torsdag 23. august 2018

Mot alle odds: kunsten å velje ut hanndyr

Det er høgsesong for salsannonser for vêrar og vêrlam. Dessverre er det langt i frå alt som held den standarden ein ønskjer for avl.

Alle som har drive med utvalsarbeid, veit at ein aldri får full pott på alle område i eit og same dyr. Ein vêr med fin manke og flott spæl, har kanskje litt lav høgde. Ein annan har bra bein, flotte horn, men lengre spæl. Men sjølv om vi aldri finn det perfekte, betyr det ikkje at vi skal avle på dei som både har dårlege horn, lang spæl og skeive bein!

Det er dessverre tydeleg at viktige eigenskapar i rasa er rimeleg utvaska mange stadar i landet. Då er det ekstra viktig at alle tek ansvar for å heve nivået. Det er nokre grunnprinsipp som bør råde når ein arbeider med hanndyr:


Ein livdyrkandidat som gjekk til slakt


Vêrlam og vêrar er overskotsvare, og vi må vere kritiske til kva vi sett i avl

For å illustrere poenget mitt, la oss ta følgande reknestykke. I ein flokk på 100 søyer, vil ein med eit lammesnitt på 1.5 få 75 vêrlam. I eksempelflokken vår, bør vi ha minst 5 hanndyr. Vi har mangfald i bakhovudet og brukar 6 i eksempelet. Snitt levetid for ein vêr som vert plukka ut til avl er kanskje 3-5 år. For å auke mangfaldet, brukar vi i eksempelet 3 år.

Det betyr at du på 100 søyer, må rekruttere 2 nye vêrar kvart år. Du har normalt 75 stk å velje i, som betyr at 73 av 75 stk skal slaktast. No skal sjølvsagt dyr bytast, kjøpast og seljast, men konklusjonen er den same. For kvar som får leve og vert brukt i avl, er det altso 36 stk som går til slakt. Truleg er det endå fleire, for i praksis er nok snittalderen høgare, og mange har ferre enn 6 hanndyr pr 100 søyer. Hanndyr har elendige odds. Då er det utruleg viktig at dei som slepp igjennom nålauget faktisk ber med seg genane vi ønskjer oss.

Det at ein får eit nært forhold til eit dyr, gjer det ikkje meir egna for bruk i avl

Det er lett å få inntrykk av at dei som har nokre få sauar for kosen er overrepresenterte i salsannonsene.  Bilete av dyr som ligg langt frå rasestandarden, og gjerne av alle vêrlamma i flokken vert presantert som potensielle avlsdyr. Det er sjølvsagt ikkje ulovleg, men det er uheldig at ein betydeleg del av avlsarbeidet i rasa vert drive av på denne måten. Kor mange av dei som faktisk vert selt, veit eg ikkje, men truleg er det ein ikkje ubetydeleg del. Ein del gongar kan det framstå som om at dyra vert seld først og fremst fordi dei som eig dei ikkje vil slakte "vennane sine". Det er nok ikkje dette åleine som er årsaka til at mange dyr som er langt under avlskvalitet vert lagt ut til sal, men eg trur det er ein vesentleg del av problemet. Men hugs: det at du er glad i dyra, gjer dei ikkje meir egna for bruk i avl. Det at ein har få dyr, er heller ikkje eit hinder for å vere oppteken av avl og rasetypiske trekk.

Ein annan kandidat som også gjekk til slakt

Stoltheit i produktet ein leverer

Felles for svært mange som driv med aktivt utvalsarbeid, er at dei gjerne er kresne, og har utvikla eit auge for å sjå "feil", i staden for å vere stolte over alt dei har oppnådd i avlsarbeidet. I vår eigen flokk, sjølv etter fleire år med aktivt arbeid for å heve standarden, er det kanskje 5 vêrlam kvart år som held eit høgt nok nivå til at eg kan «anbefale dei til ein venn». Då har eg normalt 75 stk å velje i. Eg legg stoltheita mi at dyra som vert selt ut av flokken, held god kvalitet. Eg er ikkje åleine om å ha det som utgangspunkt.

