mandag 30. juli 2018

Ikkje siste reis - del 5

Frå tid til anna treff ein menneskjer ein bit seg merke i. For det er gjerne dei som tenkjer litt annleis ein hugsar best. Dei som tørr å gå utanfor råsa. Friske pust, som kan sette saker og ting i eit anna lys. 


Eli Bjørkelid må kunne kallast eit frisk pust. Ho fekk haik eit lite stykke på vegen, og vi hadde ikkje køyrt av ferga før den eine diskusjonen tok over for den andre, og før vi visste ordet av det var vi i Knarvik, der ho skulle av. Dei to som hadde delt baksete med ho, tenkte kanskje at det var greitt å få midtsetet tilbake. Kva veit eg. Sjølv synes eg det var litt dumt ho ikkje skulle lenger, for konklusjonane var fortsatt eit stykke unna, men eg kjente meg trygg på at vi kom til å treffast igjen.

Denne flotte vêren slapp ikkje so lett frå tankane mine
Alle veit at ei god reiseskildring, berre skal spegle reisa i det indre. I motsetning til dei kjente reisefilmane frå populærkulturen, der hovudpersonane ofte reflekterer over livets store spørsmål, medan dei køyrer over endelause vidder eller ørkenar, er Vestlandet fullt av krappe svingar som alle krev merksemda di. Det at ein har bilen full med folk som gjerne tek ein diskusjon, hjelp heller ikkje på. I alle fall til eg fekk sett av reisefølgjet, og berre den siste 1,5 timen låg framføre meg, åleine. Vartdalstranda. Ein tur eg har køyrt utallege gongar før. Ein stad ein kan reflektere, eller kanskje oftare, kjenne på at no må ein snart stoppe å ta ein dubb, slik ein ikkje sovnar bak rattet. På denne turen var det heldigvis refleksjonane som fekk plass.

Eg var ferdig i styret i Norsk Villsaulag, men reisa som starta med ei kjensle av at ringen skulle sluttast, enda heller med ei kjensle av å glede meg til neste tur. Eg ville sjå meir. Lære meir. Engasjere meg. Sjå sauane til Jon Inge på Fitjar. Dei han hadde hevda var endå flottare enn dyra han hadde på Austevoll. Få treffe folka i Agder, som skjøttar lyngheiene rundt Lindesnes. Brenne lyng i lag med Ove Stumo og tøffingane på Haugalandet, eller kanskje drage i gong noko liknande på våre kantar. Få besøke Hilde på Vêrlandet. Kanskje ein tur til Shetland, Orknøyane og Hebridane. Sjå Soay-sauen på St. Hilda. Alv Ottar og eg hadde faktisk snakka litt om det… Men først må eg føre litt tilsyn med dei heime, og sauane på Uksnøya. Kanskje skrive litt for medlemsbladet Villsauen, når tida tillèt det. So får tida vise kva meir ein rekk over.

Ein vert ikkje rik i pengar av å sitte i eit slikt verv, der ein arbeider gratis. Ofte går det også utover anna lønna arbeid. Ein brukar fridagar på å reise, og ei slunka kasse gjer det lettare å runde ned enn opp på reiserekningane.

Men ville eg vore forutan?

Dei gode vennskapa? Historiene rundt middagsbord og i bilen? Lærdomen frå gamle menn med mykje livsvisdom? Kjekke kvinner, menn og dyr frå heile landet? Dei flotte rumpene? (Red. merk: spælane på sauene) Dei fantastiske stadane, som berre nokre få heldige får oppleve?

Aldri.

Takk for turen. Vi sjåast igjen.

Har du likt å vere med på turen? Legg gjerne igjen ein kommentar. Og hugs: meld deg inn i Norsk Villsaulag. Dei har mykje spennandes på gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!