mandag 2. november 2020

Ikkje alle heltar brukar kappe

Laurdag var dagen for å sette vêrane i arbeid komen, men det var ikkje berre vêrane som skulle fraktast over fjorden denne dagen, for Uksnøya hadde fått besøk av to flittige strandryddarar.

Dagen starta med å få tak i vêrane og få dei opp i båten. Vi var dessverre tomme for sauekraftfôr på Fjørtofta, so eg hadde teke med litt grisekraftfôr som eg hadde att etter sommarens andeoppdrett heime i hagen. Det var dessverre ikkje særleg interessant, og dyra måtte sankast på gamlemåten: høg puls og sveitt ungdom i thermodress.

Innehenting av vêrarne vart først delegert til tenåringane - dessverre måtte vi litt eldre også trø til...

Endeleg fanga og klare til transport

Terje ventar på båten

Vel ute på øya fekk vi lagt fast båtane og sleppt vêrane på land. Der møtte vi Lisbeth og Øystein Grytten som allereie var i gong med å rydde fjøre. Lisbeth har lagt ned uttallige timar i å rydda fjøre rundt på Sunnmøre, faktisk so mykje at mannen hennar, Øystein, ikkje hadde noko anna val enn å bli med, om han skulle få treffe ho! Sjølv om å rydde fjøre kanskje ikkje er noko nytt fenomen, er det vanskeleg å ikkje bli imponert og litt rørt av slike flotte folk som brukar masse tid på å rydde opp plastrusk som kjem drivande med vind og vêr. Ein kan altso slå fast at ikkje aller heltar brukar kappe, nokon går for thermodress og arbeidshanskar! Tusen takk for fantastisk innsats begge to, og alle som bidreg til å rydde opp i fjøra!

Fleire organisasjonar tilbyr no å "kjøpe" bosset som vert samla inn. Bosset som vart samla inn på Uksnøya går til innsamlingsaksjonen for å sette i stand ei gammal sjøbud, kalla Vågholmbuda, på Fjørtofta. Vågholmbuda husar mellom anna Fiskerimuseet på Fjørtofta. Lisbeth held også på med å bygge opp ei utstilling om marin forsøpling i same bygget, der folk kan lære meir om temaet, og kanskje bli inspirert til å gjere meir for å snu utviklinga med plast i havet. 

Vi tok oss også tid til å helse på sauane, som fekk smake på litt høy og nokre nevar kraftfôr.






Vêren Sputnik kom raskt i arbeid og snusar etter brunstige søyer

Vêren Hanse-Mats er meir interessert i kraftfôr

Medan eg prøvar å ta bilete, vert bøtta raida av Trampe og co


-Er det her det er party?

Vêren Balle går etter lukta




Lisbeth fekk helse på sauane



Lucky - søya som var so tam at ho vart plukka ut att frå slaktedyra for nokre år sidan


Ikkje berre plast som kjem sjøvegen - her er eit rådyr som har drukna

Det vart dessverre mykje fangst denne gongen og
Kjartan navigerer mellom skjera for å samle opp bossdungar samla saman tidlegare

Heltar i thermodress






søndag 12. april 2020

Villsauskinn å varme seg på

For nokre dagar sidan kom dei siste villsauskinna, og som alltid er det stor spenning når kassene vert opna. 

Det er utruleg kjekt å sjå at vi treff so godt når vi plukkar ut kven av dyra vi skal ha skinnet i retur på, for nivået vert stadig betre. Det er nok fleire som tek skinn i retur rimeleg ukritisk, og då vert det mange av det vi kallar "turskinn" - skinn som ikkje held rett kvalitet. Kostnaden på å få det salta, tørka og bereidd er den same, so å plukke ut dei rette skinna er viktig om ein skal sitte igjen med noko for alt arbeidet det tross alt er å styre med avl, utval og sal. Det er også gledeleg å sjå at arbeidet med å avle fram eit stort mangfald i fargar gjev resultat, sjølv om det sjølvsagt vil varier mykje frå år til år, alt etter kva vêrar som er dominante i flokken. Her er det i alle fall noko noko for ein kvar smak. Kva for skinn likar du best? Legg gjerne igjen ein kommentar!































Om du ønskjer å kjøpe skinn, ta ein kik her for å finne pris og tilgjengelegheit.