Løysing på problemet med at mange hanndyr av for dårleg kvalitet vert lagt ut til sal, er nok ikkje å kjeppjage seljarane so snart dei legg ut ei annonse. Det vil nok verken motivere eller inspirere til å heve kvaliteten. Truleg ligg løysinga ein stad i midten. Dei som verkeleg arbeider aktivt med å avle fram gode rasetypiske dyr, må slutte å "skamme seg" over dyr som ikkje er perfekte, og heller vere stolt over kva dei faktisk har å by på. For mange av oss, er det nok fleire enn dyra som vert plukka ut til sal, som held betydeleg høgare nivå enn mykje av det som i dag vert annonsert. Om alle som er i same situasjon som oss legg ut desse til sal, vil nok situasjonen betrast. Og so må dei som sel "kosevêrane" sine, bruke tid på å finne den finaste av dei, og legge den ut til sal, om den er god nok. Rett og slett legge litt meir stoltheit i å tilby flotte dyr. Raseskulen som vi utarbeidde i regi av Norsk Villsaulag er eit fint hjelpemiddel til dette. Det er også lov å legge ut bilete av dyret, og spør kva folk syns. Mange er nok litt redde for å kommentere bilete av dyr med klare manglar, om ikkje den som legg dei ut inviterer til debatt.

Kvalitet kostar

Dessverre er det ikkje alltid enkelt å få selt vêrlam som ein har teke seg arbeidet med å sorterte ut, fotografere og annonsere. Ofte vert "kosevêrane" seld rimeleg, og det pressar prisen ned. Eg vil gjerne betale godt for fine dyr, og anbefalar alle andre å gjere det same. Å kjøpe «b-varer» for å sleppe å betale mva eller fordi eigaren ikkje vil sende den til slakt, vert dårleg butikk om det gjev deg dårlegare klassifisering på neste års slaktedyr. I verste fall avlar ein inn eigenskapar som tek år å rydde opp i. Å avle fram fine rasetypiske dyr, tek årevis med arbeid. Om ein er so heldig at du får kjøpt ein av dei finaste vêrane, er det greitt å betale skikkeleg. Den som sel dyret går glipp av både tilskot, skinn og eit fint slakt. Hugs at ein glimrande vêr, som gjev fine lam, er truleg verdt langt meir for din flokk enn seljaren krev. Norsk Villsaulag har rettleiande prisar har dette med i reknestykket, og er til god hjelp når pris skal fastsettast.



Ein annan kandidat, men denne fekk leve.

Andre viktige punkt å ta med seg:

1. Oppsøk kåringar i Norsk Villsaulag om det fins nær deg. Der kan du lære svært mykje om korleis du skal velje ut hanndyr for avl.

2. Skal du selje dyr, plukk ut dei finaste og mest rasetypiske. Ta gode bilete, både framanfrå, frå sida og bakfrå. Ver ærleg!

3. Prøv so godt du kan å sjekke dyra opp mot rasestandarden. Alle kan kontrollere at halen er kort og fri for ull (berre dekkhår). Føtene skal heller ikkje ha ull, berre dekkhår. Det same gjeld kjakane og panna.

4. Vêrar skal ha store, krølla horn. Desse må ha ei slik utforming at dei ikkje veks inn i nakke eller kjake. Vêrlam som har horn som minner meir om søyehorn skal sjølvsagt ikkje seljast som livdyr!

5. Flaskelam skal normalt ikkje nyttast i avl (her fins det sjølvsagt enkelte unntak). Dyr som stammar frå «dårlege mødre» vil ein ikkje avle på. Gode morseigenskapar er eit av dei viktigaste trekka med rasa. Sjå forøvrig punktet «det at ein får eit nært forhold til eit dyr, gjer det ikkje meir egna for bruk i avl.»

