Villsau

Villsau, også kjent som utegangarsau, Vikingsau eller Gamalnorsk sau, er populærnamet på ei korthala sauerase med lange tradisjonar her til lands. Som alle andre tamsauar stammar den norske villsauen frå den asiatiske villsauen og vart først temd av menneskja for ca 11000 år sidan.

Dagens villsau liknar truleg mykje på dei første sauane som kom til Noreg for ca 6000 år sidan.


Om du vurderer å skaffe deg villsau, eller er på jakt etter meir informasjon om villsau, er det nærast obligatorisk å skaffe seg Villsauboka av Hilde Buer. Du kan lese mi anmelding av den her.
Boka er nyttig lesing for både nye og gamle villsaufolk, eller for folk med interesse for kystlyngheia.

Eit anna godt tips er å melde seg inn i eit lokallag i Norsk Villsaulag. Der kan du kome i kontakt med andre i villsaunæringa. Dei deler ofte raust av eigne erfaringar eller sikre deg gode avlsdyr når du startar opp eller skal byte vêrane i flokken. Dei har truleg også god kunnskap om kor mange dyr du bør starte med på beita dine og kva problem du kan kome borti. Før du startar opp er det viktig å skaffe seg erfaring med dyra. Då er det lurt å vere med på villsausanking, der ein får praktisk erfaring med førebyggjande medisinering, klipping/napping, merking og sjekk av hald og helsa til dyra. Vidare må ein sjekke kva lover og reglar som gjeld. Dette kan ein som ofte avklare med Mattilsynet. Skal du drive på "gamle måten" med dyr som går ute heile året og finn maten sin sjølv, må du rekne med å bruke litt tid på å sette deg inn i både beitesamansetning og krav frå myndigheitene.

Når det gjeld rasetrekka for villsauen er ikkje tilfeldigheiter som gjer villsauen har dei trekka den har. Når ein vert kjent med dyra og rasa, ser ein at dei trekka som kjenneteiknar den er der av ein grunn. Eg vil anbefale å lese meir om rasa og viktige avlstrekk på sida til Norsk Villsaulag.





Villsauen er som sagt relativt liten av vekst, noko som gjer at den ideell for å gå på beiter på kysten der ein slepp tilleggsfòring vinterstid, anna enn ved spesielle høve. Om ein derimot ikkje har beite som gjer dette mogleg, bør ein vurdere ei anna av dei gamle norske sauerasane; gammalnorsk spælsau, som er ein etterkommar etter gammalnorsk sau (villsau). Rasane kan vere vanskeleg å skilje ved første augekast, og mykje er likt med villsauen. Den er derimot litt større, og om du likevell skal fôre dyra, ta ein kik om den kan vere noko for deg. 

Gammalnorsk spælsau vart for få år sidan rekna som truga, og sjølv om situasjonen i dag er noko betre, er det fortsatt behov for at fleire driv med gammalnorsk spælsau. Truleg burde mange av dei som i dag har villsau heller hatt gammalnorsk spæl, men det er ei anna sak. Sjekk http://www.gammalnorskspelsau.org/ for meir info.

Ein ting som ikkje skal skje, er kryssing mellom dei eller andre sauerasar. Dessverre er dette noko som førekjem, då ein ønskjer større slaktevekter, mellom anna for å nå kritiske grenser i tilskotsordningane. Då bør ein heller kvitte seg med villsauane, og satse på ei sauerase som tener ditt behov. Kryssing vil på sikt truge rasane, då ein lett kan miste kontroll og «ureine» dyr vert flytta til andre besetningar. Kryssing kan også vere til stor skade for dyra, mellom anna gjennom vanskeleg lamming og svolt vinterstid.


Villsauen gjev som sagt ikkje dei største slakta, men har alle forutsetningar for å gje det aller beste kjøtet om beita er gode. Lyng, urter, eine, gras, sopp, tang og tare er noko av det som sett sitt preg på villsaukjøtet. Om du vil lese meir om mat av villsau kan du klikke her.

I tillegg til å gje grunnlaget for fantastiske matopplevingar, held villsauen eit kulturlandskap like gammal som rasa sjølv ope frå attgroing. I ei tid der meir og meir av maten vert produsert på kraftfor, gjerne importert frå utlandet, har villsauen fortsatt eigenskapen til å stort sett få det den treng frå landskapet rundt oss.

Villsauen gjev oss også flotte skinn, noko du kan sjå eksempel på her.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!