tirsdag 13. juni 2017

Mysteriet 9075

I fjor vår, då dei første lamma kom til verda, oppdaga eg ei søye som hadde mista ulla på sidene. Dette var noko vi ikkje hadde opplevd før. Tankane starta å kverne på kva dette kunne vere. Parasittar? Ubalanse i næringsstoff? For tidleg røyting?


Bar hud på søya
Søya såg heldigvis ut til å vere i fin form, og ingen andre dyr viste teikn til det same problemet. Eg veit at både parasittar og manglar av viktige næringsstoff og mineral kan gje slike utslag. Likevel var det ikkje veldig sannsynleg at det skulle ha kome inn smitte, då øyane ligg veldig isolert, og alle hanndyr vert sett i karantene før dei slepp ut. Næringsmangel var også lite truleg, då beita er svært varierte, og av god hevd. Dyra har fri tilgang på fjøre, der dei kan finne mange viktige næringsstoff.

9075 midt i bilete

Ideelt sett skulle eg sanka ho inn for full inspeksjon, men sidan lamminga var i gong, var det svært risikabelt, og truleg ville ført til langt større skader. Å stresse flokken i lammetida kan få store konsekvensar. Vel heime var det tid for å ringe litt rundt til nokon av ekspertane eg har vore so heldig å verte kjent med. Kva kunne dette kunne vere? Fleire teoriar vart fremma, men ingen passa heilt inn. Høg feber vil dyra ofta miste ulla, men ikkje slik som dette. Ein av teoriane som kunne passe med symptoma var pelslus, noko som kan smitte via hjortedyr. På Uksnøya er det nok ekstremt sjeldan at vi får besøk av hjortedyr. I den grad dei kjem dit, reiser dei like fort, og risikoen for smitte er difor svært lav. Pelslus krev mykje behandling, noko som hadde vore utfordrande i vår driftsform, og eg håpte i det lengste at det ikkje var det som hadde funne vegen ut på øya.

Heldigvis var søya sopass tam at eg kunne lokke ho ganske nært, slik at vi fekk sjekka korleis det gjekk med ho.

Tida gjekk, og søya fekk lam, og ny ull. På sommarsankinga var eg veldig spent på korleis det gjekk med ho, og om vi kunne sjå nokon grunn til problemet. Men den gong ei. Ulla såg fantastisk ut, og vi greidde ikkje å finne noko parasittar i ulla. Ho var også i knallform og hadde fin mjelk i begge spenane. Sommaren gjekk, og til hausten var det ny inspeksjon. Ingenting å merke denne gongen heller, og søya fekk ein vinter til.

Men so, rett før lamming i vår, når bror og syster mi var ute på tilsyn, såg dei ei søye med same problem. Dei ringte meg og ga meg nummeret på øyremerkjet, og visst var det same søye som sist!

Kunne det vere at ho berre var for tidleg ute med å røyte? Kan det vere eit mentalt problem som gjer at ho nappar seg sjølv? Eg har høyrt historier om slikt frå andre. Kanskje har ho ei genetisk svakheit som gjer at ho ikkje greier å ta opp enkelte næringsstoff godt nok? Slikt kan skje, men det burde gitt utslag i vekt og hald. Enn so lenge får vi nok ikkje noko svar på mysteriet 9075, og sidan ho uansett er 8 år, vert det nok siste året på Uksnøya.

Kva er din teori? Legg gjerne igjen ein kommentar.

tirsdag 6. juni 2017

Større og kraftigare dyr på bekostning av matproduksjon i utmarka? Ein kommentar til jordbruksoppgjeret 2017

I staten sitt tilbod for 2017, er det føreslått å fjerne lammeslaktstilskotet for lam som er klassifisert som O-kvalitet. Om dette vert resultatet, vil det få store konsekvensar for alle som driv med lette sauerasar, herunder villsaubøndene.


I EUROP-systemet som vert nytta for slakteklassifisering, er E beste og P dårligaste karakter. I tillegg kan ein få – og + på kvar karakter. I staten sitt forslag, vil ein heretter krevje karakter O+ eller betre for å få produksjonstilskotet på lammeslakt. Grunngjevinga for dette er WTO-avtalen som avgrensar kor mange norske lammeslakt som kan få tilskot, og i dag er det fare for at grensa vert passert. I dag er O den svakaste karakteren som kvalifiserer til å få tilskotet, som i 2017 er på 500 kr pr slakt.
Å heve lista for kven som kvalifiserer til tilskot høyrest kanskje ut som ein god ide. Tilskot er ein effektiv måte å styre åtferd og utvikling i landbruket. Om ein hevar lista, vil ein stimulere til produksjon av lam med høgare «kvalitet».

