onsdag 26. juni 2019

Sommarsanking 2019 - Fotokavalkade

Lenge såg det ut som om den planlagte sankinga gjekk i vasken. Liten storm trua meldingane om, og ikkje ubetydelege mengder regn. I slikt vêr er det vanskeleg å både krysse fjorden, og ikkje minst få jobba. 

Sankinga laurdag vart avlyst, men heldigvis såg det kanskje ut som om dette kunne gå søndag, og ut på laurdagen vart meldingane gode nok til at vi turte å satse på at det gjekk. Det kom til å verte vindfullt, men ikkje verre enn at det burde gå. Sanking vart det, og her er nokre bilete frå dagen!

Kjartan og Endre er klar for å krysse fjorden og starte jaget.
Natalie gledar seg til sanking!
Vêret ser lovande ut, men utanfor moloen ventar kuling og sjøskvett.
Vel i land i lyngheia. Langt der framme ventar ledenot og nyslipte sauesakser.
Sjølv om vi visste at hovudflokken var i andre enden av beiteområdet, går vi over alt for å vere sikker at alle dyr vert sanka
Lyngen står fantastisk flott, og viser overaskande lite spor av beiting. Det må nok tang og tare ta skulda for.
Sidan dyra var på feil stad, måtte vi improvisere litt i år - Foto: Susanne Fjørtoft
Selma Torine på knappe året nyttar ventetida på si første sanking til å ta ein blund - Foto: Susanne Fjørtoft

Dyra er ikkje inne før dei er inne! - Foto: Susanne Fjørtoft
Sikringsgjengen er klare til innsats  - Foto: Susanne Fjørtoft


Liv Johanne ser etter sauen sin, Pippi Langstrømpe - Foto: Susanne Fjørtoft
Klare til å få sommarsveis - Foto: Susanne Fjørtoft
Nymerka vêrlam - Foto: Susanne Fjørtoft

Natalie igang med å få av ulla
Øyvind plukkar ut lam for merking og veging
Ingen passerar Johan utan å verte vegd! - - Foto: Susanne Fjørtoft


Eit fint lite svart lam som det vert spennandes å sjå igjen til hausten
Liv har funne igjen sauen sin
Erle og Liv øver på å klippe sau
Ferdige og klare til å sleppast laus
Unni samlar saman ulla som ikkje har blåst vekk - Foto: Susanne Fjørtoft


Lapskaus, fiskesuppe og kake i solveggen

Fridom! - Foto: Susanne Fjørtoft

Mangfaldet i flokken kjem ekstra godt fram på slike bilete - Foto: Susanne Fjørtoft

Natalie har fått nok av slit, medan Amalie framleis har krefter igjen - Foto: Susanne Fjørtoft

Ein liten brising av gammal bordkledning med ruskeulla på toppen
Ikkje uventa gjekk lammetalet ned i år. Den dårlege hausten i fjor gjorde at søyene ikkje var i like godt hald som normalt. Ein dårleg haust gjev normalt ein liten korreksjon i form av ferre tvillingar. I tillegg reduserte vi litt talet på overvintrande dyr for å gje dei som var igjen best moglege forutsetningar til å hente seg inn og få fram fine lam. 134 lam vart sluttsummen, som gjev eit lammesnitt på ca 1.3. Ekstra gledeleg er det å konstatere at alle 108 dyra vi sleppte i fjor haust kom tilbake friske og raske!

Dyra virka å vere i veldig godt hald, noko vektene også viste. Vektene på lamma var rett nok markert lavare enn tidlegare (ca 1,5 kg under snittet), men so utsette vi lamminga i år, for å gje beita tid til å hente seg litt inn etter den tøffe hausten i fjor. Ikkje berre var det ein dårleg haust, men pga storm og kuling, fekk vi ikkje tatt ut slaktedyra før rimeleg langt på hausten.

Sjølv om lammar er lettare i år, er det nok ingen grunn til panikk. Om vi reknar med at lamma i snitt er 2 veker yngre på vegetidspunktet, og brukar 130 gram i tilvekst pr døgn (nøktern tilvekst), gjev det eit avvik på 1,8 kg, so om vi hadde korrigert for lammetidspunkt hadde vi vore over normalen. Vêret dei siste vekene  har ført til at grasveksten har kome skikkeleg i gong. Spørsmålet no er kor mykje lamma vil hente inn i løpet av sommaren, eller om vi må skue litt på slaktinga til hausten.

Ha ein fin sommar!

søndag 9. juni 2019

Villsauskinn 2019

Endeleg kom villsauskinna, og i går var det duka for deling. 

Det er gledeleg å sjå at kvaliteten vert høgare og høgare år for år. Ein del av årsaka er målretta avl på mangfald i fargar og glans i ull, og noko skuldast godt utval på kva dyr vi tek skinna i retur på. Målet vårt er å utnytte dyra som vert sendt til slakt best mogleg, og då er det sjølvsagt flott  å kunne få so fine skinn! Det er liten tvil om at det er dei flottaste skinna som går først, sjølv om prisen er ein del høgare. Når vi skal fastsette pris, er det mange ting som vert vurdert: glans, fargesamansetting, kor unike dei er, ullkvalitet, fylde, jamnheit, storleik, symetri mm. Nokon fasit fins sjølvsagt ikkje, men med trening lærer ein seg å kjenne kva skinn som typisk vert reve vekk, og kva som vert liggande igjen.

Her er bileta av dei skinna eg fekk etter at eg og systra mi delte skinna vi tok i retur:

Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya


Villsauskinn frå Uksnøya


Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya


Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Legg til bildetekst
Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya

Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya
Villsauskinn frå Uksnøya

Skinn nr 1 er eit av dei flottast vi har hatt nokon gong, og vart selt minutt etter at det vart lagt ut på Facebooksida mi. Om du er interessert i å kjøpe skinn, sjekk fotoalbumet mitt på Facebook. Der finn du pris og om skinnet er seld eller ikkje: Klikk her for å opne albumet.