søndag 20. november 2016

Brunsttid i havgapet

Det er no to veker sidan vi slapp ut vêrane, og vi var spente på om brunsten var komen skikkeleg i gong på Uknsøya. Vanlegvis tek det eit minst eit par veker frå vi slepp ut vêrane til søyene fattar særleg interesse for friarane. Akkurat når det skjer, vil vere avgjerande for når ein kan vente dei første lamma til våren.

Natalie nyt finevêret på veg utover

Før vi tok turen til sauane, skulle vi svippe utom sitkagranskogen på Høgvêret for å prøve å få litt oversikt over talet på tre og kor store dei er. Vi er so heldig å ha Liv Guri Velle på laget i arbeidet med å få utarbeidd ein skjøtselsplan. Ho er innleigd av fylket for å hjelpe oss, noko som kom i stand etter at vi vart A-lokalitet.


Med den minste båten er det lett å gjere strandhogg. Her er vi i Djupvaulen på nordsia av Høgvêret
Båten er fortøydd, og turen ber ut i lyngheia


Det vart sjølvsagt tid til å glede seg litt over kor fint røsslyngen står i brannflata
Siktagran i kystlyngheia
Frøspira sitkagran - den veks seint, men før eller sidan vert dette store tre

Etter å prøvd å finne talet på trea, og korleis dei var spreidd i størrelse, bar det med båt til Øyarenden der sauane gjekk. Vi hadde med oss litt tørrhøy, for å sjå om sauane fortsatt var tamme nok til å kome til oss. So langt har det vore dei tamme vêrane som har drege med seg resten, men dei hadde nok andre ting i tankane denne tida, so forventningane var ikkje alt for høge til at vi skulle få dei nært oss.


Skal, skal ikkje. Jauda, lukta av tørrhøy frista nok til å snu seg tilbake mot oss.

Ein smak av sommar
Ei av søyene smakte like godt litt på skoen min - so nær har eg aldri hatt dei i det fri før
Vêren Palmar har blitt sår i panna etter all slostinga - her må vi følgje med at ting ikkje vert betent




Vêrane var mest opptekne av å slost, og aller helst jage dei andre vêrane vekk i frå flokken. Klikk på bilete under for å sjå video.



Som mange av lesarane truleg kjenner til, er det er ikkje nok at den eine parten vil. Fleire av vêrane prøvde å ri, men søyene ville ikkje stå for vêren og smatt unda. Slikt vert det altso ikkje lam av. Men den som har tolmod til å prøve å imponere søyene endå ei stund, får som regel sleppe til til slutt. Jaja, no får eg slutte å skrive, og heller freiste lukka med kjæringa!

Ha ein fortsatt fin kveld!

onsdag 26. oktober 2016

Svar til Reidar Christiansen - "Liten, stor, større, størst – eller passelig?"

Reidar Christiansen skreiv i ei tidlegare utgåve av medlemsbladet «Villsauen» ein artikkel knytt til størrelse på gamalnorsk sau. Bakgrunnen for denne var arbeidet med rasestandarden som det då vart arbeidd med i Norsk Villsaulag. Sidan eg sit i styret i NVL, og er sakshandsamar i arbeidet med rasestandarden, er det utfordrande å kunne kommentere ei slik sak utan å vere til ei viss grad farga av dette arbeidet. Eg presiserer likevel at dette svaret er mitt personlege syn, og noko som kan avvike frå NVL si offisielle stilling i saka. Mitt svar kom først på trykk i siste utgåve av "Villsauen", men for dei som ikkje abbonerar på bladet, kjem svaret mitt her:

For dei som ikkje har lest denne artikkelen, dristar eg meg til å oppsummere svært kort. Reidar ønskjer at ein innanfor rasa avlar fram betydeleg større dyr livdyr som kan levere to lam med mimimum 13 kg slaktevekt. Han ønskjer difor at rasestandarden ikkje skal seie noko om vekt på livdyr, utan å poengtere at det er eit stort spenn. Han kjem med ei rekkje viktige poeng knytt til å tilpasse dyretalet til beita, både for å sikre dyrevelferda, men også for å maksimere økonomisk utbytte.

Først og fremst vil eg berømme Reidar for hans engasjement og kunnskap om både sau og tilskotsordningane. Mykje av artikkelen hans er eg einig i, men eg eg nok ganske ueinig i ein del av konklusjonane hans.

