søndag 25. januar 2015

Villsau for ein kvar pris?

Når ein skal drive med sau, anten det er for å halde landskapet ope, stelle beita, kjøtproduksjon eller som rett og slett som hobby, må ein vurdere kva rase ein skal drive med. For mange er svaret Gamalnorsk sau, også kjent som villsau. Men er det valet alltid rett?

For ikkje mange tiår sidan var Gamalnorsk sau nærast borte, men vi har sidan midten av nittitalet opplevd ein stor vekst i talet på dyr og besetningar. Ein finn no villsau rundt om i heile Norge, frå inste fjord til ytste nes og holme, truleg finst det rundt 40 000-50 000 overvintrande dyr. Mange stadar finn sauane all maten sin sjølve, sommar som vinter, medan andre stadar står dei inne på fullfôring vinterstid.

Hovudgrunnane til at villsauen har opplevd denne renessansealderen er nok at fleire og fleire gardsbruk har anten gått ut av produksjon eller gått gjennom ei voldsom industrialisering. I kjølvatnet av dette har det opna seg ei nisje i å halde utmark og mindre beiteareal i hevd ved hjelp av "uindustrialiserte" dyr. Ein har altso sett verdien av å halde landskapet ope der store traktorar og tunge kyr ikkje kjem til, for ikkje å snakke om å halde den truga landskapstypa kystlynghei i hevd.




Før vi går vidare, skal eg gå gjennom kva som gjer den Gamalnorske sauen so spesiell.

Gamalnorsk sau er som du kanskje veit, i nær slekt med dei opprinnelege sauerasane. Den er med andre ord framleis ganske lik "den opprinnelege sauen" sidan den ikkje har blitt avla so mykje på for å få fram dei eigenskapane den har, og den har difor eit stort genetisk mangfald. Felles for alle artar med stort genetisk mangfald, er at dei som art er betre rusta til å møte nye utfordringar. Dette kan anten vere sjukdommar, endring i miljø (klima, forureining mm) eller endra bruksbehov. Hadde det ikkje vore for at villsauen sleppte ulla sjølv, og difor hadde ullstrå med tette endar som gjorde den ekstremt godt egna til å lage sjøvottar til bruk på fiske, ville den truleg vore utrydda. I dag har polymer-industrien gjort slutt på dette behovet (i alle fall enn so lenge), men andre eigenskapar har no teke over som like viktige. I dag er det i all hovudsak fire ting som gjer villsauen so populær: 1. enkle lammingar. 2. emna til å vekse, trivast og produsere på beite som er for dårlege til større raser. 3. svært lite sjukdommar. 4. kjøtkvalitet i verdenstoppen (?).

Medan dei enkle lammingane gjer at "kven som helst" kan drive med villsau utan å måtte ha fulltidsjobb under lamminga, gjer det at den kan pusse beite, utmark eller truga kystlynghei at dei fyller nisja av industrialiseringa svært godt, og at samfunnet er villege til å gi økonomisk støtte for jobben vi og sauane våre gjer. At den generelt er frisk og har emna til å sjølvmedisinere seg mot ein del plager og sjukdom, er sjølvsagt og ein stor fordel, både for dyr og eigarar. Kjøtet frå villsau vinn stadig viktige prisar for kvalitet, og ettersom trenden med lokal og meir berekraftig mat vinn meir og meir moment, er dette med på å drive rasa fram i lyset igjen.

Likevel finst det andre raser som også er aktuelle til i alle fall ein del av bruksområdet. Gamalnorsk spælsau er ei av dei. Det er ei sauerase som er avla fram frå Gamalnorsk sau. For å gjere det veldig enkelt kan ein seie at Gamalnorsk sau (villsau) er kystvarianten, medan Gamalnorsk spælsau er innlandsvarianten. Sjølv om Gamalnorsk spæl normalt gjev både fleire og større lam enn villsau, har ein ikkje fått til same utviklinga i talet på dyr som for villsau. Rasa har vore truga, og ein skulle gjerne hatt fleire som starta opp for å greie å bevare denne for framtida. I ei tid der mange ser seg om etter alternativ for å få opp slaktevektene, både ved hjelp av avl og ein betydeleg kraftfôrbruk, er dette eigenskapar som burde tale til fordel for Gamalnorsk spæl, og andre raser. Overgangen til Gamalnorsk spæl ser dog ikkje ut til å skje.

Det som derimot skjer, er at eg stadig oftare høyrer og les om folk som som driv med villsau som er so opptekne av storleiken på slakta og dei økonomiske resultata det gjev, at ein gjer tvilsame grep for å oppnå dei. Det ser no ut til å vere ein akselererande trend å blande inn andre raser for å få opp slaktevektene. Paradokset er at med dette prøvar ein å gjere opp igjen jobben som gardbrukarar rundt om i Norge har gjort dei siste hundre åra. Dei som gjorde dette avlsarbeidet, og dei som seinare dreiv avlsstasjonane hadde truleg mykje meir kompetanse på sau enn det mange av dei som driv med kryssing i dag har. Ein kan difor stille spørsmålet: er dette er rett veg å gå? 

