mandag 16. november 2015

Kunsten å ta seg betalt

Villsaunæringa er ikkje først og fremst kjent for lønnsemda si. Ein kan kanskje klage over både det eine og det andre, men noko av skulda ligg nok hjå næringa sjølv. Eg snakkar om kunsten å ta seg betalt.

For mange utgjer tilskot frå stat og fylke meir enn det ein får for produkta ein sel. Rett nok kjem det her også inn tilskot for kulturlandskapspleie og beite av dei viktige kystlyngheiene, som det naturleg nok er vanskeleg å få betalt for i den opne marknaden. Likevel har vi eit ansvar for å ta betalt for varene våre. Om ein skal auke produksjonen av mat produsert i Norge, på norske ressursar, treng ein meir enn ein gjeng idealistar som driv utan at det gjev noko att i lommeboka!

Dyr som har levd gode liv og ete det beste kysten har å tilby, gjev mat med høg kvalitet!

Det som truleg skil mange av villsaubøndene frå anna norsk landbruk, er at det er fleire som driv med dette som hobby. Ikkje det at det er so mange andre heller som greier seg av landbruket åleine i dag, men innan villsaudrifta er det nok mange som har økonomi langt ned på prioriteringslista. Då vert det kanskje enkelt å "gje bort" produkta sine. Og slikt fører til dårleg økonomi. Ikkje berre for den som sel rimeleg, men også for kollegaen i nabobygda som prøvar å ta seg betalt, og kanskje skal leve av dette.

Utan dokumentasjon vil eg påstå at villsaukjøt er noko av det betre du kan ete. Vel, heilt utan dokumentasjon er eg ikkje; tilbakemeldingar frå fornøgde kundar tyder på at det ikkje er langt unna sanninga. Samstundes må eg vel nemne at det kan vere er stor skilnad innad i kategorien, alt etter kor dyra går og kva vekstar dei et; men jamt over er dette er produkt vi kan vere svært stolte over!

Kva er so rett pris? Er det det marknaden er villeg til å betale? Eller er det det det kostar å produsere vara? Ein kan kanskje seie at desse to faktorane normalt skal finne same nivå om det skal finnast ein marknad for produktet, men det er før subsidier, lokketilbod, idealisme og kanskje også uvitenheit kjem inn i reknestykket. For det er i alle fall ikkje produksjonskosten som pregar prisbiletet i dag. Sjølv skulle eg likt å teke litt meir betalt for kjøtet vi produserar, i alle fall når ein veit at kostnadane stig betydeleg år for år. Dessverre kan det verte vanskeleg å forsvare høgare prisar når det er fleire i regionen som sel so billeg, at eg er sikker på dei sel med tap. Eit lite apropos er at matbutikkane dumpar prisane og nyttar lammelår og svineribbe som lokketilbod. Slik hjelp sjølvsagt heller ikkje. Når maten vert selt ut nærmast til prisen av emballasjen det er pakka i, tek det bort respekta for arbeidet som ligg bak, og oppdreg kundane til at mat ikkje skal koste noko. Mange hugsar nok då svineribba var selt til 9,90 kr/kg, noko som førte til at folk brukte det til hundemat? Slikt fører i alle fall ikkje til aukt lønnsemd eller respekt for dei som dreg det tyngste lasset med å få maten på bordet; bøndene. Det einaste mottrekket eg kan sjå, er å selje ei historie og produkt med unik smak, som folk er stolte av å servere både seg sjølv og heldige gjestar. Hugs at prisen er også med å påverke smak og oppleving; når svineribba kostar mindre enn ein ferdigpizza, bidreg det ikkje akkurat til å gjere julemiddagen meir eksklusiv.

Villsaukjøt - ei delikatesse frå kysten


Men la oss sjå litt på prisane på villsauslakt. Eg skal ikkje sei kva pris du bør ta, men tenk nøye over korleis ditt reknestykke bør sjå ut. Minimumsprisen din bør i alle fall vere slik at du tener litt meir på å selje kjøtet ditt til sluttkundar enn å la slakteriet behalde det, men det ser det ikkje alltid ut til at folk gjer. Om du skal finne denne prisen, må du starte med prisen du får for kjøtet om du sel det til slakteri. So legg du til kostnadar for frakt, partering, pakking og andre utgifter dei skal ha for å ordne det for deg. So kjem tida du brukar på å selje kjøtet, avtale henting og levering, fakturering og normalt også ein pris per billag frå rekneskapskontoret som skal føre rekneskapet ditt. Kanskje får du ikkje betalt for alt du leverer også, eller nokon er bortreist og du brenn inne med leveransen. Når du ha teke med alle desse postane går du altso i null, men du har no i alle fall fått betalt for tida di. Om du sel kjøtet rimelgare enn dette, kan ein seie at ein taper pengar på heile operasjonen. Og om ein har i tankane at prisane som ein får betalt frå slakteria er langt under det det kostar å produsere vara, burde ein heller arbeid for å fått betre betalt, ikkje mindre! Eg har i alle fall den trua at på sikt er heller ikkje kundane tent med å betale for lite. Då fell vara eller tenesta bort, Norge veks igjen, og alle partar taper.

Når det kjem til prisen på villsauskinn, er prisen eg betalar for å bereide skinna ofte høgare enn desse "skinna" ein får kjøpt mellom anna på IKEA. Men når vi kan produsere svært flotte skinnfellar, som både er fargeekte, toler vask og kan lyfte ei kvar velinnreidd stove til nye høgder, treng vi ikkje konkurrere med dei på pris. Det fins ein marknad for produkt med høg kvalitet og ei spennande historie. Mi oppleving er i alle fall at kundane er villege til å betale for seg, når vara held høg kvalitet og når det er noko dei verkeleg sett pris på.

Mat må dei fleste av oss ha, og folk hadde nok kjøpt mat sjølv om den kosta litt meir. Det er difor synd at ein skal verdisette norsk mat av beste sort slik at vi undergrev målet om auka matproduksjon på fornybare ressursar her heime. Det sett også krokfot på dei som prøvar å livnære seg av dette. Tenk på det før du gjev bort neste års produksjon.