Gamalnorsk sau har som også Reidar påpeikar, eit stort potensiale til å vekse seg rimeleg store. Betydeleg større enn mange dyr vert i dag, og det utan å gjere utval eller drive med innkryssing. Dette potensialet er noko av det som gjer rasa interessant, både for dei som driv med tilleggsfôring og for dei som driv meir ekstensivt; slik som vi gjer på Uksnøya, med gode resultat. Reidar tek til orde for å auke dette spennet, slik at den delen av næringa som driv intensivt, kan auke utbyte betydeleg.

Kor mange og kor store lam skal den gamalnorske sauen produsere?

Rasestandard og ekstensiv drift

Vår drift på Uksnøya ligg rimeleg nært den historiske måten å drive på. Den er ekstensiv, og dyra greier seg stort sett sjølve. Men for at vi skal kunne drive forsvarleg, treng vi ei rase som er lett nok til å vere mobil i terrenget, kunne lamme utan komplikasjonar, vere gode mødrer og nøysam nok til å normalt greie seg utan tilleggsfôring. Gamalnorsk sau er sjølvsagt ideell til dette formålet og gjev svært gode resultat, forholda teke i betraktning. Det var nok mange av dei same kvalitetane som gjorde at gamalnorsk sau var populær der ute på øya i tidlegare tider.

Når det gjeld storleiken på gamalnorsk sau, er det vanskeleg å vere kategorisk. Historisk sett veit ein at dyra var mindre enn det dei fleste av dyra er i dag, men då hadde dei nok både høgare dyretal og mindre tilgang på gode sommarbeite, som mange har i dag. Vi veit også at både arv og miljø spelar ei stor rolle, og at det er utfordrande å vere sikker på kva som er bakgrunnen for ulik størrelse.  Likevel synes eg at ein rasestandard utan dette vert mangelfull.  Alle andre norske saueraser har dette, og sjølv om vi har eit større mangfald, må vi tørre å meine noko om dette, også for vår rase.
I utkastet til rasestandard vart 50 kg innstilt som øvre grense i rasestandarden for kva som er rasetypisk. Det betyr ikkje at ein må slakte alle dyr over 50 kg. Det er opp til kvar enkelt om ein vil halde seg til ein rasestandard, og det vil alltid vere avvik når ein ser på ein flokk samla, både når det gjeld størrelse og andre eigenskapar. Det viktigaste er at rasestandarden peikar ut ei retning, både for erfarne og mindre erfarne sauefolk.

Eigenskapane i dyra og landskapet dei skjøttar passar godt. Det treng vi også i framtida.
Sjølv har vi fleire søyer over denne grensa. Kor mykje av dette «avviket» som skuldast arv eller miljø veit eg ikkje, anna enn at eg veit at vi sidan oppstarten i 1993 ikkje har avla for å få større dyr. Vår besetning har nok også litt «ureint» i seg. Dette trur eg i stor grad skuldast manglande kunnskap til dei vi har kjøpt livdyr og vêrar frå, og sjølvsagt oss som kjøpar. Dette er ein arv det tek tid å rydde opp i, og heller ikkje alt av dette visast på utsida. På miljøsida, trur eg at vi har gode beite som gjer at fleire av dyra våre får ut ein større del av potensialet sitt enn ein del andre stadar. Det vil ikkje automatisk seie at dyra som ikkje får ut det same potensiale i vekt, lid noko naud. For å sette det på spissen: Om eg hadde vorte fôra opp på proteinshakes og bacon i staden for fisk og poteter, hadde eg nok vore både høgare og breiare enn eg er no, utan at eg av den grunn har lidd noko naud. Kanskje tvert om. Men igjen, dette skal sjølvsagt ikkje vere ei unnskyldning for å halde gamalnorsk sau på dårlege beiter der dei svelt!

