Lyngbrenning på Uksnøya

-Det er like viktig for lyngheia å verte brent, som det er for sauen å verte klipt 

                        - Mons Kvamme, lyngheiguru





Dessverre har tradisjonen med brenning av lyngheiene visna bort, slik som lyngheiene flammane tidlegare har beskytta. Det høyrest kanskje rart ut at flammar skal beskytte dei, men det er akkurat det flammane gjer. Dei fjernar den gamle grove lyngen, legg igjen næring og gjev plass til næringsrike nyskot. Brenninga hindrar også at mellom anna einer og krattskog får etablere seg, og gjer lyngheine meir motstandsdyktige mot angrep frå mellom anna lyngbiller. 

Brenninga var ein viktig føresetnad for overlevinga til menneskja som busette seg på kysten vår. Flammane var eit av dei viktigaste reidskapane dei hadde til å opne opp landskapet og omdanne kysten til beitemark der dyra deira kunne finne mat. Desse dyra ga menneskja både kjøt og mjelk, men aller viktigast var nok ulla og skinna som gjorde at dei kunne overleve i det harde klimaet.

Fram til krigen var det fortsatt vanleg å brenne lyng på våre kantar, men sidan har denne tradisjonen vorte skjeldnare, noko naturen rundt oss ber preg av. Attgroing og lyngheier prega av gammal og grov lyng, gjer også att brannfara rundt oss stadig aukar. Vinteren 2013-2014 fekk vi fleire eksempel på kritisk situasjonen kan verte når dei gamle lyngheiene først tek fyr utan at ein gjer det i kontrollerte former. Sjølv kor alvorleg det vart, kunne det gått betydeleg verre om det var etter ein land tørr vår/sommar og vinden hadde vore endå sterkare. Det beste vernet mot desse ulykkene er ikkje ferre, men fleire brannar, berre i kontrollerte former.

På Uksnøya starta vi opp att med lyngbrenning i 2006. Truleg har det ikkje vore brent lyng på Uksnøya på minst 50 år, og lyngen var grov og prega av forfall. Næringsverdien i lyngen er langt dårlegare når plantene vert so gamle. Det er difor viktig å brenne lyngheiene for å legge forholda best mogleg til rette for villsauane, som igjen er med på å halde lyngheiene i hevd.

Det ein ikkje kjem unna når ein skal brenne lyng er å halde seg på lag med lokale brannmyndigheiter. Avtal alltid lyngbrenninga med dei, og undervurder ikkje kor ekstremt brennbart lyng og gras er. Ein treng mykje mannskap om det er fare for at brannen kan spreie seg, og vind kan gjere at sjølv den minste brann kan kome ut av kontroll. Før du startar kan eit godt tips vere å lese kapittelet om lyngbrenning i Villsauboka, der Mons Kvamme kjem med mange gode tips som kan spare deg frå å få dyrekjøpt erfaring.

I vårt tilfelle er det svært so trygt, då areala våre er omflødde og ein kan vere meir ekserimentell i tilnærminga. Likevel er det viktig å ha gode forhold som sikrar at ein ikkje brenn opp jordsmonnet og frøa som ligg i jorda. Då kan det ta lang tid før ein får lyngheiene tilbake i god hevd. Gammal og grov lyng treng ikkje mange dagane frå regnet har gitt seg før den brenn godt, so den beste tida er gjerne om seinvinters med tele i jorda eller om våren etter regnvêr, før lamming og hekking frå kystfuglane våre har starta. 


Planen vidare er å brenne av alle lyngheiene i passlege områder. Når vi er ferdige med det må vi igjen starte på nytt.

Bileta og teksten under er meint som levande dokumentasjon av arbeidet med lyngbrenning på Uknsøya. Etter kvart som nye bilete, erfaringar og områder kjem til, vert sida oppdatert.

Flyfotoet under syner det aktuelle området og dei forskjellege områda som er brent.
Bilete over Uksnøya med oversikt over lyngbrenning - klikk på bilete for å sjå større kart

Sone A - 2006 (60 dekar)
Sone B – 2008
Sone C – 2011 (60 dekar)
Sone D– 2012 (14 dekar)
Sone E – 2012 (37 dekar)
Sone F – 2012
Sone G – 2013
Sone H – 2013
Sone I - 2013
Sone J – 2013
Sone K – 2013
Sone L – 2013
Sone M – 2013
Sone N - 2015 (ca 50 dekar)


Sone A - Svølingen
Sone A vart brent påska 2006.
Biletet under syner noko av området rett etter flammane har døydd ut.


Området var blanda av både grassletter og lynghei. Røsslyngen veks seint i starten, men til vinteren same år såg det slik ut:



Det er verdt å merke seg skiten på bilete øvst. Dyra likar veldig godt å beite i dei brente områda, noko som senkar veksten, men i følje spesialistane er dette svært bra for lyngheia.


Sommar 2010 (Sone A):






Artsmangfaldet i området er utruleg bra, og etterkvart som området modnast forandrar fordelinga seg stadig.


Sommar 2011 (Sone A):








Sone B - Inste Kråkelihaugen
Eit litt mindre området vart brent våren 2008, merka Sone B på kartet.
Bilete frå vinteren 2010-2011 (Sone B):







Dette området besto av lyng og eine, men vart raskt ein favoritt for dyra. Når det var snø grov dei fram nyskota.
I desember 2013 såg området slik ut:


Ting går altso ikkje so raskt når det er so lenge sidan det er brent, men det må ein berre ta med i planlegginga.

