mandag 19. mars 2018

Anna Blix si bok «Ein hyllest til sauen»



Anna Blix si bok «Ein hyllest til sauen» er ein brannfakkel av ei bok, i hendig lommeformat.

Først ei lita erkjenning :  Det å vere villsaubloggar er ikkje so lukrativt som mange kanskje trur. Ein tenkjer kanskje at ein typisk villsaubloggar vert invitert til inn og utland for å drikke champagne og kaste glans over arrangement, eller at ein får tilsendt ein masse spanande produkt som ein får til odel og eige, mot litt hyggeleg omtale på bloggen. Slik er det ikkje. No set eg uansett meir pris på eit glas med kald norsk mjølk, og ein og annan invitasjon til å snakke om sauehald og utmarksbruk, so det er ikkje synd i meg. Men her om dagen fekk eg ein pakke eg ikkje hadde bestilt. Inni var det ei bok tilsend frå Manifest forlag. Jøye meg, tenkte eg! Ei sponsa bok! Eg hadde allereie tenkt på å bestille ho, og som ein god sunnmøring, kunne eg glede meg over pengane eg hadde spart, medan eg kosa meg med boka under ullpleddet mitt. Då er det sagt: dette er eit innlegg tufta på eit sponsa produkt. Heldigvis kjem eg ikkje i noko etisk dilemma, for boka er so bra at ho likevel fortener omtale.

Villsausida sitt bilete.
Ingenting å seie på utsjånaden i alle fall!

Det seiast at skjønnheita kjem innanfrå, men i dette tilfellet må vi ofte litt spalteplass på utsida; det vakre smussomslaget. Boka ser ut som eit postkort som entusiastiske turistar kunne plukka med seg heim frå norgesferien. Det viser seg snart at det opne landskapet på framsida ikkje er tilfeldig utvalt, men meir om det seinare. Inni det vakre omslaget, skjuler det seg ei svært enkel, men samtidig stilig bok. Mine tankar gjekk til sauen vi er so glade i: audmjuk og tidlaus. Når omslaget ein gong vil gje tapt for slitasje og falming, er dette ei bok som vil skli fint inn i bokhylla på hytter og gardar rundt om i landet.

Boka er i lommeformat og har rundt 120 sider med tekst. Mange vil nok lese ho i eit strekk, både fordi ho er lettlest, men også fordi ho er vanskeleg å legge frå seg. Sjølv om boka utgjev seg for å vere ein hyllest til sauen, er ho mykje meir enn berre det. Anna Blix er biolog, og kva er då meir passande enn at vi startar med å stifte kjennskap til kva sauen si beiting i utmarka betyr for andre artar. Prikkrutevingen, ein sommarfuglart som er heilt avhengig av det ope landskapet som sauane bidreg til. Minkande utmarksbeiting gjer at leveområda gror att. Dette er berre eit eksempel på korleis endra beitebruk skaper ringverknader langt utover sauehaldet. 

Ein hyllest til sauen ville ikkje vore komplett utan at vi fekk fortalt historia til sauen, og korleis landet vårt i stor grad har blitt forma av dyra vi tok med oss hit til lands for fleire tusen år sidan. Forfattaren viar rett nok fleire sider til dette, men dveler ikkje lenge før ho legg bonderomantikken til sides og ser på det store bilete og stiller store spørsmål. Kva har skjedd med sauehaldet, og for den del med sauane i etterkrigstida, og kva betyr dette for både landskap og norsk sjølvforsyningsgrad? Det er her brannfakkelen rundt berekraft og kraftfôrimport kjem fram. Forfattaren let dei endelege konklusjonane vere opp til lesaren, men det er kanskje inga bombe at ho ønskjer å skifte fokus i sauenæringa frå volum til kvalitet og utmarksbruk. For alle oss som driv med ekstensiv villsaudrift og er oppteken av utmarksbruk og lavt kraftfôrbruk, er dette kjente argument. For dei i den meir intensive delen av næringa, er dette ei påminning om at det ikkje berre fins ein veg til mål, eller at kanskje måla bør flyttast.

Boka vert ikkje for detaljert når det kjem til ulikskapar i rasane sine eigenskapar, noko som passar boka sitt format og målgruppe. Kanskje finn ein og annan sauebonde eit og hitt å sette fingeren på, men det er uproblematisk so lenge dette ikkje er eit oppslagsverk, men først og fremst eit bok om kvar vi kjem frå - og  som stiller spørsmål om kvar vi skal, både som nordmenn og som sauebønder. Ho bør ikkje berre lesast av bøndene, men av alle som er opptekne av korleis landskapet rundt oss forandrar seg, politikarar som legg føringane for landbruket, og ikkje minst av forbrukarane som med sine innkjøp i stor grad kan påverke korleis landbruket tilpassar seg marknaden.

God lesing!
Ps: Legg gjerne igjen ein kommentar under om kva du synes om boka!