Ei historie for framtida

Det som skil gamalnorsk sau frå mange andre saueraser, er at rasa har ei ganske unik historie som kan sporast fleire tusen år tilbake. I heile denne historia har driftsforma og eigenskapane til rasa spelt på lag. Ulike eigenskapar har nok vorte vektlagde, og det har nok også skjedd endringar i rasa opp gjennom åra. Men det er det genetiske mangfaldet, og «villheita» i arvestoffet som gjer dyra so populære i vår tid. Evna til i stor grad å greie seg sjølve. Lite sjukdom, spretne dyr med lite lammevanskar, og evna til å lagre feitt til vinteren er avgjerande for at fleire og fleire vel denne rasa, i konkurranse med langt meir kjøtrike dyr. Gamalnorsk sau har ei nisje den fungerer svært godt i; å produsere kjøt med kvalitet heilt i verdstoppen. Då snakkar eg sjølvsagt om smak og ikkje EUROP, sjølv om den også der greier seg rimeleg bra, størrelsen teke i betraktning. Legg til at den greier dette på bevaringsverdige areal som andre moderne husdyr vanlegvis ikkje kan nyttiggjere seg, og du har ei vinnande oppskrift.


Villsaukjøt - eit produkt eg meiner kan hevde seg heilt i verdstoppen.

Avl for intensiv produksjon

Kor mange av desse fantastiske eigenskapane risikerer ein å miste når ein byggjer ein større sau for intensiv produksjon? Eg skal ikkje hevde å vere ekspert på saueraser generelt, men eg forventar at dei store livdyra Reidar ønskjer seg, raskt får liknande problem som andre store sauer har i dag? For viss ikkje dette er knytt til størrelse og høg produksjon, kvifor har då andre saueraser desse problema? Akkurat kor grensa går veit eg ikkje, men å risikere å avle slike problem inn i rasa, vil vere direkte motstridande med målet om å ha funksjonelle dyr og kan på sikt føre til at drifta til dei som driv ekstensivt, vil vere uforsvarleg mtp dyrevelferd. Vi har heller ingen alternative raser å velje mellom, om gamalnorsk sau vert ueigna i ekstensiv drift.

Om vi hadde brukt dyr frå eit utval som ga to lam med minimum 13 kg slaktevekt i vår drift, ville vi enda opp med eit dårleg resultat og Mattilsynet på nakken. Ein stor kropp krev meir fôr og fôr av høgare næringsverdi. Utan dette hadde både resultat og dyrevelferd utvikla seg i negativ retning. No må eg presisere at Reidar ikkje har foreslått at vi skal bruke so store dyr i vår driftsform, men at vi innanfor rasa skal skape dette spennet i størrelse. Eg trur det vil vise seg vanskeleg utan å øydeleggje for kvarandre. Ein av grunnane til det er at rasa i utstrakt grad vert skjøtta av folk som har lite kunnskap om rasa. Når mange ikkje veit forskjellen på gamalnorsk sau og gamalnorsk spelsau, korleis skal vi då kunne handtere ei «ny grein» innanfor rasa? Eit slikt spenn vil også gjere det endå meir komplekst for Mattilsynet å vurdere kven som har dyr som er skikka til ekstensiv drift.


Nynorsk sau?

Eg har tidlegare fleipa med at Reidar, som ein dreven og kompetent sauemann, bør starte arbeidet med å utvikle ei ny rase, ein «nynorsk sau». Denne kan vere ein større variant, som er meir spissa for driftsformer med tilleggsfôring og fokus på slaktevekt, akkurat slik Reidar sjølv ønskjer. Med sitt eige rasenamn, hadde det i alle fall vorte litt lettare å skilje dei og soleis hindra utvatning av eigenskapane gamalnorsk sau treng for å lykkast i si historiske driftsform. Det hadde også teke bort mykje av grunnlaget for at mange vel å krysse inn både det eine og andre for å få opp slaktevektene,  som også utgjer ein alvorleg trugsel mot rasa. Om Reidar greier dette utan å få med alle problema som ein kjenner frå dei andre sauerasene som har vore framavla frå gamalnorsk sau, er eg kanskje litt tvilande til, men eg vil vere den første til å gratulere om han lykkast. Då kunne i alle fall begge fått viljen sin;


Kvar sin sau som er passeleg stor – til sitt bruk.

tirsdag 27. september 2016

Tørkekasse for kjøt

Når ein skal lage verdas beste julemiddag, gjeld det å ha utstyret i orden; ubodne gjestar kan øydeleggje festen.

Fleire har spurt korleis ein kan gå fram for å lage ei tørkekasse til spekekjøtet. På det spørsmålet finst det mange svar. men det viktigaste er å halde fluger og mus ute, og sikre god nok lufting til at kjøtet kan tørke.

