lørdag 21. juli 2018

Ikkje siste reis - del 3

Vi har kome til del tre av reisebrevet frå Austevoll. Om du ikkje har lest dei to første, klikk på koplingane under for å lese dei.

Del 1
Del 2

Slike vakre stader er det mange av på Austevoll
Etter at den formelle delen var unnagjort (som du kan lese referatet frå ved å klikke her) var det klart for det eg hadde sett fram til so lenge - turen ut til Horgo. Eg var rimeleg fornøgd med at skodda ikkje hadde kome, sjølv om det fine vêret den siste tida skulle tilseie at den burde lagt grauttjukk over oss. Kanskje var det tilfeldigheiter, eller kanskje var det villsaugudane som visste kor mykje eg hadde sett fram til dette. Uansett årsak, skodda var ikkje å sjå, og eg turte å tru på at dette skulle ordne seg i det eg sette meg i bilen.

Vi var nok litt seint ute, og lysta til å sjå Horgo var større enn nokon gong før, men det å halde følgje med dei lokale på dei kronglete vegane, var nok lettare sagt enn gjort. Bilkortesja sprakk etter kvart opp, og enkelte fekk nok sett litt meir av Austevoll enn planlagt. Heldigvis fann alle til slutt vegen til båten, og vips - so var vi i båten på veg ut. Før vi la til kai var det klart at dette var ein plass fleire enn villsaufolk sette pris på. Båtane låg ankra opp rundt om i vågar og viker, rundt om øya, med smilande folk om bord. Eit tydeleg teikn på at dette var plassen å vere. Eg gjekk i land, med ei viss kjensle av ærefrykt. For ein villsaumann, er dette heilag grunn.

Etter å ha fått summa oss, og fått litt informasjon frå Lars Erling, gjekk turen opp skråninga opp til huset som Lars Erling hadde kjøpt på øya, og som han og kona brukte som fritidshus. Staden det låg på var det ingenting å seie på, i alle fall slik som vêret var denne dagen. Utsikta frå tunet var upåklageleg, og med ei smilande kone i døropninga og med villsauane gåande rundt huset, var det ikkje vanskeleg å forstå kva som gjer at Lars Erling tilsynelatande alltid er i godt humør.

Lars Erling (i kvit skjorte) ønskjer oss velkomen

Ingenting å seie på utsikta frå tunet til Lars Erling










Dyra var nok dessverre ikkje so tamme at vi fekk kome heilt innpå, men det gjorde ingenting. Eg hadde kikert, og i tillegg var det mykje anna å kike på, både når det gjaldt kulturlandskap, brannflater og ikkje minst den spanande geografien. Lars Erling delte frå erfaringane sine. Og dei er det mange av. Er det ein ting ein bit seg merke til når ein diskuterer rasa med austevollingane, er det viktigheita av å sikre mangfaldet. Det er eit ord vi også har framheva i rasestandarden, og noko som skil seg ut frå dei fleste andre husdyrraser. Å avgrense kva som er «innanfor» og «utanfor» mangfaldet er ikkje enkelt, men det betyr ikkje at ein skal gje opp å definere rasa, eller kva trekk vi må hegne om.

Horgo var rimeleg ulik Uksnøya, men visse fellestrekk var der. Det var ein kronglete geografi som gjorde sankinga utfordrande, ein måtte ha båt for å kome ut, og beitesamansetninga var ikkje heilt ulik den eg hadde. Begge stader har ein brent lyng, og områda låg eksponert for vêr og vind, sjølv om det nok er endå meir vêrhardt heime på Uksnøya. Viktige ulikheiter var at på Horgo var strandsona mykje brattare, men dei trengte ikkje vente på fjøre sjø for å sanke. Bergartane her gjorde nok beita skrinnare enn mine, noko også lammetalet vitna om. Men det er ein av dei tinga som er flott med denne rasa. Produksjonen kan og må tilpassast arealet, og det fins mange vegar til mål.



Torunn Haukanes er fornøgd med det ho ser
Ove "Pyro" Stumo nyt synet av nybrent lynghei

Det er ikkje berre villsauar som likar seg på Horgo

Røsslyng slik vi likar å sjå den


Eg hadde nok likt å hatt endå meir tid der ute, men eg trøsta meg med at dette ikkje skulle bli siste turen til Horgo. Medan vi venta på båten heim, fekk eg filma Lars Erling som fortalte om korleis villsauen hadde blitt redda. Den historia rekk eg ikkje no, men får kome i ei eiga sak seinare. Det skal rett nok seiast at knotten også likar seg på Horgo, og når kameramannen er spesielt populær blant knotten, var det ikkje lett å halde kamera roleg under filminga.

Lars Erling viser Mone Løvøy informasjonsheftet som markerte starten på markandsføringa av "villsau"
På veg heim frå Horgo
Over på «fastlandet», bar det heimover, der middagen venta. Lars Erling skulle stoppe på heimegarden sin for å skifte, og då forstår vel dei lesarane som har vore med sidan starten av reisebrevet, at eg også måtte ta eit stopp. Der fekk vi kika nærare på dyra hans, og korleis desse såg ut. Vi fekk og stifte kjennskap til dei «ekte» villsauane på Austevoll, dei som er forvilla, og går utan menneskeleg innblanding heile liva sine. Vi kunne sjå dei gjekk nede på markane, og kom ikkje opp når Lars Erling lokka inn dyra sine. Kva skjebne som er den rette for desse dyra, er nok eit omstridt tema. Det som er sikkert, er at dei ber på viktige genar for rasa, spesielt for oss som driv ekstensivt, og ein bør heller forsøke å samle dei inn enn å skyte dei ut.

Villsauane til Lars Erling er på veg mot oss
Trangt om plassen!
Flotte dyr!
Lars Erling har eit bra mangfald i flokkane sine
Villsauar på Selbjørn
Her ser du "ekte" villsau - dyr som går utan eigarskap
Desse dyra er forvilla og greier seg godt på eigenhand - dei ber på viktig arvemateriale

Heime på garden venta ein nydeleg middag og god prat utover kvelden, men søndagen var heller ikkje utan program, og vi gjekk til sengs i nokon lunde kristen tid.


Stangeland Gjestegard

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!