6. Dyr som kjem frå kryssingar med for eksempel gamalnorsk spelsau, skal ikkje brukast som avl!

7. Tenk på mangfaldet, både når du sel og når du kjøper dyr.

8. Om du har fine dyr, legg dei ut til sal, og ver stolt av dei, sjølv om dei ikkje er perfekte!


Kva er ditt syn? Legg gjerne igjen ein kommentar!

fredag 17. august 2018

Kampen for mangfaldet

Eit ord ein høyrer mykje om i villsaukretsar, er mangfald. Særleg i Austevoll var det veldig stort fokus på mangfald. Det er ikkje utan grunn. Eit stort mangfald er eit av dei viktigaste særtrekka til rasa, noko som er understreka i rasestandarden og i arbeidet for å ta vare på rasa. 

I flokken vår har vi mange typer og fargar. Då er det gøy å vere på tilsyn.

Under skildringa av særtrekka for rasa finn vi punktet «Stor genetisk variasjon og stort mangfald. Dette skal takast vare på.» For nokon som ikkje er kjent med rasa, vil det at dyra ikkje ser like ut vere ein av dei første tinga dei bit seg merke i med rasa. Det skilje den frå veldig mange andre husdyrraser, der normalen er at dei skal sjå veldig like ut.

Kva er so mangfaldet innan gamalnorsk sau? Det er viktig å vite at det ikkje berre fargane. Det er ulike typar dyr, både i storleik og fasong, ull, ulike typar temperament og so vidare. Ein av dei tinga eg arbeidde mest med når eg sat i styret til Norsk Villsaulag, var å få på plass ein rasestandard for gamalnorsk sau, og å formidle denne ut til alle som driv med rasen. Det var mildt sagt utfordrande å avgjere kva som er «innanfor» og kva som er «utanfor» i forhold til mangfaldet. Resultatet ber preg av eit visst slingringsmonn, men også med viktige avgrensingar: mangfaldet skal ikkje vere «kamuflasje» for innkryssing eller utvatning av rasa sine særtrekk.

Mangfaldet er ikkje berre grunnlag for frustrasjon og diskusjon. Mange av dei som driv med rasa synest at det er akkurat dette som verkeleg er gøy. Å gå rundt i flokken å kike på alle dei ulike typane. Nummeret på øyremerkja er ikkje det einaste som kan identifisere dei frå kvarandre. Alle dyra har sine særtrekk. Likevel kan mangfaldet vere lett å forsake i ei verd oppteken av rask profitt. Heldigvis er det pengar å hente i eit stort mangfald. Eit eksempel er sal av skinn. Om alle ser like ut, vert utvalet meir avgrensa og eksklusiviteten i at «ingen er like» borte. Eit stort mangfald, gjer rasa også meir motstandsdyktig mot sjukdom og gjer at den lettare kan tilpasse seg ulike driftsformer og behov. Det større bilete, som kanskje ikkje gjev klingande mynt i kassa, er at ut i frå denne rasa kan ein velje ut individ som kan danne grunnlaget for nye raser. Desse kan ha meir spissa eigenskapar. Eksempel på nye rasar avla fram frå gamalnorsk sau,  finn ein både i Norge og elles rundt Nord-Atlanteren. Dette kan verte viktig i arbeidet med å møte utfordringane som følgjer med eit meir ekstremt klima.

Mangfald i flokken

Sjølv om enkelte vil drage litt på det før dei innrømmer det: alle som driv med villsau, driv med utval. So lenge ikkje alle dyr får gå att, driv vi med utval. Alternativet er at naturen gjer utvalet, slik som er tilfellet for ville dyr. Då er det veldig viktig at ein har eit bevisst forhold til utval. Viss ikkje, vert det fort underbevisstheita som får råde. Då er det gjerne preferansar i utsjånad som vinn fram, og om få år har ein mista mykje av mangfaldet i flokken. Preferansar er også smittsamt. Det er lett for at «fine dyr» i ein flokk vert populær for sal som livdyr, og snart har alle like dyr. Det er her kampen kjem inn i biletet. Det å ta vare på eit stort mangfald, er ein kamp. Ein må heile tida leite etter kva eigenskapar eller trekk som er på vikande front i flokken. Då må ein både sette igjen søyelam og kjøpe vêrar som sikrar desse trekka. Dess mindre flokken er, dess vanskelegare er det naturleg nok å få til dette. Alternativet er sjølvsagt loddtrekning, sjølv om eg har til gode å høyre nokon som gjer det når dei står i bingen og skal sortere ut slaktedyr.