Ferdig kasse klar til bruk
Det første du må gjere er å bestemme kor stor den skal vere. Eit større bur rommar meir kjøt, men tek også meir plass både når du skal tørke kjøt, men også resten av året når den ikkje er i bruk. Eg saltar ganske mykje kjøt, og har difor laga ei stor kasse. Du treng so litt assortert material, gjerne ei tynn kryssfinerplate, og ein rull med flugenetting. Det beste er å bruke stålnetting, som er stivare, og også betre mot mus. Dette får du kjøpt på dei fleste byggevarehandlar.

Når du veit kor stor den skal vere, er det berre å bygge ramma. Ei tynn kryssfinerplate i bakkant, gjer kassa mykje stivare, utan at kassa vert for tung. Vekt er alltid ei utfordring om kassa skal flyttast på eller hengast opp, overdriv difor ikkje dimensjoneringa. Eg hadde ein rest kryssfiner liggande, og den gjorde susen.

Det neste du må tenke på, er høgda, og korleis du skal henge opp kjøtet. Høgda bør vere ca 60-70 cm, og når det gjeld oppheng, fins det stort sett to alternativ. Alt 2. er lekter som ligg på tvers av kassa, som du anten kan tre trådane du har festa på kjøtstykka igjennom, eller feste krokar i. Alt. 2 er å bruke ei tjukkare plate til lok, å henge krokar i denne. Denne løysinga krev at du anten lagar luka i front, eller at du løftar av loket med heile vekta. Eg gjekk for alternativ 1.

Etter treramma er laga, gjeld det å stifte fast flugenettinga. Denne må vere stram, og festast med stiftemaskin. Bruk overlegg mellom skjøytar, og fest tett nok til at det ikkje vert rukker som flugene kan krype igjennom. For å feste luka, kan ein bruke hengsler, eller bruke nettinga som hengsler. Eg gjorde det siste, og fekk då hindra at fluger kan krype inn i bakkant. Ein liten lås i framkant gjer at eg kan stramme ned loket.



Innvendige sidestøtter gjer at lektene som kjøtet heng på, kan kvile på desse.


Om kassa skal henge utandørs, kan det vere lurt å vurdere tett tak. Mi heng inne på garasjeloftet, og eg har difor laga loket i netting. Enkelte vel også å montere vifter på sjølve buret, noko som kan vere lurt. Eg har so langt berre brukt ei vanleg bordvifte, om behovet for det er der. Ei vifte kan vere gull verdt om temperatur og luftfuktigheit arbeider mot deg.

Hugs at kassa strengt tatt ikkje treng å vere vakker. Det viktigaste er at ho er tett. Om loket ikkje ligg heilt nedpå kassa, kan ein også ta ei runde med tape rundt gliset. Smaken vert like god :) Hugs at det normalt vil drype litt frå kjøtet, so ikkje ha kassa over noko du er redd for, og om den skal stå på golvet, sett nokre klosser under so det kjem godt med luft under.

Lukke til med hammeren!

søndag 25. september 2016

Fin med slips

Etter å ha plagast med alle dei ulike øyremerka som dyra må ha når dei skal slaktast, fekk eg denne hausten ein idé; slips!

Når dyra skal sendast til slakt, skal ein gjerne merke dei med både returslakt, returskinn og økologisk. Desse merka skal mellom anna sikre at dyr der ein skal foredle skinnet på, ikkje vert klipt før slakting. I tidlegare tider gjekk det heilt fin å notere dette på slaktelista, men dei seinare åra har det vorte obligatorisk å merke alle med eigne merke. Dette er som oftast stålmerke, som kan klipsast på øyret utan eiga maskin. At det må vere så mange øyremerke har vore til stor frustrasjon for både oss og andre, då først og fremst grunna dyrevelferda. Slike diskusjonar har gjerne vore avvist, med det argument at ein berre kan klipse det inn på det eksisterande øyremerket. Jauda, det går fint det, heilt til dyret kjem borti noko. Øyrer med mange klips vert tunge, og heng seg lett fast i både gjerder, tau og busker og kratt. Dette er ikkje eit stort problem for dei som fester dei på rett før dyra skal på slaktebilen, men for oss som må feste dei ei til to veker før slakting, har det vorte eit stort problem.

Etter ei veke i gjerde, har det tidlegare lagt strødd med merke rundt om, og i verste fall har dei også reve av seg det originale merket, noko som sjølvsagt er både smertefullt for dyret og svært uønska for eigarane. Dyr utan godkjente merker vert vraka når dei kjem til slakteriet. Om berre returslakt eller returskinn har ramla av, fører det sjølvsagt til eit betydelig økonomisk tap, og frustrasjon over risikoen å få for lite kjøt til kundane som har starta å glede seg til julemiddagen.

