt mellom oss som skal selje dei, og her er dei eg har sikra meg for sal.



Kven av dei synes du var finast? Legg gjerne igjen ein kommentar!

søndag 13. desember 2015

Tilsyn i mellom byger og storm

Medan mange rundt om uroar seg for om det er nok hjortetakksalt i årets ladning med julemenn, har det for min del vore eit større problem med alt det dårlege vêret som har kome inn over kysten vår, og gjort det vanskeleg å krysse fjorden ut til Uksnøya for å sjå etter sauane. 

Laurdag vart det heldigvis ei glipe mellom dei verste stormane, og då gjeld det berre å kome seg ut. Når att på til sola kika fram, kan ein berre drage eit djupt drag med frisk sjøluft ned i lungene og senke skuldrane i førjulsstria.

Marius er skjeldan vanskeleg å få med på tur ut til sauane
Når kaia står under vatn pga stor flo, får ein nytte gamlemåten



























Normalt får ikkje sauane på Uksnøya tilleggsfôring, men i år nærmar "best før-datoen" på naudfôrlageret vårt seg, og vi sper då på kosten med nokre kilo med tørrhøy i ny og ne slik at vi får tømt lageret. Etter ein tur bort på tunet for å legge ut litt høy i fôrhekkane, tok vi med litt høy rundt øya og ut på holmen dyra stod på. Då kan vi bruke fôret til å gje dei relativt skye dyra gode assosiasjonar til oss, og vinterstid er den lettaste tida å få temt dyra. Dyra spring mindre for å bevare energi, og sett sjølvsagt større pris på ein munnfull høy enn når markane er fulle av friskt grønt gras. Når vêrane er tamme i tillegg, vert det lettare å lokke flokken nært innpå seg.

Ingenting å seie på utsikta i det vi rundar rundt Uksnøya












Skarv og måse tek ein kvil etter ei h
ektisk julestri









Storm og styggevêr er ikkje berre dumt, då kjem det masse godt fôr opp i fjøra - noko sauane veit å nytte seg av

Flokken kosar seg med ein smak av sommar



Ikkje heilt ulikt ei viss scene frå Rambo
Apollo, ein muskuløs vêr vi kjøpte av Egil Kvalsund, fekk namnet sitt etter boksaren i Rocky-filmane

Det var det for denne gong, so får dåkke alle ha ei fortsatt god førjulstid!

mandag 16. november 2015

Kunsten å ta seg betalt

Villsaunæringa er ikkje først og fremst kjent for lønnsemda si. Ein kan kanskje klage over både det eine og det andre, men noko av skulda ligg nok hjå næringa sjølv. Eg snakkar om kunsten å ta seg betalt.

For mange utgjer tilskot frå stat og fylke meir enn det ein får for produkta ein sel. Rett nok kjem det her også inn tilskot for kulturlandskapspleie og beite av dei viktige kystlyngheiene, som det naturleg nok er vanskeleg å få betalt for i den opne marknaden. Likevel har vi eit ansvar for å ta betalt for varene våre. Om ein skal auke produksjonen av mat produsert i Norge, på norske ressursar, treng ein meir enn ein gjeng idealistar som driv utan at det gjev noko att i lommeboka!

Dyr som har levd gode liv og ete det beste kysten har å tilby, gjev mat med høg kvalitet!

Det som truleg skil mange av villsaubøndene frå anna norsk landbruk, er at det er fleire som driv med dette som hobby. Ikkje det at det er so mange andre heller som greier seg av landbruket åleine i dag, men innan villsaudrifta er det nok mange som har økonomi langt ned på prioriteringslista. Då vert det kanskje enkelt å "gje bort" produkta sine. Og slikt fører til dårleg økonomi. Ikkje berre for den som sel rimeleg, men også for kollegaen i nabobygda som prøvar å ta seg betalt, og kanskje skal leve av dette.

Utan dokumentasjon vil eg påstå at villsaukjøt er noko av det betre du kan ete. Vel, heilt utan dokumentasjon er eg ikkje; tilbakemeldingar frå fornøgde kundar tyder på at det ikkje er langt unna sanninga. Samstundes må eg vel nemne at det kan vere er stor skilnad innad i kategorien, alt etter kor dyra går og kva vekstar dei et; men jamt over er dette er produkt vi kan vere svært stolte over!

