lørdag 6. april 2019

Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte, fekk han Hug til si heimlege Strand - Fotokavalkade

Desse velkjente orda er ikkje mine, men Ivar Aasen sine, og er henta frå sjølvaste nasjonalsangen. (I alle fall den som burde ha vore det). Den oppsummerer perfekt korleis ein kvar kystbuar her i Noreg som har kjempa med båre og bråttsjø, sludd, vind og regn i månadsvis, kjenner det når no våren endeleg bankar på døra.


Fredag var ein slik fantastisk vårdag. Rett nok var det meir som ein smak av sommar. Fleire stadar i distriktet nærma det seg 20 grader, og det vart nesten for mykje av det gode på ein gong. Vi var spendt på om lamminga hadde starta, og nytta finevêret til å ta turen ut.

På Uksnøya var det ikkje fullt so varmt, men ikkje lenger etter vi kom i land, spakna den vesle vinden, og stemninga vart magisk. Det var ingen teikn til lamming, sjølv om det umogleg kan vere langt unda. Det elendige vêret i fjor haust, gjorde at det gjekk 150 dyr der ute ein månad lenger enn normalt. Pga dette utsette sleppet av vêrane med 2 veker, slik at den ekstra lasten på haustbeita ikkje gå ut over mjølkeproduksjonen til søyene. Med det kalde vêret siste vekene, har eg vore godt nøgd med den avgjerdsla. Men dyra er i alt anna enn dårleg hald. Dårleg vintervêr gjev feite sauar på Uksnøya. Då ligg tarestålet tjukt, i kvar ein krik og krok i øyriket. Sjølv om lyngheiane er finare enn nokon gong, er det nesten alltid nede i tara vi finn dyra når vi er på tilsyn. Slik var det og denne gongen.

Greie forhold


Etter å ha kika litt på avstand, tok vi turen mot dyra med kraftfôrbøtta, med håp om å få dei innpå oss. Det er lagt i frå alle dyra som et kraftfôr, so vi hadde med siste rest med lauv frå i fjor sommar. Lauvet var eit alternativ til høy, som vi brukar for å lokke til oss dyra for temming. Etter litt tilvenning, har dei fått sansen for lauvet. Når vi nærma oss dyra, trekkte dei litt saman, og litt vekk frå oss. Den vesle trekken gjekk feil veg, og då kjenner dei ikkje lukt av kjentfolk, eller av maten vi har med. Etter iherdig lokking og skramling med bøtta, gredde vi heldigvis tilslutt å lokke nokre av dyra til oss. Sjølv om det grøne graset let vente på seg, var det ingen teikn til at dyra var særleg svoltne. Mange av søyene var like brei som dei var lang, eit godt teikn for at lamming snart startar.

Stor fjøre - men større skulle ho verte
Smith-huset nyt vårsola

Liv har fått eigen kikkert!
Marius har fått ein større kikkert... - Foto: Terje A. Fjørtoft

Terje inspiserer terrenget for søyer med lam




Villsauane kosar seg med tang og tare
Legg merke til søye nr 2 frå venstre. Det må vere tvillingar :)
Svært mange grågås å sjå også
Villsaune kosar seg med tang og tare
Rasmus leiar ein liten gjeng mot oss - foto: Natalie Fjørtoft


Ein smak av sommar
Ein smak av sommar
Ein smak av sommar
Ein smak av sommar - foto: Natalie Fjørtoft
Ein smak av sommar - foto: Natalie Fjørtoft
Villsaubeite i havgapet

Harøya i det fjerne
Fjørtofta i det fjerne
Rasmusgarden
Ikkje lett å sette kursen heim i slikt vêr
Fristande med ein dukkert?
Natalie er fornøgd med turen


Lite sjøsprøyt på dei nypussa rutene til Terje


Det var ikkje lett å sette kursen heimover på ein slik kveld, men snart er påska her, og då vert det kanskje mogleg å få til nokre overnattingar der ute.

Ha ein fin vår!