Sjølv etter å ha drive med villsau i snart 25 år, er det rom for å finne nye metoder, og denne hausten fekk eg altso ein idé! Kva om vi merka dyra med slips? Nei, ikkje slike ein får til jul, men slike ein kan bruke når ein skal ha mange dyr i mellom anna fellesbeite på fjellet. Gode idéar kjem ofte når det er i seinaste laget, og denne var heller intet unntak. Telefonen gjekk raskt til både slakteri og gode villsaukollegaer, for å finne ut om dette kunne vere ei akseptabel løysing. Jauda, dette kunne gå. Vidare tok eg kontakt med OS ID, og etter å ha klargjort at dette var ei hastebestilling, fekk eg snike i køa, i håp om å rekke sankinga som var berre ei veke unda.

160 slips med teksten returslakt og 80 slips med teksten returskinn og 160 klavar, prega med Uksnøy Villsaulag DA vart bestillt, alt i fargar som står i stil til dei originale øyremerkja. Berre nokre dagar seinare kom dei i posten, til stor glede for både liten og stor.

Liv inspiserer dei nye slipsa

Slipsa kan ein tre på klaven, og kombinere slik ein måtte ønskje. Alt er i solid plast, godt synleg, vaskbart og kan gjenbrukast i mange år. Det beste, utover betra dyrevelferd, er at prisen på ca 10000 kr, raskt vil lønne seg, med tanke på at ein er sikra å få tilbake dei slakt og skinna ein ønskjer.

Takk til OS ID som leverte i dobbel ekspress!

Liv viser fram til dei frammøtte korleis ein skal montere dei nye slipsa - Foto: Åshild K. Fjørtoft
Monteringa er minst like enkel som med dei originale stålmerka - Foto: Åshild K.

Fiks ferdig resultat

tirsdag 30. august 2016

Fotokavalkade sommaren 2016

Det har vorte litt lite tid til blogging i det siste, men her er i alle fall litt bilete frå villsausommaren!

Både frisøren og søya vart godt nøgde med sveisen!

Det vart ingen blindtest, men Natalie brukar briller, og ho både drikk og anbefalar mjelk av villsau!
Ein velfortent matbit i gamlestova på Uksnøya under sauesankinga
Ein vêr som Apollo i livet skulle alle ha, snill og god som nokon hund, og gjev flotte lam!

Henting av nye vêrar med Kjetil Bakken på Jøsok i Herøy
Nesten framme! Fjørtofta i bakgrunnen

Ha ein fin haust!

tirsdag 10. mai 2016

Strandryddedagen på Uksnøya 2016

Søndag 8. mai gjekk Strandryddedagen 2016 av stabelen på Uksnøya. Sju vaksne og fire born sette kursen mot havgapet, fast bestemte på å gjere ein innsats for miljøet. Den eldste deltakaren var over 80, den yngste under året. Tunge tak og mange refleksjonar låg i vente. 

Det kan ofte vere den minste plasten som gjer størst skade

-Nyttar det å kjempe mot floa? 

Ein finn mykje rart når ein ryddar fjøre. Ein pc-skjerm. Ei vasski. Eit bilbatteri. Ei kjøleskapdør. Ein boksehanske. Ein caps frå Colorado. Ein finn også tid til å tenkje. Ikkje berre på det ein gjer, men kor bosset kjem i frå og kva historie som skjuler seg bak kvar einaste liten bit med rusk. Kanskje har Q-tipsen eg held i handa vore innom ein fuglemage, berre for å drepe fuglen, og på den måten kome seg laus frå det rotnande liket, for å igjen vere fri til å drepe sitt neste bytte? Eller på kva han tenkte, han som tappa olje i dunkar og dumpa dei over bord på båten? Eller korleis såg han ut, personen som mista capsen sin med "Colorado" trykt på. Kanskje var det ein feit amerikanar, som har arbeidd som brøytebilsjåfør i Aspen i Colorado heile sitt liv, heilt til han flytta til Miami når gikta vart for gale av det kalde klimaet. No lever han kanskje gode dagar som pensjonist, men fortsatt stolt av heimstaten sin. Han felte kanskje ei tåre då eit uventa vindkast røska capsen av hovudet og ut til havs og ut i Golfstraumen, der han låg å breste flesket sitt på sjølvaste Miami-beach.. Eller kanskje ikkje. Kanskje kasta han den over bord frå Hurtigruta, etter å ha kjøpt seg ein ny caps. Ironisk nok med eit bilete av dei reine, norske fjordane på.

