onsdag 17. oktober 2018

I mot alle odds


Det er fredag kveld, kvelden før sanking av sauane. Ledegjerder er rigga opp. To båtar og tre traktorar er klare til innsats. Mat er kjøpt inn, folk kalla inn og skyssbåten er klar til ein tur i grålysninga. Det einaste som manglar er vêr. Rettare sagt godt nok vêr.

Dette er ikkje første helga vi prøvar å sanke sauane. Det er den femte. Vi har måtte gi opp fire gongar, og optimismen vi starta med er vaska vekk av regn og vind. Å unngå regn er rett nok luksus, men vinden, den kan sette ein effektiv stoppar for sankinga. Rundt 150 dyr skal krysse fjorden i båt. 4,5 km med hav, der vinden raskt piskar opp sjø og kan sette både folk og fe i fare. Fleire av helgane har bårene vaska over moloane, noko som er eit sikkert teikn på at det ikkje er smart å legge ut i båt.

Dagane er allereie kortare, og det er liten tvil om at dei 150 ekstra munnane har sett preg på beita ute på øya. Beiter som i utgangspunktet har hatt eit tøft år frå før. Dagane vert kortare, beita dårlegare, og snart startar brunsten. Slaktebilen er allereie utsett ein gong, og det er vanskeleg å få ny tid.
Vêret ser heller ikkje til å vere på vår side denne helga heller. Det har vore ein og annan dag med fint vêr i vekedagane, men å skaffe nok folk midt i veka, gjerne på kort varsel, er inga lett sak. Kvar gong helga har nærma seg, har vêret skifta til det verre. Denne helga er ikkje eit unntak. Meldinga seier 14 m/s før sørvest. Då er det ikkje råd å lande med båt, for ikkje å snakke om å frakte dei over til Fjørtofta. 


Klare til sortering!


Vi er einige om at vi må gjere eit forsøk, og håpe ting vert betre enn meldingane. Her gjeld det å få opp humøret. Eg hevdar at eg er fornøgd om vi får over 40 dyr før kvelden kjem. Kanskje rekk vi meir søndag, til tross for at det er meldt 22 m/s. Uansett er det kvart dyr som vert frakta, eit dyr mindre neste gong vi får vêr. Det er også ein munn mindre å mate den komande veka. Vi sender ut beskjed om at vi køyrer på som planlagt. Dei mest sjøredde får beskjed om å ta ferga til Harøya, der vi har avtalt biltur ut mot vest, der vi skal frakte dei den siste biten i båt.

Om natta bles det godt, men når morgonen kjem, høyrest det roleg ut. Vinden skulle allereie vere heftig. Eg tek turen ned i fjøra. Svak vind, og roleg hav. Dei som skulle ta ferga får beskjed om å hive seg med taxibåten. Vi hiv oss i båtane og sett i gong. Akkurat i det vi skal legge til berget, aller lengst aust, der eg og dei andre drivarane skal starte å drive dyra mot garden på Uksnøya, frisknar vinden på. Heldigvis har taxibåten akkurat fått av folket, og vi er i gong. Det går ikkje lenge før det vert vanskeleg å kommunisere utan VHF. 

Fjøra er heller ikkje av dei største, og det kan verte tøft å rekke å få dyra over det frykta sundet Halt-Ola-Bykset før sjøen kjem opp å stenger oss av. Her gjeld det å halde tempoet oppe. Etter at ein og annan etternølar vert jaga inn i flokken, går ting som smurt, og ikkje lenge etter er dyra inne på tunet. Det vart rett nok vasping på mange av dei, og ein og annan sau la på svøm, rett nok utan særleg påtrykk. Ein og annan støvel vart også i kortaste laget, men det er meir som ein tradisjon enn eit problem.



Regn og papir var ein dårleg kombinasjon og pavilongen måtte slåast opp - Foto: Åshild Fjørtoft

Det har friskna på, men ikkje verre enn at det kan gå. Ein skal ikkje gå på akkord med sikkerheita, men tvilen får kome oss til gode og vi må gjere eit forsøk. Det er nok liten kuling i det første båten er lasta og sett kurs mot Fjørtofta. Nødrakettane i båtane ligg lett tilgjengeleg, og Evelyn har funne seg ein utkikspost der ho følgjer med fjorden med kikert. Heldigvis er det godt erfarne folk som sit i båtane, og tilbakemeldinga er at det går greitt, sjølv om det krev ein del lensing for å få ut sjø som sprutar over rekka.

Lasta og klar til transport

Johan er fornøgd med den nye sorteringsporten


Liv gjev sauen sin, Pippi Langstrømpe, ein god kos
Sjølv om vi har kome i gong, er det ikkje gitt kor lenge vi får halde på. Sorteringa av dyr går på høggir, og snart er mykje av dyra klare til frakt. Vi har lagt ned ein del arbeid for å gjere at ting skal gli. Buffer-binger er bygd opp på Uksnøya, og ny henger er kjøpt inn for å avhjelpe situasjonen på Fjørtofta. Alt glir godt, og det eine lasset avløyser det andre. I det dei første 40 dyr har kryssa fjorden, er det fortsatt vêr til å fortsette.

Ei jubileumsgåve til dei frammøtte som trossa vind og regn for å hjelpe oss - Foto: Åshild Fjørtoft
Nesten like spennandes som om vi fekk godt nok vêr, var kort hardt vi ville bli straffa for det harde året vi har bak oss. Ein kald vår, ein tørr sommar, mykje grågås og no ein våt og vêrhard haust. Ting har ikkje sett bra ut, og meldingane om lave vekter har kome frå fleire kantar på Sunnmøre. Eg har  frykta det verste. Vel i gong med veginga, ser det heldigvis ikkje beksvart ut, sjølv om det er umogleg å seie noko før ein ser snittvekta, og ikkje minst korleis slakta vert klassa. Mordyra ser derimot ut til å ikkje ha lagt på seg like mykje som normalt. Ei umiddelbar glede er å sjå at det nyfødde lammet som var der på sommarsankinga (for lite til å vegast), har klokka inn utrulege 25 kg på vekta!

Ein av avlskandidatane - Foto: Åshild Fjørtoft

Kl 16.03 går siste båt frå vøra. Det kjennest rart ut, for det er ikkje mange timane sidan vi diskuterte korleis vi skulle rigge lys på båtane, om vinden først stilna om kvelden, slik at vi måtte transportere dyr etter at det mørkna. Ei bør er teke av skuldrande våre, og då er det duka for ein aldri so liten fest i Gamlestova. Varm mat, kake og gode historier, i lag med venner og kjente som har stillt opp å gjort det heile mogleg. Det 25. året vart eit av dei tøffaste vi har hatt, men so har vi heldigvis erfaring til å vite at neste år kan verte betre. Vinterbeita ser også fantastiske ut etter mange år med lyngbrenning, noko som skal gje eit godt utgangspunkt for dyra som går igjen, sjølv om graset kanskje er meir beitt enn normalt.


Siste båt er snart klar til avgong.


Dette søyelammet var rett nok litt lite, men so fint at eg ville notere talet i tilfelle eg ombestemte meg og ville hente det ut frå slaktebilen (fortsatt i tenkeboksen)

Vel heime har eg fått kika på vektene. Det ser faktisk ut som om dei er over fjoråret, rett nok vart det i fjor vegd ei stund tidlegare. Fjoråret var eit moderat dårleg år, men det gjev i alle fall håp om at vi skal lande på føtene, i mot alle odds.


Vinden spakna i god tid til at folk skulle heim - Foto: Ann-Kristin Klokk