onsdag 25. juli 2018

Ikkje siste reis - Del 4

Søndagen opna med god frukost, før vi sette kurs mot Vik, der John Inge Vik har bygt opp ei stor driftsbygning, og satsar stort på villsaudrift. 

Omvising i den nye fjøsen til Jon Inge Vik
Ein av dei mest spanande tinga med å reise rundt å sjå på villsauar, er som eg har nemnd at dyra er litt ulike mellom ulike landsdeler, og for so vidt mellom ulike besetningar. Etter å ha arbeidd mykje med rasestandarden til rasa, er det ein ting som har vist seg utfordrande å sikre, nemleg lengda på spælen. Nina Hovden Sæter i Norsk Genressurssenter, hevda at dette var det viktigaste særtrekket til rasa. Eg, og dei aller fleste andre, slit med å få tak i avlsdyr med fine, korte spælar. Det er inga hemmelegheit at det ikkje berre er «villsaublod» i årane på dyra våre, og lange halar er ei arv frå dette. Korleis var so stoda i Austevoll? Fanst det fortsatt dyr som kunne vise til dei nærmast mytiske «10-12 cm» som eldre litteratur viser til? Eit av dei store spenningsmomenta på turen, i alle fall for min del, var akkurat dette, og no var eg so nær eit svar eg kunne kome. John Inge har mange dyr. Akkurat kor mange dyr han har vil han ikkje ut med, men det var snakk om 16 ulike flokkar på 14 ulike øyer. Vi skulle innom eit par av dei, og eg hadde håp om i alle fall få litt oversikt over korleis stoda var.

Alv Ottar kikar på villsau

Nokre av sauane til Jon Inge

Søye med lam
Ein kunne lett ta seg sjølv i å tenkje at ein mann med truleg eit firesifra tal villsauar, fort mista kontrollen. Og det var vel her mange fekk den største aha-opplevinga på heile turen kom, når John Inge kunne peike og fortelje om slektskapet mellom dyra i fleire generasjonar bakover. Det var rett og slett imponerande, sjølv om vi rett nok ikkje kunne verifisere at han ikkje bløffa oss!

Jon Inge Vik viser fram nokre av vêrane sine
Dette ser no lovande ut!

Det gjekk ikkje lenge før eg såg han. Ein fin vêr, med ein spæl kortare enn noko anna eg har sett. Då var det altso ikkje berre ei myte, dyra med dei skikkeleg korte spælane. Å fotografere dyr er ikkje enkelt, men heldigvis hadde eg massevis av plass på minnekortet. Etter å ha fått spælen på film, såg eg ein annan vêr. Ein som eg trur Egil heime på Sunnmøre hadde sett stor pris på. Var der plass i bagasjerommet til begge to? Hmm. Det kom til å bli trongt, og med Mattilsynet sine åtvaringar frå dagen før friskt i minnet, vart det ingen blindpassasjer denne dagen. Det var synd, for dette hadde vore ei perfekt trøst til ein som ikkje fekk vere med på denne fantastiske turen. Og sjølvsagt ei fin gåve til meg sjølv.
Spraglete dyr gjev fine skinn!

Denne vil eg ha med heim!
Snakk om kort spæl!

Her var det fleire spennandes dyr å kike på
Her var det fleire lovande kandidatar til å "smugle" heim
Denne er perfekt til Egil!
Fin spæl hadde den også!

Eg fekk sett mange dyr på denne reisa. Det var mykje forskjellege dyr, både i storleik og type, korte og lange spælar, fine og mindre fine horn. Men dei finaste dyra, var veldig fine. Og dei kortaste spælane var kortare og finare enn noko anna eg hadde sett. Dette arvematerialet skulle vi fått hand i. Mange av dyra eg hadde sett var merkbart mindre enn dei heime. Om dette skuldast arv eller miljø, var ein av diskusjonane som hadde gått heile helga. Det er lite tvil om at mange stader er beita rimeleg skrinne, mykje grunna dei knallharde bergartane i Austevoll, som gjev dårlegare vekstforhold for vegetasjonen. Slik sett er det i alle fall eit visst innslag av miljø.

Viktigheita av å ha dyr som er tilpassa beita og driftsform, var også ein av konklusjonane frå paneldebatten vi hadde dagen før. Å kjøpe vêrar frå besetningar som over lengre tid har valt ut dyr som produserer godt med vinterfôring, og so bruke dei i ei besetning utan vinterfôring, kan slå uheldig ut.

Bilen var lasta med mange inntrykk i det vi sette kursen mot fergekaia og vegen heim.




Å knipe ned i dyra er viktig for å sjekke haldet
Enkelte dyr skiller seg umiddelbart ut. Det var tilfellet for denne nydelege søya.
Dyr i ulike fargar - det likar vi
Fin spæl. Vinterulla er snart laus.
Denne søya har snart fått av seg ulla
Flott kulturlandskap
Det er vel ikkje mykje som er finare å sjå på enn villsau i slike omgivnader?
Her har dei arbeidd for kvar ein kvadratmeter med jord!
Imponerande ryddingsarbeid

Eg elskar byggverk i naturstein!
Av og til vert fotografen objektet - Foto: Mone Løvøy

Sjekk den veita!
Fin utsikt for vevkjæringa som har funne seg til rette i veita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!