søndag 28. juni 2015

Årsmøte i Norsk Villsaulag

Helga 5.-7. var det duka for årsmøte i Norsk Villsaulag. Det var Frøya og Hitra Villsaulag som arrangerte, og forventningane til ei spanande helg med masse villsaustoff var høge.

Fredagen var det ingen aktivitetar på planen, anna enn at vi i styret skulle samlast og legge siste hand på sakene som skulle presenterast. Eg henta Alv Ottar Folkestad på bussterminalen, og vi sette kursen nordover. Alv Ottar er kanskje mest kjent som tidlegare leiar i Norsk Ornitologisk foreining, og vår fremste havørnekspert. Med ein slik gjest i bilen, kan eg seie at turen opp vart eit høgdepunkt i seg sjølv. Eit hundretals fugle- og røvarhistorier seinare, kom vi fram til Hemnskjela, midt i Trondheimsleia, der årsmøtet skulle haldast.

Laurdag starta dagen med det formelle årsmøtet, der det mellom anna vart halde val. Helge Stranden, som har vore leiar i Norsk Villsaulag i 7 år, takka av i år, og vart avløyst av Alv Ottar, som var nestleiar fram til årets årsmøte. Fleire nye fjes vert det også i styret, sidan to andre styremedlem også hadde takka nei til attval. Det vert spanande å bli kjent med desse, og å kome i gong med vidare arbeid i Norsk Villsaulag.

Helge mottek blomar for lang og tru teneste i Norsk Villsaulag


Etter den formelle delen var ferdig, var det Vibeke Lind frå Bioforsk på Tjøtta som skulle presentere funna i deira forsking på Gamalnorsk sau. Som du kanskje fekk med deg, la dei i fram ein spanade rapport, som mellom anna peika på at ein kan oppnå gode resultat og god dyrevelferd i utedrift. Heile rapporten kan du lese her: Gammalnorsk sau i unike kulturlandskap



Presentasjonen var kjempebra, og Vibeke kom med fleire spanande fakta frå forskinga. Den påfølgjande debatten rundt funna engasjerte dei frammøtte slik, at ordstyraren til slutt måtte heve stemma for å hanke inn kontrollen på alle som ville ha ordet. Forsamlinga var einige i at det var svært viktig med forsking og fakta om drifta og Gammalnorsk sau, og mange gode forslag til vidare forsking kom på bordet.

Eg skulle eigentlig halde ein presentasjon av arbeidet med å utforme ein rasestandard for Gammalnorsk sau, men sidan debatten om villsauforskninga var so god, kom vi til at vi fekk ta det at ved eit seinare høve.

Før festmiddagen vart det tur til ei villsaubesetning på Hemnskjela, der vi også fekk omvising i dei gamle tyske festningsverka på øya.

Etter ein flott festmiddag, gjekk turen opp på loftstova på ei av rorbuene, der debatten og villsaupraten gjekk utover kveld og natt. Ein viktig del av slike samlingar er å stifte kjennskap til andre i næringa, og ikkje minst utveksle erfaringar og syn.

Søndag gjekk turen til Dalpro, ei veksbedrift på Hitra som har satsa på hjort og villsauslakting. Der fekk vi omvisning i slakteriet, og ein god debatt rundt deira virke i å utvikle produkt av villsau. Dalpro slaktar ca 2000 villsaulam i året, og ein heil del av dette vert vidareforedla der. Produkta frå Dalpro har fleire gongar vunne dei gjevaste matprisane i Noreg, og fleire av desse er laga av villsau frå Hitra og Frøya. Veggane var fulle av diplomar, noko som gjer at dei snart må til å utvide! Heldigvis fekk vi lurt oss til å handle litt i utsalet deira, slik at dei heime fekk noko å glede seg til.

Sverre Johansen fortel om den spennandes utviklinga ved Dalpro
Dei siste diplomane var enno ikkje oppkomne, det spørs om veggen må utvidast.
Godbitar til sals for dei som tek turen innom utsalet til Dalpro på Hitra
Driv du med villsau og er enno ikkje medlem i Norsk Villsaulag? Kva ventar du på? Ikkje vert du blakk, og du får anledning til å vere del av eit viktig arbeid for å bevare villsau, sikre interessene til villsaunæringa, og ikkje minst ta del i spanande aktivitetar knytt til villsau og lyngheiskjøtsel.

Klikk her for å lese meir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!