onsdag 14. oktober 2015

Statistikk - trivelege tal (eller rettare sagt bokstavar)

Slaktelistene har kome i hende, og ein kan ikkje anna enn å glede seg over eit godt resultat, i alle fall når det kjem til klassifiseringa av dyra vi sendte.

For deg som ikkje veit kva klassifisering er, kan ein kjapt sei at det er ei form for karaktersetting for slakta. Det heile kan vere ganske komplisert, og ein må vere godkjent klassifisør før ein kan arbeide som klassifisør på eit slakteri. Då må ein mellom anna vurdere kjøtsetnad, feitt, beinmengde, osv. Men det skal vi ikkje gå inn på no, utover å sei at E+ er best, og P- er dårlegaste karakter, der bokstavane EUROP (som systemet heiter), utgjer skalaen. For årslam av gamalnorsk sau utan oppfôring på mellom anna kraftfôr, er normalt O bra, og R svært bra. Grunnen til det er at denne rasa ikkje er avla for å gje store slakt, og får difor normalt lavare karakterar.

Men før vi kjem inn på sjølve statistikken, so vil eg gjenta åtvaringa frå i fjor om at det fins tre typer lygn; svarte lygner, kvite lygner og statistikk. Les gjerne posten frå i fjor om du ikkje har gjort det før, den kjem inn på ein del kritierier for tolking av statistikkane rundt villsaudrift.

Trykk gjerne på bilete under for å få sjå det i større format.












Som du ser er 2015 det beste året klassifiseringsmessig dei siste ti åra. (Vi hadde ikkje so gode resultat før 2005 heller). Kor mykje som skal tilskrivast vêrane er litt tidleg å seie, men vêret og temperaturen vi har hatt i vår og sommar er kjent for å gje optimale forhold for god vekst for sauer.

Snittvekta på slakta lam vart 11,23 kg i år mot 10,91 kg i 2014. (Vi sender også små lam til slakt, noko som sjølvsagt dreg ned tala samanlikna med dei som fôrar dei minste over).

NB: I år hadde vi usedvanleg mykje vêrlam, faktisk 40 % søyelam og 60 % vêrlam, noko som truleg også hjelp på.