Laurdag var dagen for å sette vêrane i arbeid komen, men det var ikkje berre vêrane som skulle fraktast over fjorden denne dagen, for Uksnøya hadde fått besøk av to flittige strandryddarar.
Dagen starta med å få tak i vêrane og få dei opp i båten. Vi var dessverre tomme for sauekraftfôr på Fjørtofta, so eg hadde teke med litt grisekraftfôr som eg hadde att etter sommarens andeoppdrett heime i hagen. Det var dessverre ikkje særleg interessant, og dyra måtte sankast på gamlemåten: høg puls og sveitt ungdom i thermodress.
|
Innehenting av vêrarne vart først delegert til tenåringane - dessverre måtte vi litt eldre også trø til...
|
|
Endeleg fanga og klare til transport
|
|
Terje ventar på båten
|
Vel ute på øya fekk vi lagt fast båtane og sleppt vêrane på land. Der møtte vi Lisbeth og Øystein Grytten som allereie var i gong med å rydde fjøre. Lisbeth har lagt ned uttallige timar i å rydda fjøre rundt på Sunnmøre, faktisk so mykje at mannen hennar, Øystein, ikkje hadde noko anna val enn å bli med, om han skulle få treffe ho! Sjølv om å rydde fjøre kanskje ikkje er noko nytt fenomen, er det vanskeleg å ikkje bli imponert og litt rørt av slike flotte folk som brukar masse tid på å rydde opp plastrusk som kjem drivande med vind og vêr.
Ein kan altso slå fast at ikkje aller heltar brukar kappe, nokon går for thermodress og arbeidshanskar! Tusen takk for fantastisk innsats begge to, og alle som bidreg til å rydde opp i fjøra!
Fleire organisasjonar tilbyr no å "kjøpe" bosset som vert samla inn. Bosset som vart samla inn på Uksnøya går til innsamlingsaksjonen for å sette i stand ei gammal sjøbud, kalla Vågholmbuda, på Fjørtofta. Vågholmbuda husar mellom anna Fiskerimuseet på Fjørtofta. Lisbeth held også på med å bygge opp ei utstilling om marin forsøpling i same bygget, der folk kan lære meir om temaet, og kanskje bli inspirert til å gjere meir for å snu utviklinga med plast i havet.
Vi tok oss også tid til å helse på sauane, som fekk smake på litt høy og nokre nevar kraftfôr.