Sone C (Høgværholmen, nord)
Våren 2011 var området merka Sone C brent.














Når lyngheia var sopass gammal som den dette, tek det litt lengre tid før den veks sikkeleg til igjen.
Likevell skal det ikkje ta lange tida før området har større verdi for dyra enn det hadde før brenning, då nyskota både er lettare å beite og mykje meir næringsrike.

Sommar 2011





Haust 2011:


Bileta under er teke seinvinteren 2012:







Noko som er litt artigt er kor lett ein kan sjå kor vi har brent frå verdsrommet. Sone C er det lyse området på bilete henta frå Google Maps under.


 

Sone D - Halte-Ola-Bykset
Sone D vart brent same dag som sone E og F, ein flott vårdag i 2012 . Meir om dette kan du lese her.
Sone E - Yste og Nøre Kråkelihaugen og Søre og Nøre Kråkelia
Sone E vart brent same dag som sone D og F.
Terje - midt i flammehavet


Sone F - Inste Moldremma
Sone F vart brent same dag som sone D og E.

Hausten 2014 hadde ein del av nyskota frøa seg, og det såg slik ut:





Sone G
Denne søndagen i 2013, berre timar etter at regnet hadde lagt ned i bøttevis, vart områda G og H brent. Utruleg nok var det god driv i flammane, og ga oss enno ein indikasjon på kor brannfarleg gammal lynghei kan vere.  Dagen etter tok det fyr i lyngen på naboøya Harøya, og det krevde ein voldsom innsats frå titals brannfolk for å få stoppa flammane før dei spredte seg mot bebyggelse. Meir om dette kan du lese her.
Susanne gjer kort prosess på gammal lyng og eine

Sone H - Hellesundhaugen
Sone H vart brent samstundes med Sone G i 2013. Området er det lengst aust dyra kjem seg utan å symje.
Berre timar etter regnet hadde bøtta ned, var himmelen dekt av røyk.


Når vi var ute nokre veker seinare, hadde regnet vaska bort den lettaste oska, men det var fortsatt for tideleg på året til at det var kome nyskot.






















Hausten 2014 såg det slik ut på Hellesundhaugen:


























Ekstra stor glede vert det når ein ser planter som har kome so langt at dei startar å frøe seg, bilete under er teke same dag.

























Molta er ei av plantene som ser ut til å trivast godt etter brenning. Bilete under er teke sommaren 2015:

Sone I - Tjukkhaugen
Sone I vart brent palmelaurdag 2013, i lag med J, K, L og M. Samla var dette det største arealet vi hadde brent hittil.

Ein haustdag i 2013, medan regn og vind piska på både folk og sauar, såg landskapet i sone I slik ut:

Hausten 2014 såg ting veldig bra ut, teke i betraktning at sauane beiter ganske hardt i området. Då såg ting slik ut:


Våren 2015 var det dessverre klart at ein del av nyskota i dette området hadde teke skade under vinteren. Akkurat kva som gjorde det veit eg ikkje, men det vert spennandes å følje korleis lyngen hentar seg inn igjen:



Sone J - Moldremmsholmen
Sone J var brent palmelaurdag 2013, i lag med I, K, L og M. Samla var det størte arealet vi hadde brent hittil.

Sone K - Lamholmen
Sone K var brent palmelaurdag 2013, i lag med I, J, L og M. Samla var det størte arealet vi hadde brent hittil. Området er normalt ikkje beite for villsau, då den kun ved ekstremt store fjører heng i hop med resten av øyane, men vi sette fyr på lyngen for å hindre vidare forfall og sikre lyngen for seinare høve og anna dyre og fugleliv.
Holmen har mykje gras, noko som er litt i kontrast til den større holmen i aust. Vi kan vente at området vert svært attraktivt for beitande fugl, då primært grågås.

Sone L - Vêrholmen/Storholmen
Palmelaurdag 2013 vart sone I, J, K, L og M brent. Dette var det størte arealet vi hadde brent hittil.
Området er normalt ikkje beite for villsau, då den kun ved ekstremt store fjører heng i hop med resten av øyane, men vi sette fyr på lyngen for å hindre vidare forfall og sikre lyngen for seinare høve og anna dyre og fugleliv.































Sone M - Hestholmen
Sone M var brent palmelaurdag 2013, i lag med I, J, K og L. Samla var det størte arealet vi hadde brent hittil.





















Sone N - Sør/Vest Høgvêrholmen
Våren 2015 gjekk vi laus på det vanskelgaste område vi har. Sitkagranskogen står godt innvoksen av høg lyng, og om ikkje flammane skulle stå høgt langt inn i natta, trengte vi både godt med mannskap og gode forhold. Under brenninga skifta vinden, og berre iherdig innsats gjorde at vi vann tilbake kontrollen før eit par av trea fekk smake på elden si slikkande tunge.

Når vinden snur, må ein av og til arbeide i vansklege forhold - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Noko av arealet som vart brent i bakgrunnen - Foto: Åshild K. Fjørtoft



Versjonslogg:
1.0 - Publisert.
1.1 - Oppdatert med sone N, nye bilete frå andre soner

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!