søndag 23. september 2018

Historia om Turid


Mormora mi, Turid, er på sett og vi grunnen til at eg driv med villsau. Det er igjennom ho Uksnøya kryp inn på «mi grein» på slektstreet. Men det er ikkje først og fremst som eigedomsmagnat Turid er kjent. Det er som kokke og bakstekone; for dei fleste som besøker Uksnøya rekk knapt å sette foten i land før ho kjem springane med nydeleg gjærbakst!


Det er slik du oftast ser ho; bydande på vasskringler eller andre godsaker

Turid vaks opp på garden Nytun på Fjørtofta, og brukte ofte somrane til å hjelpe slekta på Uksnøya med gardsdrifta. Likevel vart det ikkje gardskjerring av ho. Ho arbeidde som kokke, på fiskebruk, som reinhaldar, dagmamma og avisbod. Slik sett var det synd for jordbruksnæringa, for Turid har alltid vore eit arbeidsjern. Sjølv no, oppe i åttiåra, stiller ho opp på dugnad når noko skal gjerast, og sist den store løa på Uksnøya vart måla, var det ho som måla gavlveggen, og stod på øvste trinnet på den lengste stigen på garden. Ein annan ting mange kjenner ho som, er strikkemaskin. Ingen veit talet, men det er ikkje få tjukkeraggar, tjukkegenserar, ullbukser og andre strikkeklede som har funne vegen til slekt og venner, for ikkje å gløyme barneheimane i Aust-Europa.
Ullkleda har også kome henne sjølv til gode. Eg kjem spesielt godt i hug vinteren 2012, når gradestokken viste alt for mange minus, og vi var på veg ut til Uksnøya på dugnad. Vinterstid er der ikkje flytebrygge på Uksnøya; til det er det for vêrhardt. Då måtte vi legge den største båten på bøya, og bruke småbåten for å gå i land. Det var kald og frisk vind frå aust, og godt med bårer, i det Turid skulle ta steget over i småbåten. Turid har alltid vore glad i å bade. Også denne gongen tok ho det med eit smil, sjølv om det ikkje var heilt planlagd. Heimreise var uaktuelt, ho ville opp i huset. Fyr i vedomnen, tørre klede, og so i arbeid.
Det seiest at gjærbaksten til Turid er velsigna, og at det er dei som har vore med på sauesanking i ei årrekkje, berre for å få smake på vasskringlene, som sjølvsagt er toppa med godt meierismør. No bør ein kanskje ikkje skrive det på ein slik stad, men baksten er også avgjerande for å halde seg inne med Mattilsyn, Debio og andre etatar ein treng å vere på godfot med. Gåver er som kjent ikkje innanfor, men ei kringle eller to til ein svolten inspektør må vel vere lov..?

Her har ho bytt ut kjøkkenteneste med coopersect.
Eg skal nok innrømme at alt dette «maset» om mat, kan vere irriterande til tider. Når dagslyset minkar på, og sveitta renn i det båtane vert lasta med dyr for å rekke å bli ferdig med å frakte dei over til Fjørtofta, er det ikkje mat og kos i Gamlestova som ligg fremst i hovudet. Likevel er det ikkje til å kome frå, at utan mat og kos, ville sauedrifta vore kortliva. Den sosiale ramma rundt arrangementet er avgjerande for å få frivillige til å stille opp å hjelpe oss, og her spelar Turid ei avgjerande rolle. Det er ho, og dei seinare åra også systra Elsa, som varmar mat og steller til på sankingane, slik at svoltne sauegjetarar kan ta ein pust i bakken og litt mat, medan dei fortel ei og anna røvarhistorie frå ei tidlegare sanking.
Turid likar seg godt på Uksnøya, men like sikkert som at kvelden kjem sigande, er at ho startar å lengte heim til Fjørtofta. Minna frå å vere «fastlåst» der ute som born, i veker med nordavinds-kuling som gjorde det uråd å reise heim til foreldra på Fjørtofta, sit fortsatt i. Heldigvis er båtane i dag gode, og kryssar fjorden i all slags vêr. Då kjem gjerne Turid ut igjen dagen etter.
Sjølv om Turid er unik, fins det heldigvis mange slike heltinner rundt om endå, og ikkje minst har dei vore  mange av opp igjennom historia. Dei som kanskje ikkje vinn ære og den største omtalen i avisa, men like fullt er avgjerande for suksessen. Slik sett passar ho godt inn i ei lang rekkje fiskarbondekoner. Dei som stelte borna, strikka klede, laga mat og dreiv gard når karane var på fiske.
Mi kjære mormor skal snart under kniven for å verte kvitt ein svulst i magen. Slik vêret har vore denne hausten, kan det vere at vi må prøve å greie oss utan ho på sankinga. Kjenner vi ho rett, er det ikkje lenge før ho igjen står på kaia med kjølebagen pakka med godsaker, klar for ein tur til Uksnøya.
Alle i familien ønskje rask og god betring.

