onsdag 13. juni 2018

Dei sju landeplagene?

Medan Sør-Noreg har bada seg sol og tropevarmen har sett stadig nye rekordar, har ei murrande kjensle festa seg i mageregionen på fleire og fleire bønder. Slik har det også vore for oss som driv med villsau på Uksnøya. 

I år har vore eit spesielt år. Den eine "landeplaga" har avløyst den andre - kald vår, varm og tørr vår, og so grågåsa. Den varme tørre våren, som såg ut som ei velsigning, og avløyste ein svært kald vår, der graset stod og hutra i vente på litt varme, vart meir og meir likt ei landeplage. For å gjere ting verre, har konflikta med grågåsa nådd nye høgder. Sidan grasveksten har stoppa opp på grunn av tørka, vert det meir kamp om det graset finst. Det er dårleg nytt for tilveksten på lamma. Heldigvis er arealet stort og variert, og det fins anna mat tilgjengeleg. Likevel er ikkje næringsverdien like god i all maten som er tilgjengeleg, og som bonde ønskjer overflod, slik at dyra kan plukke det som er har størst verdi for dei. Ein forverrande faktor for grasveksten, er at havskodda, som vanlegvis øydelegg mange fine sommardagar for solhungrie møringar, har vore fråverande i lengre periodar. Skodda kjem med både fukt frå havet og skjul for sola, men altso ikkje i år.

Ein av dei viktigaste tinga ein kan gjere om vår og sommar, er å sikre dyra god tilgang på vatn. Erfaring viser at dyra treng svært lite vatn vinterstid, sjølv når alt er botnfrose. Derimot aukar behovet voldsomt når søyene skal produsere mjølk. Heldigvis har vi fleire tusen liter vatn lagra i tankar i løa, med fall ned til fleire drikkekar, slik at dyra heile tida kan forsyne seg. Når dei drikk vatn frå tankane, kan vi følgje med på forbruket, og det viser seg at dette er eit svært populært tilbod, også i periodar utan tørke.

Brakkvass-søylene er inntørka, og berre saltet ligg igjen - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Drikkekaret er populært for både fugl og dyr - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Slik har nok ingen levande mann sett Uksnøy før - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Tunet er nedbeitt av grågås, og berre skiten ligg igjen - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Den grunne jorda er utsett for tørke - Kjartan P. Fjørtoft
Her trengst det mykje vatn til - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Heldigvis finst det litt gras igjen, og ein del er framleis fint i fargen - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Raking av enorme mengder gåseskit - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Det meste av innmarksbeita er fulle av gåseskit - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Ikkje akkurat eit oppløftande syn - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
No må vi berre håpe på regn. Mykje regn. Men ikkje so mykje at det vert voldsomt grasvekst, med lite næringsrikt gras. Vi vil ikkje har fleire "landeplager" i år - no får det halde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!