Steikje gøtt kjøt frå havgapet
I over 30 år har vi produsert god mat på lokale ressursar i kystlyngheia på Uksnøya, lengst uti havgapet på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Denne gamle rasen er ikkje avla fram for å gje størst mogleg slakt, men for å utnytte ressursane i kystlyngheiene best mogleg. Dette gjev mindre slakt enn frå anna sau, men i gjengjeld har dei svært finfibra, møyrt kjøt med nydeleg smak. I tillegg er kjøt frå utmarksbeiting rikare på sunne feittsyrer. Villsaukjøt kan forresten brukast til så mykje meir enn berre god julemiddag. Det bør også nytast ferskt! Villsau er perfekt på grillen! Klikk her for inspirasjon til god mat basert på villsau eller for å sjå korleis du kan salte og tørke lammekjøt! Det er enklare enn du kanskje trur.
Vi kan levere slakt av villsau i Ålesund, Skodje, Brattvåg, Fjørtoft
Lammeslakta er normalt mellom 10 og 13 kg. Dei vert levert grovpartert, ferdig mørna og emballert, klart til salting, frysing eller til å nytast fersk. Størrelsane på slakta vil variere, og alle som ikkje ber om eit mindre slakt vil få det største vi kan tilby. Om du ikkje er so glad i feitt, anbefaler vi å be om eit litt mindre slakt då det ofte er litt mindre feitt på desse.
Prisar for 2026 (inkl. mva.)
Grovpartert slakt
Lam > 12 kg 175 kr pr. kg
Lam 10-12 kg 165 kr pr. kg
Søye 115 kr pr. kg
Merk: Det er ikkje mogleg å bestille halve slakt.
Alle som bestiller 2 eller fleire slakt, er med i trekninga av eit fint villsauskinn frå Uksnøya til ein verdi av 1600 kr.
Forventa leveringstid fredag 23. oktober 2026. Bestillingsfrist: so langt lageret rekk.
Bestilling eller spørsmål sender du til post@uksnoyvillsaulag.no