Vil ein oppnå ei ny rase som har alt ein kan ønskje seg, utan nokon av bieffektane dette fører med seg? Vil ein kunne få ein større og endå meir kjøtrik sau, som kan greie seg på lite, lamme lett, halde seg frisk og rask og ikkje minst levere den kjøtkvaliteten vi i dag kjenner? Svaret er heilt klart nei. Ein har ikkje klart dette tidlegare, verken i saueavl eller noko anna form for dyreavl, og ein vil ikkje greie dette i framtida. Eg skal ikkje gå alt for langt inn i grunngjevinga til dette, men mykje av dette kjem ned til enkel biologi. Store muskuløse dyr treng mat med meir næring i. Dei får også vanskelegare fødslar. Målretta avl og kryssing er også negativt for rasa si emne til å halde seg friske. Sjå berre til hunderasane. Kvaliteten på sauekjøtet heng også saman med driftsfôrma. Ikkje tru at silo og kraftfôr gjev same smak og næringsverdi i kjøtet som einer, lyng, sopp, tare og strandeng.

Mi frykt er at når mange nok kallar desse hybridane eller avlsresultata for villsau eller Gamalnorsk sau, vil ein kunne øydeleggje den Gamalnorske sauen slik vi kjenner den, og med det sjølve fundamentet til det som gjer denne rasa so ettertrakta.



I sum er det alle vi som driv med Gamalnorsk sau som forvaltar rasa. Anten ein har peiling eller ikkje. Antan ein likar dei lyse eller mørke, store eller små, dyr som lammar lett, eller dyr som treng hjelp, er vala kvar enkelt villsaubonde tek med å sette retninga for kvar vegen går. Dei fleste er avhengige av å bytte vêrar eller kjøpe livdyr til nye besetningar. Om nokon då har putta inn "ureint blod" i flokken eller avla fram dyr med eigenskapar som ikkje er foreineleg med kva villsauen skal brukast til, kan dette få store negative konsekvensar. Det kan i tillegg vere vanskeleg å plukke opp for dei som skal kjøpe dyr, spesielt for dei med mindre erfaring, noko det noko det naturleg nok er mange av. Hugs at det ikkje berre utsida som tel; mykje av genmaterialet ligg skjult, og kan først slå ut i seinare generasjonar, både i form av vanskelegare lammingar, sjukdommar og adferdsendringar. Slike innkryssingar er heller ikkje råd å angre, so lenge ein ikkje har svært god kontroll på kven av dyra som er blandingsrase og kan plukke dei ut.

Om ein avlar fram dyr som ikkje har desse føresetnadane vil ein truleg oppleve ei auke i dyretragedier, som både vert trist for dyra det gjeld, men også for rasa og næringa. Mattilsynet og andre instansar vil effektiv, med eksempelets makt, og med god grunn, kunne gjere drifta so vanskeleg for alle at det for mange ikkje lenger vert råd å drive. Eit skada omdøme vil også sette den økonomiske stønaden som ofte er avgjerande for at drifta går rundt i fare, for ikkje å snakke om dei som støttar næringa ved å kjøpe kjøt og andre villsauprodukt. Dette vil skade både seriøse og useriøse villsaubønder. Mitt håp er at Mattilsynet er klar på at dette ikkje er akseptabelt innanfor dei meir ekstensive drifsformene, og slår ned på dette når dei kan.

For å strø salt i såra, er det i dag fleire av dei som fjuskar med innkryssing som sel varene sine som villsau, sjølv om det ikkje er villsau dei sel. Dette gjer at dei som driv på tradisjonellt vis kjem dårligare ut om ein samanliknar storleiken på slakta, og pressar endå fleire ut mot freistinga. Eit anna problem er at kvaliteten til merkevara villsau vert svekka, sidan ein ved å krysse inn andre dyr kan forringe kvaliteten på kjøtet som er noko av det som kjenneteiknar rasa. Heldigvis har Norsk Villsaulag no fått retten til å merke kjøt frå godkjente besetningar med "Villsau frå Norskekysten". Dette kan vise seg å verte ein viktig reiskap i å stoppe dei som driv med ureint spel i å selje varene sine som villsau.

So tilbake til det vi starta med: er villsau alltid rett? Svaret er heilt klart nei. Villsauen er ofte eit svært godt alternativ, men ikkje alltid. Sjølv om mange fleire i Norge burde starta opp og drive med rasa Gamalnorsk Sau for å auke norsk matproduksjon, er det fleire av dei som i dag driv med Gamalnorsk Sau burde heller dreve med feks Gamalnorsk Spæl eller Svartfjes.

Eg vil difor avslutte med ein liten appel: driv du med eller vurderar du innkryssing av andre raser? Stopp og tenk. Er der andre raser som passar betre til di driftsform? Kjenner du til dei langsiktige konsekvensane av innkryssing og målretta avl utover rasenormen? Og om du gjer dette, sel for all del ikkje kjøt eller dyr som villsau når det ikkje er det du har å tilby. Om du kjenner andre som driv på denne måten, ha mot til å konfrontere dei med konsekvensane dette vil gje på sikt. Om du er sluttkunde, still krav til at dei du handlar med driv med ekte villsau - og i framtida; sjå etter merkenamnet "Villsau frå Norskekysten"!


Villsauen og menneskja sine spor fylgjer kvarandre langt tilbake i historia - kor går vegen vidare?