søndag 22. september 2013

Villsaugryte ala India

Det er ikkje berre tradisjonell julemiddag ein kan lage av villsaukjøt. Ein kan nytte det til alle slags rettar, og det møre og saftige kjøtet løftar ein kvar rett. Denne gongen tek sjefskokken Natalie turen til India! I alle fall kryddermessig.

 

Natalie er ikkje berre glad i lauk, ho elskar lauk. Purrelauk, vårlauk, graslauk, raudlauk, gullauk, sjalottlauk, ja, alle slags lauk. Difor startar ho naturleg nok med det viktigaste; lauk.


Ho kappar opp 3 stk vårlauk i passleg store bitar, og går vidare til 1 stk raudlauk. Den lir same lagnad. Natalie er so glad i lauk, at ho ikkje ein gong nyttar dei flotte laukskjerebrillene mine.




Vidare vert 1 stk grøn chilli rensa for frø, og kappa opp i litt mindre bitar.


So tek ho ein god neve sukkererter, fjernar stilken og deler dei opp i passlege bitar.

 Ho tek so ein gul paprika og deler den opp i flotte bitar.




I djup konsentrasjon strimlar ho so opp 500 gram villsaukjøt av lam.




Medan ho bresar kjøtet på steikepanna, kun med litt salt og peppar, varmar ho ei anna panne og breser grønsakene i litt smør. Ho passar på å steike kjøtet i fleire omgongar, slik at det ikkje vert kokt.


Når grønsakerne er møyre, tek ho over eit beger Creme Fraish, ein skvett fløyte og ein grand karri. Her må ein berre prøve seg litt fram for å finne kor sterk ein likar gryta.

Ho serverer retten med frisk salat, nanbrød og resten av sukkererterne.  



बॉन एपेतीत