PS: hugs å sette pris på dine kvardagsheltar!

Turid er blid og glad over at sankinga gjekk bra denne gongen også.


onsdag 5. september 2018

Uksnøy Villsaulag 25 år - vegen hit og vidare

Om ikkje mange dagane, er det 25 år sidan dei første villsauane vart sleppt ut på Uksnøya. Vel, akkurat å hevde det ville vere ei stor historieforfalsking. Det rette vil vere å seie at det er 25 år sidan villsauen var «re-introdusert» på Uksnøya. Sauerasa har nok gått ute på øyane i mange hundre år, ja kanskje endå lengre, før dei siste vart slakta ned rundt krigen. Då var befolkningstalet på veg ned, og det seiast at han som dreiv garden var lei av å springe etter desse halvville sauane. Historia ville det likevel annleis.


Ein risbit får smake på mjølet frå Liv (2) og Kjartan
Mykje av historia vår, finn du allereie under «Uksnøya» her på sida, men i eit slikt spesielt høve, har eg saksa ut litt av teksten, og fletta det inn her. 

Ein haustdag i 1993 vart eg spurt fri frå skulen. Eg skulle få fri dei tre siste timane, og so snart skuleklokka ringte ut, heiv eg med på sykkelen. Eg kjem godt i hug korleis eg sykla forbi ein traktor i godt driv heimover. Eg hadde aldri sykla so raskt heim frå skulen som denne dagen, men so var ikkje dette ein kva som helst dag. Denne dagen skulle ein flokk villsauar fraktast ut på Uksnøya! Pappa var allereie kome ombord i båten og låg med motoren i gong. Dyra var i ferd med å verte lasta ombord i havtraktoren som skulle frakta dei ut frå Harøya. Her var det ikkje rom for drøling!

Drifta med villsau kom i gong som eit tiltak for å redusere skadane grågåsa medførte på innmarka på naboøyane. Målet var at markane på øya skulle kome tilbake til gammal glans, og soleis vere attraktiv for gåsa. Dette var eit samarbeid mellom landbrukskontoret, grunneigarane og bondelaga på Fjørtofta og Harøya. 17 lam vart henta frå Smøla, og neste vår hadde dei 14 søyelamma fått kvart sitt lam.

Den gongen var villsau ukjent for dei fleste.  Det er med eit smil om munnen eg minnest at vi vart fortalt at kjøtet var so dårleg på smak at det ikkje kunne brukast som mat. Det vart fremma forslag om at ein då måtte grave ned kjøtet når flokken vart for stor. Heldigvis vart nokre vêrlam teke med heim og slakta, og resten er, som ein ofte seier, historie.

Sauane treivst godt, og dei gamle markane kom i stadig betre hevd. Grågåsa fann også vegen, sjølv om det dessverre ikkje vart mindre gås på naboøyane. For pionerarbeidet fekk partane tildelt Møre og Romsdal sin Kulturlandskapspris.

Prisen vi fekk i lag med samarbeidspartnarane som var med å starte opp

Ein ting som ikkje var fullt so bra, var at tuene som hadde dominert innmarka, framleis stod igjen.  Enkelte stader kunne dei vere godt over ein halv meter høge. Ein sommar eg og nokre kameratar ferierte på Uksnøya, gjorde vi forsøk med å knuse tuene med ein ombygd plenklippar. Ei mark rett nedom tunet vart rydda for tuer ,og resultatet vart so bra at vi neste sommar fekk frakta ut traktor, og arbeidet kunne starte for alvor.

Lyngbrenning vart også henta fram av gløymeboka, dette for å få lyngheiene tilbake til gammal hevd.

Første beitepussaren på Uksnøya - ein ombygd Norlett plenklippar, med fjørstål som kniv
Det som starta som eit breidt samarbeid mellom mange partar, er no dreve av eigarane av den eine garden på Uksnøya. I tillegg til dei nemnte bondelaga, var eigarane av den andre garden, Knutgarden, med på å drive sauelaget i mange år.