Like viktig som å sikre mangfaldet ein ser, er det ein ikkje ser. Det er sjølvsagt langt vanskelegare, men der fins råd. Eit stort mangfald i synlege trekk, vil auke mangfaldet for eigenskapane ein ikkje ser med det blotte auge. Fleire hanndyr, og oftare utskiftingar av hanndyr er også eit viktig tiltak. Norsk genressurssenter anbefaler 10 søyer pr vêr som eit tiltak for å sikre stort genetisk mangfald. Det kan by på både økonomiske utfordringar, og høgare tap som følgje av meir slåssing mellom hanndyr, men det er greitt å ha det i bakhovudet at fleire hanndyr er positivt for mangfaldet.

Vêrar av ulike typar er viktig for mangfaldet
Det er også viktig å prøve å få tak i hanndyr som er langt «ut i slekta». Å bytte fram og tilbake med ei anna besetning er ikkje positivt for mangfaldet. Om du nokon gong har lurt på kvifor eg og mange andre orkar å brukar sopass med tid og krefter på å opplyse om kva som er rasetypisk, og viktigheita av å ikkje krysse inn, er dette ein av motivasjonane. Dess fleire som har fokus på dette, dess fleire flokkar er det ein kan handle frå.

Det som truleg sit lengst inne for mange, er at ein av og til må velje det «nest beste» dyret, fordi dette har eigenskapar ein manglar i flokken. Eit anna tips er å ikkje bruke den flotte vêren eit år ekstra. Bruk heller sonen.

Avsluttingsvis vil eg oppmode alle som no skal i gong med å velje ut vêrar til avl og kva søyelam som skal få gå igjen, til å tenke på mangfaldet. Lukke til!

mandag 13. august 2018

Heilgrilla villsaulam – ein festmiddag!

Kjøt av villsau kan nyttast til nærmast alt. Sjølv har eg fått utruleg sansen for å grille det. Grilling får verkeleg fram det beste i kjøtet, men denne gongen var det duka for eit aldri so lite eksperiment: eg skulle heilgrille eit lam!


Å heilgrille eit lam tek tid, og eg skal innrømme at lammet, som var eit naudslakt, hadde budd i fryseboksen til mormora mi ei stund. Heldigvis var det sommarferie, og då kan ein ta seg tid til litt av det ein elles ikkje rekk i ein hektisk kvardag. Lammet var relativt lite, noko som korta ned på tida.


Eg fyrte opp grillen, spidda lammet på eit stålspyd, og smurde det inn med marinade. I grillen brukte eg vanleg grillkol, men eg kasta på bitar av fersk einer under grillinga for å få ein ekstra piff på smaken. Frå tid til anna snudde eg om på lammet, og då nytta eg høvet til å smøre på meir marinade. Det er viktig å ikkje starte med for sterk varme, men fylle på meg grillkol undervegs slik at varmen er jamn.

Røyk frå einer gir ein ekstra spiss på smaken


Etter nokre timar, skulle eg skjere av ein bog til servering. Kniven trengte eg ikkje, for når eg tok i bogen og skulle til å skjere, losna den av seg sjølv. Smaken var nydeleg, og kjøtet smelta på tunga! Dette må bli ein fast tradisjon! Dessverre vart det so godt, at dei flotte «sminka» matbileta måtte vente til neste gong.

Nydeleg møyrt kjøt, som smeltar på tunga!
Du veit det er godt når Endre går laus på beina!
Om du skal prøve å heilgrille lam, vil eg anbefale deg å bestille eit lite lam, og gi beskjed om at du ønskjer det upartert. Fordelen med eit litt mindre lam, er at det er lettare å få det gjennomsteikt utan at dei tynnaste delane er svartsvidd. Som kjent kjem dyr i alle storleikar, og i ei villsaubesetning, der mange berre slaktar ein gong for året, vil der normalt vere slakt som er godt egna til heilgrilling, utan at du treng å invitere dusinvis av gjestar. Om du skal det, er det kanskje like godt å grille fleire.

Lukke til, og god appetitt!