Kva er so rett pris? Er det det marknaden er villeg til å betale? Eller er det det det kostar å produsere vara? Ein kan kanskje seie at desse to faktorane normalt skal finne same nivå om det skal finnast ein marknad for produktet, men det er før subsidier, lokketilbod, idealisme og kanskje også uvitenheit kjem inn i reknestykket. For det er i alle fall ikkje produksjonskosten som pregar prisbiletet i dag. Sjølv skulle eg likt å teke litt meir betalt for kjøtet vi produserar, i alle fall når ein veit at kostnadane stig betydeleg år for år. Dessverre kan det verte vanskeleg å forsvare høgare prisar når det er fleire i regionen som sel so billeg, at eg er sikker på dei sel med tap. Eit lite apropos er at matbutikkane dumpar prisane og nyttar lammelår og svineribbe som lokketilbod. Slik hjelp sjølvsagt heller ikkje. Når maten vert selt ut nærmast til prisen av emballasjen det er pakka i, tek det bort respekta for arbeidet som ligg bak, og oppdreg kundane til at mat ikkje skal koste noko. Mange hugsar nok då svineribba var selt til 9,90 kr/kg, noko som førte til at folk brukte det til hundemat? Slikt fører i alle fall ikkje til aukt lønnsemd eller respekt for dei som dreg det tyngste lasset med å få maten på bordet; bøndene. Det einaste mottrekket eg kan sjå, er å selje ei historie og produkt med unik smak, som folk er stolte av å servere både seg sjølv og heldige gjestar. Hugs at prisen er også med å påverke smak og oppleving; når svineribba kostar mindre enn ein ferdigpizza, bidreg det ikkje akkurat til å gjere julemiddagen meir eksklusiv.

Villsaukjøt - ei delikatesse frå kysten


Men la oss sjå litt på prisane på villsauslakt. Eg skal ikkje sei kva pris du bør ta, men tenk nøye over korleis ditt reknestykke bør sjå ut. Minimumsprisen din bør i alle fall vere slik at du tener litt meir på å selje kjøtet ditt til sluttkundar enn å la slakteriet behalde det, men det ser det ikkje alltid ut til at folk gjer. Om du skal finne denne prisen, må du starte med prisen du får for kjøtet om du sel det til slakteri. So legg du til kostnadar for frakt, partering, pakking og andre utgifter dei skal ha for å ordne det for deg. So kjem tida du brukar på å selje kjøtet, avtale henting og levering, fakturering og normalt også ein pris per billag frå rekneskapskontoret som skal føre rekneskapet ditt. Kanskje får du ikkje betalt for alt du leverer også, eller nokon er bortreist og du brenn inne med leveransen. Når du ha teke med alle desse postane går du altso i null, men du har no i alle fall fått betalt for tida di. Om du sel kjøtet rimelgare enn dette, kan ein seie at ein taper pengar på heile operasjonen. Og om ein har i tankane at prisane som ein får betalt frå slakteria er langt under det det kostar å produsere vara, burde ein heller arbeid for å fått betre betalt, ikkje mindre! Eg har i alle fall den trua at på sikt er heller ikkje kundane tent med å betale for lite. Då fell vara eller tenesta bort, Norge veks igjen, og alle partar taper.

Når det kjem til prisen på villsauskinn, er prisen eg betalar for å bereide skinna ofte høgare enn desse "skinna" ein får kjøpt mellom anna på IKEA. Men når vi kan produsere svært flotte skinnfellar, som både er fargeekte, toler vask og kan lyfte ei kvar velinnreidd stove til nye høgder, treng vi ikkje konkurrere med dei på pris. Det fins ein marknad for produkt med høg kvalitet og ei spennande historie. Mi oppleving er i alle fall at kundane er villege til å betale for seg, når vara held høg kvalitet og når det er noko dei verkeleg sett pris på.

Mat må dei fleste av oss ha, og folk hadde nok kjøpt mat sjølv om den kosta litt meir. Det er difor synd at ein skal verdisette norsk mat av beste sort slik at vi undergrev målet om auka matproduksjon på fornybare ressursar her heime. Det sett også krokfot på dei som prøvar å livnære seg av dette. Tenk på det før du gjev bort neste års produksjon.