Villsaulam på veg til slakt
Og då kjem vi inn på eit sentralt tema: kva er kvalitet? I EUROP betyr kvalitet kjøtfylde. Det har ingenting med smak, mørheit eller kjøtstruktur å gjere, eller for den del dyrevelferd, ope landskap, lokal produksjon og sjølvforsyningsgrad. For bøndene som driv med gamalnorsk sau, som er den eldste sauerasa vi har her til lands, er karakteren O eit bra resultat ved slakt, og ein stor del av slakta dyr hamnar i denne kategorien. Dette gjeld også for dei bøndene som driv godt, og tap av dette tilskotet vil medføre eit betydeleg økonomisk tap.

Ei av utfordringane når det gjeld klassifisering, er at gamalnorsk sau, og andre lette sauerasar vert klassifisert i same system som nye store sauerasar som er avla fram for produsere store kjøtrike slakt. Dei store muskuløse dyra krev derimot langt betre beiter, og kan ikkje skjøtte kystnære utmarksareal so godt som gamalnorsk sau; ein jobb dei i dei fleste tilfelle gjer utan å så mykje som å smake på kraftfôr. Mange vil også hevde at faktisk kvalitet, då tenkjer eg på smak og møyrheit, er betre på gamalnorsk sau.

Kva kan ein sjå føre seg vil skje om tilskotet for O-klassifisering fell bort? Då må alle og ein kvar som driv med lette sauerasar ta eit val. Anten drive som før og tape ein god del pengar. Eller kan dei legge om drifta. Om ein veljer det siste, er det to ting som utpeikar seg: intensiv sluttfôring med proteinrikt kraftfôr fram mot slakting eller innkryssing av andre raser. Om ein veljer det første, vil ein truleg kunne heve ein stor del av lamma frå O til O+. Estimat eg har fått frå røynde villsaufolk indikerer 150-200 kr i fôrkostnad pr lam. Om dette utløyser tilskot, vert det god butikk. Dessverre kjem mykje av innhaldet i fôret frå kjelder som ikkje kan reknast som berekraftige.

Alternativ to er innkryssing av andre tyngre raser som lettare oppnår god nok kjøtfylde. So lenge ein slaktar alt avkom, og ikkje marknadsfører kjøtet som villsau, kan dette vere farbar veg for mange. Dessverre er det å handtere fleire linjer og å halde full oversikt over kva lam som er hybridar og kva som er reinrasa er ikkje alltid like enkelt, noko som fører til at mange vel å krysse dette inn på livdyrsida. Det kan få store konsekvensar for rasa og ikkje minst dyrevelferda. Dei relativt lette og naturlege kroppane til gamalnorsk sau, er det som gjer at dei nesten aldri har lammevanskar. Dei er også nøysame og kan produsere fine slakt, sjølv på beiter med lavare fôrverdi enn det tyngre raser krev. Her kan ein altso ikkje få i både pose og sekk. Ved å fjerne seg frå desse eigenskapane kan ein ikkje forvente at drifta skal gå like glatt som i dag.
Klassifisering av lammeslakt dei siste 3 åra på Uksnøya - Om O ikkje lenger er godt nok, vil det for vår drift gi eit tap på rundt 20000 kr i året

Ein vil altso auke fokuset på å produsere endå større og kraftigare dyr. Sjølv om dette betyr at mindre av fôret er norsk. Sjølv om dette kan bety ei svekka dyrevelferd. Sjølv om norske forbrukarar etterspør mindre kjøtstykkjer, som kan tilberedast utan å be heile storfamilien på besøk.

Ein vil truleg også få ein diskusjon om det er rett at alle sauerasar skal vurderast etter same mal. Om dei skulle dømmast etter eigne kritierier, må det på plass ei rasegodkjenning, for det er ikkje godt nok at kvar og ein skal «melde inn» kva rase ein driv med. Då hadde det nok blitt mange fleire sauar av gamalnorsk sau over natta!

Enn so lenge får vi berre vente i spenning og håpe at partane finn ei betre løysing enn å heve grensa til O+. Om det får stå, er det ikkje bra for verken norsk utmarksbruk eller produksjon av norsk mat på norske fôr.