I dag er eg 35 år gammal, og eg har helde på med villsau i 25 av dei. Det er mykje som har skjedd sidan sykkelturen heim frå skulen, der eg for første gong skulle treffe sauane som skulle verte våre. Likevel har eg fortsatt svært mykje å lære. Og det er kanskje det som er so utruleg kjekt med dette: ein vert aldri utlært. Dyra vi starta med var nok langt mindre rasetypsike enn dei vi har i dag. Eit forhold til raseskildringa, og kva som er ein «god villsau», fekk eg først for rundt 10-12 år sidan. Fram til det var det nok svært mykje tilfeldigheiter i utvalet, noko også resultata bar preg av. Likevel har vi med oss ei arv i flokken det er verdt å ta vare på. Vi var heile tida oppteken av å ha mange ulike fargar og typar, noko som gjer at eg meiner at vi i dag har eit større mangfald enn mange andre.

Etter at vi har «luka ut» ein del atypiske trekk, framstår flokken i dag rimeleg bra, og for kvart år som går, vert eg meir og meir stolt av å vise fram dyra våre til andre i villsaumiljøet.
Øygruppa dyra går på, har frå eit landskapsmessig perspektiv, ikkje sett betre ut på svært mange år. Innmarkane er i flott hevd, og nesten alt av lyngheier står frodige og flotte, etter å ha blitt svidd av dei siste 10-12 åra. Ein skal vere varsam med å «ta opp igjen» skryt frå andre, men etter å ha gått over øygruppa i lag med Mons Kvamme og kona, no i sommar, hevda han at vi med stoltheit kunne vise fram resultatet til «kven det skulle vere». Slikt er sjølvsagt motiverande. Både til å fortsette i mange nye år, men også til å fortelje andre om viktigheita av dette arbeidet.

Når ein ser tilbake, er det tydleg at det var svært mykje vi ikkje visste når vi starta opp. Rett nok var det fleire som hadde dreve med sau før, men ikkje denne typen sau eller i denne driftsforma. Vi fekk også servert myta om at «villsauane greier seg sjølve». Sanninga var noko heilt anna. Jauda, det er kanskje langt mindre styr og ståk enn med dei meir intensive sauerasane som treng hjelp til det meste, men at dei greier seg sjølv er aldeles ikkje sant! Ikkje om ein skal drive med god dyrevelferd, og oppnå gode resultat.

Ein viktig lærdom, var på den første haustsankinga, når ei søye kom med ein tova «ullkrans» rundt nakken, som stramma rundt halsen. Etter dette vart det straks starta å fjerne den gamle fellen på dyra, og frå den gong av har dyra vore samla for å verte klipte eller nappa.

Sauesanking på Uksnøya på midten av nittitalet - markane i bakgrunnen bar framleis preg av forfall

Ei annan viktig lærdom, var haldvurdering. Uksnøya ligg langt til havs, og vi opplever skjeldan noko hard vinter der ute. 2011 og 2012 vart unntak som gjorde at vi også fekk bøye nakken for Kong Vinter. Vi har aldri hatt eit høgt tap av dyr om vinteren, men den første vinteren med ekstremkulde viste tydleg at vi måtte vere strengare på kven av dyra vi lot gå om hausten. Tapet av dyr var høgare enn vi sette pris på, og det var tydeleg at det var dei eldste som var mest utsett. Sidan den gong har vi hatt svært lave tap, også i kalde og harde vintrar.

Lammetal og klassifisering har også variert mykje. Vi har vore plaga med tap av lam til ramn og kråke, men har funne ut metodar for å minimere problemet. Klassifiseringa på slakta har vorte svært mykje betre, som eit resultat av avl og beiteskjøtsel. Beiteskjøtselen har også gitt positiv effekt på lammetalet.

Uksnøya, grøn og frodig etter regn
Drifta i dag er nok mykje meir profesjonell enn tidlegare, både i form av praktisk arbeid, men kanskje spesielt i form av administrative oppgåver. Rekneskap, rapportar og søknadar til Mattilsyn, Debio m.fleire krev sitt. Heldigvis har tilskotsordningane og kjøtsalet gitt oss moglegheit til å finansiere arbeid og ikkje minst utstyr som trengst, slikt som båtar, beitepussar og gjerdemateriell.

Kart over beiteområdet påteikna områda der vi har brent lyng


Eg har ingen problem med å innrømme at det var mykje eg skulle likt at vi visste når vi starta opp. Vi var av dei første i Møre og Romsdal som starta opp igjen med denne rasa og denne driftsforma, og det var langt mellom dei ein kunne diskutere med. Kunnskapen frå eldre tider hadde døydd ut. No fins det villsau på snart kvart eit nes, men det er dessverre fortsatt dei som veit like lite som vi gjorde, og gjer dei same feila. I dag fins det ei stor mengde informasjon om dyra og driftsforma, det fins gode nettverk i regi av Norsk Villsaulag, diskusjonsgrupper, og sider som denne, der eg so langt eg greier, deler av eigne erfaringar og kunnskap for å fremme godt villsauhald. Då fins det «heldigvis» ingen unnskyldningar for å gjenta feila våre. For som dei seier i Russland: Den smarte lærer av andre sine feil, idioten berre av sine eigne! Ikkje ver idioten.