I følje rapporten lagt fram på World Ecomonic Forum, rundt temaet plast i verdshava, vil det i 2050 vere meir plast enn fisk i hava, gitt at ting fortsett som i dag. Når ein tek ein tur i fjøra på Uksnøya, eller andre stader langs "frontlinja", er ikkje det so vanskeleg å tru på.

Vasski og PC-skjerm - ein finn det meste i fjøra

Etter ein dag med plukking, bering og frakting, kom det endelege resultatet på ca 1250 kg boss og ca 1,5 km strandlinje rydda. Det høyrest kanskje imponerande ut, men det utgjer kanskje berre 10% av bosset på Uksnøya, og då er ikkje metallavfall og trevirke rydda. Metall og treverk vert ikkje prioritert, so lenge det fins so mykje anna og verre avfall å hanskast med.

Med "ny" caps frå sjølvaste Colorado er det lov å smile litt

Når det kjem til capsen frå Colorado, som no er min, vel eg å tru på at den vart mista i eit vindkast. Men i mange tilfelle, er det med fullt overlegg ting vert kasta over bord eller ut vindauget på bilen. Og akkurat det gjer at ein kan verte ganske sint. Sint over at eg og andre må ut, lang til havs, med milevis til nærmaste bossinnsamling, for å prøve å gjere ein ørliten forskjell. Sint fordi eg går med bøyd rygg og gnagsår frå gummistøvlane medan eg plukkar Q-tips, fordi nokon synest det er snertnare å kaste den i dass enn i boss. Sint fordi vaksne folk tek seg arbeidet med å fylle spillolje i store dunkar, men ikkje tar arbeidet med å levere inn til deponi. Ein får ei kjensle av avmakt over at når endeleg fjøra er rydda, trengs det berre ein hauststorm til, før ein må må starte på nytt. Ei kjensle av å kjempe mot floa. Ei undring over kva menneskja vil tenkje, den dagen økosystema kollapsar under føtene på oss. Fuglane, fiskane, dyra. Dei som vi er avhengige av. Men ein rekk også å vere glad. Glad over å kunne gjere ein forskjell, om enn so liten. Og det er her du som les dette kjem inn i biletet. Den openbare løysinga er å slutte å kaste boss i naturen; i elvane, langs vegane, i havet eller i skogen. Å seie i frå til andre som ikkje forstår alvoret eller ikkje bryr seg.




Kven veit, kanskje vi ser deg neste gong vi arrangerar strandryddedag? Du er i alle fall hjarteleg velkomen til å gjere ein innsats for vår felles framtid!

Takk til Kim-André Breivik, leiar for tekniske tenester i Sandøy Kommune, som var veldig positiv til aksjonen og henta bosset på kaia på Harøya.

Sjå fleire bilete under, og del gjerne innlegget!

Det vart litt tid til grilling også!
Sjølv om ting gror ned, forsvinn dei ikkje.
Det går mykje tid til å frakte ut bosset
Mange stader er det vanskeleg å laste båten. Det var nok enklare å kaste det i bossbøtta der det kom frå.
Lasting av "moderskipet".

Lossing av boss på Røsok, Harøya

søndag 21. februar 2016

Å temme ein villsau

Sauane på Uksnøya har vore ganske so folkeskye, noko som kanskje ikkje er rart når dei bur på ei fråflytta øy langt ute i havet. Likevel er det lettare å både sjå etter og stelle tamme dyr. Difor har vi dei seinare åra arbeidd for å temme dei.

Ei tabloid og klikk-sankande overskrift på denne posten hadde vore noko slikt som "Villsauen er faktisk ikkje vill!" Eg overlet slikt til Nettavisen, men villsau er altso ikkje ville dyr. Dei er husdyr, sjølv om enkelte er rimeleg folkeskye etter som dei stort sett greier seg sjølve. Våre sauar har nok vore i den villaste delen av husdyrskalaen. Ein får då ikkje same kontakta med dyra som dei som har tamme dyr. Dette gjer det vansklegare å sjå etter dyra, og sjølvsagt litt vansklegare å rekruttere neste generasjon villsaubønder, når mykje av drifta foregår gjennom ein kikkert.



