mandag 5. november 2018

Dagen over dagar

Ein haustdag i 1993 vart eg spurt fri frå skulen. Eg skulle få fri dei tre siste timane, og so snart skuleklokka ringte ut, heiv eg med på sykkelen. Eg kjem godt i hug korleis eg sykla forbi ein traktor i godt driv heimover. Eg hadde aldri sykla so raskt heim frå skulen som denne dagen, men so var ikkje dette ein kva som helst dag.


Denne dagen skulle ein flokk villsauar fraktast ut på Uksnøya! Pappa var allereie kome ombord i båten og låg med motoren i gong. Dyra var i ferd med å verte lasta ombord i havtraktoren som skulle frakta dei ut frå Harøya. Her var det ikkje rom for drøling!

Drifta med villsau kom i gong som eit tiltak for å redusere skadane grågåsa medførte på innmarka på naboøyane. Målet var at markane på øya skulle kome tilbake til gammal glans, og soleis vere attraktiv for gåsa. Dette var eit samarbeid mellom landbrukskontoret, grunneigarane og bondelaga på Fjørtofta og Harøya. 17 lam vart henta frå Smøla, og neste vår hadde dei 14 søyelamma fått kvart sitt lam.


Den gongen var villsau ukjent for dei fleste.  Det er med eit smil om munnen eg minnest at vi vart fortalt at kjøtet var so dårleg på smak at det ikkje kunne brukast som mat. Det vart fremma forslag om at ein då måtte grave ned kjøtet når flokken vart for stor. Heldigvis vart nokre vêrlam teke med heim og slakta, og resten er, som ein ofte seier, historie.

Teksten over er rett nok henta frå arkivet her på sida, men so er dagen i dag ikkje ein kva som helst slags dag heller. Den er sjølve jubileumsdagen vår. I dag, den 5.11 er det akkurat 25 år sidan sauerasa som tidlegare hadde beitt kystlyngheiane lengst ute i havgapet vart "reintrodusert" på Uksnøya. Dyr frå denne flokken skulle finne vegen til mange stadar på Sunnmøre og i Romsdal, når rasa vart populært som landskapsarbeidar.

I samband med jubileumsartikkelen eg hadde ute tidlegare, vart eg kontakta av Tor Arild Engstad, som var med på prosjektet. Islandske Runar hadde dyretransportbil, og dei to starta med første ferge frå Aukra og køyrde til Edøya på Smøla. Per Halse leverte 17 villsauar, som dei to bringa til Myklebust, og vidare til Uksnøya. Tor Arild som arbeidde på landbrukskontoret, hadde med kamera, og foreviga dagen for ettertida.

Kjenner du igjen nokon på bileta? Legg gjerne igjen ein kommentar!
Foto: Tor Arild Engstad

Foto: Tor Arild Engstad

Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad


Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad


Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad

Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Foto: Tor Arild Engstad
Takk til Tor Arild for bilete.

Og ja, guten med det store smilet, det er eg.

Om du vil lese meir om historia til Uksnøy Villsaulag, klikk her!