Trass i at vi har teke store steg sidan vi starta opp, er det ikkje utan bekymringar å drive med sau på ei øygruppe langt til havs, på ein av dei mest vêrharde stadane i Norge. Vår drift er styrt av vêr og vind, og månen og sola bestemmer når vi skal sanke. For vi treng fjøre sjø, akkurat til rett tid på dag. Viss ikkje går det ikkje å få sanka og få gjennomført arbeidet med dyra same dag. Vi treng vêr til å krysse fjorden, ikkje berre med folk, men med alle dyra som skal til slakt. Det skal skje før det vert mørkt, og alle må reise heim. Transporten er også sopass arbeidskrevjande, med fleire båtar, traktorar og mykje mannskap til lasting og lossing, at det ikkje er enkelt å dele opp over fleire dagar. Når vinden ruskar i trea, kvelden før sankinga, kan det vere vanskeleg å få sove. På ei vanleg sanking er vi mellom 25-30 vaksne i arbeid. Ein god ven og kollega som var med på sanking, uttrykte ein viss «sjalusi» for øya og beita våre, men var rask å legge til at «fjorden, den kunne han greie seg utan». Utruleg nok er det berre eit fåtals gongar vi har måtte gje opp og utsetje sankinga. Sauegudane har slik sett vore nådige med oss.

Dei skriftlege kjeldene fortel oss at øya og gardsdrifta har vore i familien sidan 1586. Truleg går historia endå lenger tilbake. Det seiest at delar av det tynne jordlaget der ute er rodd dit i båtar frå naboøyane. Det er kanskje ikkje rart å forstå at det alltid er med ei viss ærefrykt for historia, eg trør på meg støvlane mine og går i land på Uksnøya. Med 25 års jubileum for gjenoppstarten av gardsdrifta, er det kanskje lov å blande inn litt stolteit i denne ærefrykta. Ei stoltheit over at landskapet no ser like vakkert ut som før, og vi igjen driv garden og produserer mat på desse forblåste, men frodige øyane.

Med storhavet som nermaste nabo, er båre og bråttsjå aldri langt unna

Sjølv om vi i Uksnøy Villsaulag kanskje har mykje å vere stolte av, er det likevel noko eg vert endå meir glad for en rosande ord frå kollegaer, lynghei-biologar eller kundar som hevdar at «dette er det beste kjøtet dei nokon gong har smakt». Det er gleda av å sjå dei som kjem etter. Ungdommane og borna våre som tek ansvar og meistrar arbeidet og handverket det er å drive med sau. Det gjev tru på framtida, motivasjon til å investere tid og pengar i gard og utstyr som det vil ta mange år å tene inn, men framfor alt moglegheit til å bruke tid i kvardagen på å reise på tilsyn, vêrsjå, sanking, brenning og anna arbeid som følgjer med. Sjølv er eg fortsatt ein ung mann og ikkje har tenkt å trekkje meg ut av drifta på mange år endå, krev det å drive garden der ute i havet, mange folk og mykje innsats.

For denne vêren med eit svakt horn, vart møtet med Natalie (13), fatalt

I dag er Uksnøy Villsaulag drive av 4 generasjonar frå familien vår. Mellom den eldste og den yngste skil det over 8o år! Alle bidreg der dei kan, og finn glede i å ta del i arbeidet i lag. Drifta knyter oss saman, ikkje minst med alle dei gode vennane og kjente som har bidrege på sankingane opp igjennom åra. Hatten av for desse! Det hadde aldri gått utan dokke!

Eg må også få rette ei stor takk til alle gode sauekollegar og samarbeidspartnarar. Gode diskusjonar, og mykje lærdom har eg fått frå dokke. Ei spesiell takk til min kjære «mentor», Egil Kvalsund som alltid har gode svar når eg står i ei knipe, eller berre vil diskutere rett slaktetidspunkt for å sikre best mogleg kvalitet på kjøt og beiter.

Avsluttingsvis vil eg takke alle som kjøper produkta våre. Dokke er med å legge grunnlaget for drifta vår. Fleire av dokke har servert kjøt frå Uksnøya til det viktigaste måltidet i året, julemiddagen, i ei årrekkje. Det ansvaret (og æra) tek vi ikkje lett på. Takk og gratulere med jubileet til alle saman!

Klikk her for å lese meir om historia til Uksnøya

NB: Eg skal også prøve å få samla meir bilete og video frå "gamle dagar". Kik innom!