Vi starta først med å bruke Hilde Buer sin metode for å temme søyelam, noko du kan lese om her.

Dette var ein super metode, men øya si beliggenheit, kombinert med korte dagar og mykje dårleg vêr, gjorde vanskeleg å bruke nok tid på kvart av dyra til at flokken som heilheit vart tam nok.
Vi fekk rett nok mjukna opp ein del av lamma, men når dei eldre søyene var skeptiske, har dei drege med seg resten av flokken bort frå oss.

Vi skifta difor strategi, og kjøpte inn dei tammaste vêrane vi fekk tak i. Desse har vi lokka til oss når vi er ute på tilsyn, då oftast med ei bøtte med litt kraftfôr i. Når vêrane har kome til oss, har vi gjerne gått mot flokken, med vêrane rundt oss. Vi har då gradvis kome oss nærare, og etter litt etter litt mjukna flokken opp.

Det er heilt klart dei yngre dyra som er lettast å kome innpå, men dei såg ikkje ut til å fatte interesse for kraftfôr (som dei ikkje er vande med), noko som gjorde det vanskeleg å kome vidare med temminga.

Heldigvis har vi lagra ein del ballar med tørrhøy på øya, i tilfelle stort og langvarig snøfall, og i år var det uansett tid for å fornye lageret. Dette tørrhøyet har vi frå tid til anna gitt litt av til dyra, slik at dei skal vere vande med å ete det om det trengs. Frå slutten av november, har vi stort sett hatt med oss 50 kg tørrhøy når vi er ute å ser etter dyra, vanlegvis ein gong i veka. Men i staden for å gje det i fôrhekkane inne på tunet, der dyra har ete av fôret når vi har reist, tok vi med høyet inn til flokken, og lokka til oss vêrane. I starten var det berre vêrane som kom heilt innpå oss, og vi måtte trekke oss litt unna for at resten skulle tørre å kome å ete. Vinterstida er prega av å leve av mindre næringsrikt fôr som røsslyng, tang, tare og feittet dei har lagra i løpet av sommaren, og då vert den fristande lukta av friskt høy vanskeleg å stå i mot. Gradvis har vi venta nærare høyet, og dei siste gongane vi har vore ute, har vi verkeleg oppnådd resultat. No kjem heile flokken, og dei tammaste søyene kjem gjerne berre ein meter eller to unna oss!

Ta gjerne ein kik på videoen under. Den er teke i går når eg, Terje og Marius var ute på tilsyn i ruskevêret.


onsdag 3. februar 2016

Sitkagrana - ei miljøtragedie i grønt og blått

Sitkagrana: vert over 700 år gammal og held 5. plassen over verdast høgste treslag, med ei høgde på nærmare 100 meter. Den har heldigvis ikkje nådd ein slik alder og høgde i Norge, men med ein vekst opp til 1,5 meter pr år, utgjer den ein stor trugsel mot det historiske kystlandskapet vårt.

Tanken på all den flotte naturen som dag for dag vert dekt under det daudbringande teppet, som stadig spreier seg ut over landet vårt, får det til å gå kaldt ned over ryggen. Dei raude, kløande utsletta på armane etter ein sommardag med skogrydding, der dei stikkande, lett giftige nålene, har kjempa for å stoppe meg i å brenne dei på bålet, har ikkje akkurat hjelpt på forholdet vårt.


Sitkagran i kystlyngheia på Uksnøya. Det harde vêret har heldigvis bremsa veksten, men frøspreiinga er godt i gong.

Planen var kanskje god, den. Sitkagrana hadde alt. Rask vekst, sjølv i næringsfattige norske kystlyngheier, og den tolte sjøsprøyt og kraftig vind. Den ga supersterkt materiale med lav vekt, noko som gjorde at flyindustrien ga den ei viktig rolle under andre verdskrig, som eit alternativ til aluminium. På ein vêrhard kyst, der jordbruksavlingane vart redusert av kald vind og somrane heller gjekk med til å spa torv for å halde heimane varme vinterstid enn å reise på ferie, måtte den ha framstått som ei gåve. Sitkagrana vart planta i titusenvis. Sitkagrana skulle byggje landet! Gje skogbruk på kysten, livd, liv og varme.

