søndag 23. februar 2020

Samfunnsoppdraget: Å brenne lyng

Vi villsaubønder har eit samfunnsoppdrag. Dette kan grovt sett delast i to; produsere mat og å skjøtte landskap. I dag vil eg seie litt om kvifor vi må vere pådrivarane for å brenne kystlyngheia.



Kvifor vi bør brenne lyng er det skreve og sagt mykje om, ikkje minst her på sida. Eg skal difor ikkje bruke mykje tid på dette no, men kort oppsummere at å brenne lyng er ikkje berre heilt avgjerande for å sikre gode lyngbeiter til dyra som beiter i kystlyngheia, men også for å ta vare på den truga naturtypen kystlynghei. Denne naturtypen er det eldste kulturlandskapet som finns her til lands, og kan sporast tilbake 5000 år i tid. Mange dyr, planter og insekt som finns her er heilt avhengige av at landskapet vert brent og beitt. Og la det vere ingen tvil - vi har inga tid å miste om vi skal sikre desse for framtida!

Beiting utan brenning er i dei fleste tilfelle dårleg for artsamansetting og kvaliteten på beita. Brenning utan beiting er heller ikkje bra, og opnar lett opp for framande artar. Det er difor villsaunæringa spelar ei nøkkelrolle i å ta vare på denne naturtypa: vi kan både brenne og drive beite. Sidan vi omtrent er dei einaste som kan kombinere dette, kviler det eit visst ansvar på oss. Sjølv om brenninga er på veg inn i varmen, er det ein svært lang veg å gå for å bygge opp igjen kompetansen om lyngbrenning, og for å få areala som har grodd ned sidan krigens dagar tilbake i god hevd. Det at det er lite kompetanse både hjå gardbrukarar og det offentlege, kombinert med eit stadig meir gjengrodd landskap er bokstaveleg talt ei eksplosiv fare. Det finns stadig fleire eksempel på korleis villbrannar i desse gjengrodde landskapa kan vere ein stor risiko for liv, helse og eigedom. Det å brenne lyng kontrollert, er heller ikkje utan risiko. At ein og annan brann som kjem ut av kontroll er uunngåeleg, men det er viktig å sikre at det ikkje er mangel på aktsemd som er årsaka når dette skjer. Prioritet nummer ein er difor å lære seg korleis ein skal kartlegge, planlegge og gjennomføre ei sikker brenning.



Sjølv om villsaunæringa har eit samfunnsoppdrag i å ta vare på dette landskapet, har det offentlege også eit ansvar. Dei må ikkje berre sikre at det finns ein forsvarleg økonomi i dette for dei som tek jobben, men både brannvesen og forvaltning må ha kompetanse knytt til lyngbrenning. Det er ingen hemmelegheit at det er ein stor motvilje i mange brannvesen rundt om i landet til å svi lyng. Det er nok mange årsaker til det. Ei hovudårsak kan vere manglande forståing for kor alvorleg alternativet villbrannar er. Ei anna årsak er manglande kapasitet til å kunne samarbeide med landbruket i å gjennomføre trygge brenningar. Kanskje tenkjer at ein om ein ikkje gjer noko, gjer ein i alle fall ikkje noko gale?

Når vinden snur, må ein av og til arbeide i vansklege forhold - Foto: Åshild K. Fjørtoft


Heldigvis er det fleire område i landet, der ein har funne eit fungerande samspel til det beste for både bonden, kystlyngheia og samfunnet. Dette samarbeidet har utan tvil kome lengst på Haugalandet, der ein har bygt opp ein «paramilitær» styrke med villsaubønder som er utrusta og kursa for å kunne gjennomføre store planlagde lyngbrenningar i eigen regi, og som også hjelper brannvesenet ved behov under villbrannar. Den tidlegare offiseren, Ove Stumo, er ein av generalane i denne organisasjonen kalla Haugaland Lyngbrannreserve. Han er også aktiv villsaubonde og styremedlem i Norsk Villsaulag. Førstkomande helg kjem han til Sunnmøre for å lære frå seg om korleis ein skal kartlegge, planlegge og gjennomføre sikker lyngbrenning, og kva ein skal gjere når ting kjem ut av kontroll. Fleire andre kompetente ressurspersonar innan kystlynghei og brenning tek også turen for å dele av kompetansen sin, so samlinga i Fosnavåg er ikkje berre anbefalt, men eit «must» for både bønder, brannvesen og forvaltning!

Sjølv om ein ikkje kan delta på denne eller liknande samlingar, er det mykje ein kan gjere. Det viktigaste er å sikre at ein har ein god plan, og rikeleg med mannskap. Snakk med erfarne folk, og les det du finn på nett. Snakk med brannvesenet i god tid, informer dei om planane dine og spør kva forventningar dei har. Eit godt utgangspunkt er å starte der det er minst risiko, og bygge seg opp erfaring. Den beste tida for å brenne lyng er no på seinvinteren og tidleg vår, so det er no du må starte planlegginga om du skal ta din del av sammfunnsoppdraget!

Lukke til!