onsdag 26. oktober 2016

Svar til Reidar Christiansen - "Liten, stor, større, størst – eller passelig?"

Reidar Christiansen skreiv i ei tidlegare utgåve av medlemsbladet «Villsauen» ein artikkel knytt til størrelse på gamalnorsk sau. Bakgrunnen for denne var arbeidet med rasestandarden som det då vart arbeidd med i Norsk Villsaulag. Sidan eg sit i styret i NVL, og er sakshandsamar i arbeidet med rasestandarden, er det utfordrande å kunne kommentere ei slik sak utan å vere til ei viss grad farga av dette arbeidet. Eg presiserer likevel at dette svaret er mitt personlege syn, og noko som kan avvike frå NVL si offisielle stilling i saka. Mitt svar kom først på trykk i siste utgåve av "Villsauen", men for dei som ikkje abbonerar på bladet, kjem svaret mitt her:

For dei som ikkje har lest denne artikkelen, dristar eg meg til å oppsummere svært kort. Reidar ønskjer at ein innanfor rasa avlar fram betydeleg større dyr livdyr som kan levere to lam med mimimum 13 kg slaktevekt. Han ønskjer difor at rasestandarden ikkje skal seie noko om vekt på livdyr, utan å poengtere at det er eit stort spenn. Han kjem med ei rekkje viktige poeng knytt til å tilpasse dyretalet til beita, både for å sikre dyrevelferda, men også for å maksimere økonomisk utbytte.

Først og fremst vil eg berømme Reidar for hans engasjement og kunnskap om både sau og tilskotsordningane. Mykje av artikkelen hans er eg einig i, men eg eg nok ganske ueinig i ein del av konklusjonane hans.

Gamalnorsk sau har som også Reidar påpeikar, eit stort potensiale til å vekse seg rimeleg store. Betydeleg større enn mange dyr vert i dag, og det utan å gjere utval eller drive med innkryssing. Dette potensialet er noko av det som gjer rasa interessant, både for dei som driv med tilleggsfôring og for dei som driv meir ekstensivt; slik som vi gjer på Uksnøya, med gode resultat. Reidar tek til orde for å auke dette spennet, slik at den delen av næringa som driv intensivt, kan auke utbyte betydeleg.

Kor mange og kor store lam skal den gamalnorske sauen produsere?

Rasestandard og ekstensiv drift

Vår drift på Uksnøya ligg rimeleg nært den historiske måten å drive på. Den er ekstensiv, og dyra greier seg stort sett sjølve. Men for at vi skal kunne drive forsvarleg, treng vi ei rase som er lett nok til å vere mobil i terrenget, kunne lamme utan komplikasjonar, vere gode mødrer og nøysam nok til å normalt greie seg utan tilleggsfôring. Gamalnorsk sau er sjølvsagt ideell til dette formålet og gjev svært gode resultat, forholda teke i betraktning. Det var nok mange av dei same kvalitetane som gjorde at gamalnorsk sau var populær der ute på øya i tidlegare tider.

Når det gjeld storleiken på gamalnorsk sau, er det vanskeleg å vere kategorisk. Historisk sett veit ein at dyra var mindre enn det dei fleste av dyra er i dag, men då hadde dei nok både høgare dyretal og mindre tilgang på gode sommarbeite, som mange har i dag. Vi veit også at både arv og miljø spelar ei stor rolle, og at det er utfordrande å vere sikker på kva som er bakgrunnen for ulik størrelse.  Likevel synes eg at ein rasestandard utan dette vert mangelfull.  Alle andre norske saueraser har dette, og sjølv om vi har eit større mangfald, må vi tørre å meine noko om dette, også for vår rase.
I utkastet til rasestandard vart 50 kg innstilt som øvre grense i rasestandarden for kva som er rasetypisk. Det betyr ikkje at ein må slakte alle dyr over 50 kg. Det er opp til kvar enkelt om ein vil halde seg til ein rasestandard, og det vil alltid vere avvik når ein ser på ein flokk samla, både når det gjeld størrelse og andre eigenskapar. Det viktigaste er at rasestandarden peikar ut ei retning, både for erfarne og mindre erfarne sauefolk.

Eigenskapane i dyra og landskapet dei skjøttar passar godt. Det treng vi også i framtida.
Sjølv har vi fleire søyer over denne grensa. Kor mykje av dette «avviket» som skuldast arv eller miljø veit eg ikkje, anna enn at eg veit at vi sidan oppstarten i 1993 ikkje har avla for å få større dyr. Vår besetning har nok også litt «ureint» i seg. Dette trur eg i stor grad skuldast manglande kunnskap til dei vi har kjøpt livdyr og vêrar frå, og sjølvsagt oss som kjøpar. Dette er ein arv det tek tid å rydde opp i, og heller ikkje alt av dette visast på utsida. På miljøsida, trur eg at vi har gode beite som gjer at fleire av dyra våre får ut ein større del av potensialet sitt enn ein del andre stadar. Det vil ikkje automatisk seie at dyra som ikkje får ut det same potensiale i vekt, lid noko naud. For å sette det på spissen: Om eg hadde vorte fôra opp på proteinshakes og bacon i staden for fisk og poteter, hadde eg nok vore både høgare og breiare enn eg er no, utan at eg av den grunn har lidd noko naud. Kanskje tvert om. Men igjen, dette skal sjølvsagt ikkje vere ei unnskyldning for å halde gamalnorsk sau på dårlege beiter der dei svelt!

