tirsdag 10. mai 2016

Strandryddedagen på Uksnøya 2016

Søndag 8. mai gjekk Strandryddedagen 2016 av stabelen på Uksnøya. Sju vaksne og fire born sette kursen mot havgapet, fast bestemte på å gjere ein innsats for miljøet. Den eldste deltakaren var over 80, den yngste under året. Tunge tak og mange refleksjonar låg i vente. 

Det kan ofte vere den minste plasten som gjer størst skade

-Nyttar det å kjempe mot floa? 

Ein finn mykje rart når ein ryddar fjøre. Ein pc-skjerm. Ei vasski. Eit bilbatteri. Ei kjøleskapdør. Ein boksehanske. Ein caps frå Colorado. Ein finn også tid til å tenkje. Ikkje berre på det ein gjer, men kor bosset kjem i frå og kva historie som skjuler seg bak kvar einaste liten bit med rusk. Kanskje har Q-tipsen eg held i handa vore innom ein fuglemage, berre for å drepe fuglen, og på den måten kome seg laus frå det rotnande liket, for å igjen vere fri til å drepe sitt neste bytte? Eller på kva han tenkte, han som tappa olje i dunkar og dumpa dei over bord på båten? Eller korleis såg han ut, personen som mista capsen sin med "Colorado" trykt på. Kanskje var det ein feit amerikanar, som har arbeidd som brøytebilsjåfør i Aspen i Colorado heile sitt liv, heilt til han flytta til Miami når gikta vart for gale av det kalde klimaet. No lever han kanskje gode dagar som pensjonist, men fortsatt stolt av heimstaten sin. Han felte kanskje ei tåre då eit uventa vindkast røska capsen av hovudet og ut til havs og ut i Golfstraumen, der han låg å breste flesket sitt på sjølvaste Miami-beach.. Eller kanskje ikkje. Kanskje kasta han den over bord frå Hurtigruta, etter å ha kjøpt seg ein ny caps. Ironisk nok med eit bilete av dei reine, norske fjordane på.

I følje rapporten lagt fram på World Ecomonic Forum, rundt temaet plast i verdshava, vil det i 2050 vere meir plast enn fisk i hava, gitt at ting fortsett som i dag. Når ein tek ein tur i fjøra på Uksnøya, eller andre stader langs "frontlinja", er ikkje det so vanskeleg å tru på.

Vasski og PC-skjerm - ein finn det meste i fjøra

Etter ein dag med plukking, bering og frakting, kom det endelege resultatet på ca 1250 kg boss og ca 1,5 km strandlinje rydda. Det høyrest kanskje imponerande ut, men det utgjer kanskje berre 10% av bosset på Uksnøya, og då er ikkje metallavfall og trevirke rydda. Metall og treverk vert ikkje prioritert, so lenge det fins so mykje anna og verre avfall å hanskast med.

Med "ny" caps frå sjølvaste Colorado er det lov å smile litt

Når det kjem til capsen frå Colorado, som no er min, vel eg å tru på at den vart mista i eit vindkast. Men i mange tilfelle, er det med fullt overlegg ting vert kasta over bord eller ut vindauget på bilen. Og akkurat det gjer at ein kan verte ganske sint. Sint over at eg og andre må ut, lang til havs, med milevis til nærmaste bossinnsamling, for å prøve å gjere ein ørliten forskjell. Sint fordi eg går med bøyd rygg og gnagsår frå gummistøvlane medan eg plukkar Q-tips, fordi nokon synest det er snertnare å kaste den i dass enn i boss. Sint fordi vaksne folk tek seg arbeidet med å fylle spillolje i store dunkar, men ikkje tar arbeidet med å levere inn til deponi. Ein får ei kjensle av avmakt over at når endeleg fjøra er rydda, trengs det berre ein hauststorm til, før ein må må starte på nytt. Ei kjensle av å kjempe mot floa. Ei undring over kva menneskja vil tenkje, den dagen økosystema kollapsar under føtene på oss. Fuglane, fiskane, dyra. Dei som vi er avhengige av. Men ein rekk også å vere glad. Glad over å kunne gjere ein forskjell, om enn so liten. Og det er her du som les dette kjem inn i biletet. Den openbare løysinga er å slutte å kaste boss i naturen; i elvane, langs vegane, i havet eller i skogen. Å seie i frå til andre som ikkje forstår alvoret eller ikkje bryr seg.




Kven veit, kanskje vi ser deg neste gong vi arrangerar strandryddedag? Du er i alle fall hjarteleg velkomen til å gjere ein innsats for vår felles framtid!

Takk til Kim-André Breivik, leiar for tekniske tenester i Sandøy Kommune, som var veldig positiv til aksjonen og henta bosset på kaia på Harøya.

Sjå fleire bilete under, og del gjerne innlegget!

Det vart litt tid til grilling også!
Sjølv om ting gror ned, forsvinn dei ikkje.
Det går mykje tid til å frakte ut bosset
Mange stader er det vanskeleg å laste båten. Det var nok enklare å kaste det i bossbøtta der det kom frå.
Lasting av "moderskipet".

Lossing av boss på Røsok, Harøya