Sitkagrana takka fint for invitasjonen, og slo rot. Ikkje lenge etter, hadde mange av dei flinke skogplantarane fått arbeid i byane, og flytta frå bygdene på kysten. Gardsdrifta der utmarka vart beitt av sauer og kyr, vart avslutta, som ein konsekvens av industrialiseringa av landbruket. Også mange av markane trea skulle gje le til, vaks igjen med busker og kratt. Grantrea vaks raskt også, og med frøspreiing frå plantefelta, gjekk det ikkje lenge før vi såg konturane av ei av dei største miljøkatastofene i norsk historie. Enkelte forståsegpåarar har hevda at frøa kun speier seg like langt som treet er høgt, noko som burde avgrense spreiinga. Dei har truleg aldri sett sin fot på norskekysten ein dag i oktober. Vinden her gjev haik til dei lette granfrøa og fører dei langt avstad. Hundrevis av meter, ja, kanskje over ein kilometer. Då er ingen stader trygge for nyskot frå invasjonshæren.

Dei seinare åra har fleire og fleire fått augene opp for skadane som kjem i kjølvatnet av leplantinga, men samanlikna med spreiinga og veksten, skjer det lite som monnar. Lyngheiene, no rekna som ei truga landskapsform, veks raskt igjen, og sitkagrana gjer det nærmast uråd å brenne lyng, grunna den store brannfara dei utgjer. Kyststripa, som skal lokke turistar frå heile verda, er mange stader so gjengrodd at den ville vore ugjennkjenneleg for folka som budde der då plantinga tok til.

Heller ikkje på Uksnøya er vi skåna for svineriet. No skal vi i lag med Fylkesmannen i gong med å utarbeide ein skjøtselplan for dei viktige kystlyngheiane på Uksnøya. Det betyr nok starten på mykje tungt arbeid, og slutten på sitkagrana på Uksnøya. Der ute har det ekstreme vêret bremsa veksten, og plantefelta var relativt beskjedne til å starte med. Men på omflødde holmar, utan tilgang på traktor eller fliskuttar, er det ikkje berre enkelt å rydde skog. I alle fall om ein ikkje ønskjer å legge att alle greinene, til fare for dyra som skal beite der. Ideelt sett bør vi brenne greinene, men å fyre opp so store bål på torvgrunn, er ikkje problemfritt om ein skal unngå å brenne opp torva også. Truleg må dei nok fraktast ned til fjøra og brennast der. Det mest fristande hadde kanskje vore å svidd av heile området slik det står, med skog og kratt, og rydda opp stammane som står att når flammane hadde slokna. Men det spørs om brannvesenet er like imponert over den planen...

Eg skal rett nok passe meg for å dømme dei som planta sitkagranane for hardt. Det vart gjort i god tru, og frå min lune og varme heim, er det vanskeleg å ta innover meg alt arbeidet dei la ned i sikre fyr i omnane vinterstid, material til garden eller le til åkrane og markane dei var avheninge av. På den måten er det kanskje ei viss rettferd, i at min generasjon får arbeidet med å rydde opp etter dei. Ein kan kanskje sjå på det som ei utdanning; hardt arbeid medan ein får fundere over konsekvensane ei tilsynelatande god handling kunne få. Eit slikt pensum har nok relevans for både eigen og komande generasjonar. Dessverre er det nok få som har tid, krefter, og kanskje endå verre, motivasjon, til å ta ei slik ei utdanning. Rimeleg straum, varmepumper og billeg ved frå Baltikum hjelp heller ikkje på å få bukt med problemet, i den skala norsk natur treng.

Men kven veit, kanskje du som les dette har ei motorsag som skulle vore lufta, og går laus på sitkagranane i området du bur? Om du ikkje har motorsag, napp gjerne opp nyskot når du er ute på tur. Eller kanskje du bør sabotere varmepumpene til naboane som ikkje lenger ser behovet for å vere med å skoge sitkaved? Vel, det siste forslaget må eg nok trekkje tilbake om nokon frå media skulle konfrontere meg, men norsk naturmangfald hadde i alle fall vore takksam for innsatsen din!

Merk: Om du er usikker på om det er norsk gran eller sitkagran du har på eigendomen din, kan du skilje dei på at sitkagrananålene er stivare og stikk mykje kraftigare enn norsk gran. Dei har også eit blåskjer over seg.