Ei historie for framtida

Det som skil gamalnorsk sau frå mange andre saueraser, er at rasa har ei ganske unik historie som kan sporast fleire tusen år tilbake. I heile denne historia har driftsforma og eigenskapane til rasa spelt på lag. Ulike eigenskapar har nok vorte vektlagde, og det har nok også skjedd endringar i rasa opp gjennom åra. Men det er det genetiske mangfaldet, og «villheita» i arvestoffet som gjer dyra so populære i vår tid. Evna til i stor grad å greie seg sjølve. Lite sjukdom, spretne dyr med lite lammevanskar, og evna til å lagre feitt til vinteren er avgjerande for at fleire og fleire vel denne rasa, i konkurranse med langt meir kjøtrike dyr. Gamalnorsk sau har ei nisje den fungerer svært godt i; å produsere kjøt med kvalitet heilt i verdstoppen. Då snakkar eg sjølvsagt om smak og ikkje EUROP, sjølv om den også der greier seg rimeleg bra, størrelsen teke i betraktning. Legg til at den greier dette på bevaringsverdige areal som andre moderne husdyr vanlegvis ikkje kan nyttiggjere seg, og du har ei vinnande oppskrift.


Villsaukjøt - eit produkt eg meiner kan hevde seg heilt i verdstoppen.

Avl for intensiv produksjon

Kor mange av desse fantastiske eigenskapane risikerer ein å miste når ein byggjer ein større sau for intensiv produksjon? Eg skal ikkje hevde å vere ekspert på saueraser generelt, men eg forventar at dei store livdyra Reidar ønskjer seg, raskt får liknande problem som andre store sauer har i dag? For viss ikkje dette er knytt til størrelse og høg produksjon, kvifor har då andre saueraser desse problema? Akkurat kor grensa går veit eg ikkje, men å risikere å avle slike problem inn i rasa, vil vere direkte motstridande med målet om å ha funksjonelle dyr og kan på sikt føre til at drifta til dei som driv ekstensivt, vil vere uforsvarleg mtp dyrevelferd. Vi har heller ingen alternative raser å velje mellom, om gamalnorsk sau vert ueigna i ekstensiv drift.

Om vi hadde brukt dyr frå eit utval som ga to lam med minimum 13 kg slaktevekt i vår drift, ville vi enda opp med eit dårleg resultat og Mattilsynet på nakken. Ein stor kropp krev meir fôr og fôr av høgare næringsverdi. Utan dette hadde både resultat og dyrevelferd utvikla seg i negativ retning. No må eg presisere at Reidar ikkje har foreslått at vi skal bruke so store dyr i vår driftsform, men at vi innanfor rasa skal skape dette spennet i størrelse. Eg trur det vil vise seg vanskeleg utan å øydeleggje for kvarandre. Ein av grunnane til det er at rasa i utstrakt grad vert skjøtta av folk som har lite kunnskap om rasa. Når mange ikkje veit forskjellen på gamalnorsk sau og gamalnorsk spelsau, korleis skal vi då kunne handtere ei «ny grein» innanfor rasa? Eit slikt spenn vil også gjere det endå meir komplekst for Mattilsynet å vurdere kven som har dyr som er skikka til ekstensiv drift.


Nynorsk sau?

Eg har tidlegare fleipa med at Reidar, som ein dreven og kompetent sauemann, bør starte arbeidet med å utvikle ei ny rase, ein «nynorsk sau». Denne kan vere ein større variant, som er meir spissa for driftsformer med tilleggsfôring og fokus på slaktevekt, akkurat slik Reidar sjølv ønskjer. Med sitt eige rasenamn, hadde det i alle fall vorte litt lettare å skilje dei og soleis hindra utvatning av eigenskapane gamalnorsk sau treng for å lykkast i si historiske driftsform. Det hadde også teke bort mykje av grunnlaget for at mange vel å krysse inn både det eine og andre for å få opp slaktevektene,  som også utgjer ein alvorleg trugsel mot rasa. Om Reidar greier dette utan å få med alle problema som ein kjenner frå dei andre sauerasene som har vore framavla frå gamalnorsk sau, er eg kanskje litt tvilande til, men eg vil vere den første til å gratulere om han lykkast. Då kunne i alle fall begge fått viljen sin;


Kvar sin sau som er passeleg stor – til sitt bruk.