torsdag 23. august 2018

Mot alle odds: kunsten å velje ut hanndyr

Det er høgsesong for salsannonser for vêrar og vêrlam. Dessverre er det langt i frå alt som held den standarden ein ønskjer for avl.

Alle som har drive med utvalsarbeid, veit at ein aldri får full pott på alle område i eit og same dyr. Ein vêr med fin manke og flott spæl, har kanskje litt lav høgde. Ein annan har bra bein, flotte horn, men lengre spæl. Men sjølv om vi aldri finn det perfekte, betyr det ikkje at vi skal avle på dei som både har dårlege horn, lang spæl og skeive bein!

Det er dessverre tydeleg at viktige eigenskapar i rasa er rimeleg utvaska mange stadar i landet. Då er det ekstra viktig at alle tek ansvar for å heve nivået. Det er nokre grunnprinsipp som bør råde når ein arbeider med hanndyr:


Ein livdyrkandidat som gjekk til slakt


Vêrlam og vêrar er overskotsvare, og vi må vere kritiske til kva vi sett i avl

For å illustrere poenget mitt, la oss ta følgande reknestykke. I ein flokk på 100 søyer, vil ein med eit lammesnitt på 1.5 få 75 vêrlam. I eksempelflokken vår, bør vi ha minst 5 hanndyr. Vi har mangfald i bakhovudet og brukar 6 i eksempelet. Snitt levetid for ein vêr som vert plukka ut til avl er kanskje 3-5 år. For å auke mangfaldet, brukar vi i eksempelet 3 år.

Det betyr at du på 100 søyer, må rekruttere 2 nye vêrar kvart år. Du har normalt 75 stk å velje i, som betyr at 73 av 75 stk skal slaktast. No skal sjølvsagt dyr bytast, kjøpast og seljast, men konklusjonen er den same. For kvar som får leve og vert brukt i avl, er det altso 36 stk som går til slakt. Truleg er det endå fleire, for i praksis er nok snittalderen høgare, og mange har ferre enn 6 hanndyr pr 100 søyer. Hanndyr har elendige odds. Då er det utruleg viktig at dei som slepp igjennom nålauget faktisk ber med seg genane vi ønskjer oss.

Det at ein får eit nært forhold til eit dyr, gjer det ikkje meir egna for bruk i avl

Det er lett å få inntrykk av at dei som har nokre få sauar for kosen er overrepresenterte i salsannonsene.  Bilete av dyr som ligg langt frå rasestandarden, og gjerne av alle vêrlamma i flokken vert presantert som potensielle avlsdyr. Det er sjølvsagt ikkje ulovleg, men det er uheldig at ein betydeleg del av avlsarbeidet i rasa vert drive av på denne måten. Kor mange av dei som faktisk vert selt, veit eg ikkje, men truleg er det ein ikkje ubetydeleg del. Ein del gongar kan det framstå som om at dyra vert seld først og fremst fordi dei som eig dei ikkje vil slakte "vennane sine". Det er nok ikkje dette åleine som er årsaka til at mange dyr som er langt under avlskvalitet vert lagt ut til sal, men eg trur det er ein vesentleg del av problemet. Men hugs: det at du er glad i dyra, gjer dei ikkje meir egna for bruk i avl. Det at ein har få dyr, er heller ikkje eit hinder for å vere oppteken av avl og rasetypiske trekk.

Ein annan kandidat som også gjekk til slakt

Stoltheit i produktet ein leverer

Felles for svært mange som driv med aktivt utvalsarbeid, er at dei gjerne er kresne, og har utvikla eit auge for å sjå "feil", i staden for å vere stolte over alt dei har oppnådd i avlsarbeidet. I vår eigen flokk, sjølv etter fleire år med aktivt arbeid for å heve standarden, er det kanskje 5 vêrlam kvart år som held eit høgt nok nivå til at eg kan «anbefale dei til ein venn». Då har eg normalt 75 stk å velje i. Eg legg stoltheita mi at dyra som vert selt ut av flokken, held god kvalitet. Eg er ikkje åleine om å ha det som utgangspunkt.

Løysing på problemet med at mange hanndyr av for dårleg kvalitet vert lagt ut til sal, er nok ikkje å kjeppjage seljarane so snart dei legg ut ei annonse. Det vil nok verken motivere eller inspirere til å heve kvaliteten. Truleg ligg løysinga ein stad i midten. Dei som verkeleg arbeider aktivt med å avle fram gode rasetypiske dyr, må slutte å "skamme seg" over dyr som ikkje er perfekte, og heller vere stolt over kva dei faktisk har å by på. For mange av oss, er det nok fleire enn dyra som vert plukka ut til sal, som held betydeleg høgare nivå enn mykje av det som i dag vert annonsert. Om alle som er i same situasjon som oss legg ut desse til sal, vil nok situasjonen betrast. Og so må dei som sel "kosevêrane" sine, bruke tid på å finne den finaste av dei, og legge den ut til sal, om den er god nok. Rett og slett legge litt meir stoltheit i å tilby flotte dyr. Raseskulen som vi utarbeidde i regi av Norsk Villsaulag er eit fint hjelpemiddel til dette. Det er også lov å legge ut bilete av dyret, og spør kva folk syns. Mange er nok litt redde for å kommentere bilete av dyr med klare manglar, om ikkje den som legg dei ut inviterer til debatt.

Kvalitet kostar

Dessverre er det ikkje alltid enkelt å få selt vêrlam som ein har teke seg arbeidet med å sorterte ut, fotografere og annonsere. Ofte vert "kosevêrane" seld rimeleg, og det pressar prisen ned. Eg vil gjerne betale godt for fine dyr, og anbefalar alle andre å gjere det same. Å kjøpe «b-varer» for å sleppe å betale mva eller fordi eigaren ikkje vil sende den til slakt, vert dårleg butikk om det gjev deg dårlegare klassifisering på neste års slaktedyr. I verste fall avlar ein inn eigenskapar som tek år å rydde opp i. Å avle fram fine rasetypiske dyr, tek årevis med arbeid. Om ein er so heldig at du får kjøpt ein av dei finaste vêrane, er det greitt å betale skikkeleg. Den som sel dyret går glipp av både tilskot, skinn og eit fint slakt. Hugs at ein glimrande vêr, som gjev fine lam, er truleg verdt langt meir for din flokk enn seljaren krev. Norsk Villsaulag har rettleiande prisar har dette med i reknestykket, og er til god hjelp når pris skal fastsettast.



Ein annan kandidat, men denne fekk leve.

Andre viktige punkt å ta med seg:

1. Oppsøk kåringar i Norsk Villsaulag om det fins nær deg. Der kan du lære svært mykje om korleis du skal velje ut hanndyr for avl.

2. Skal du selje dyr, plukk ut dei finaste og mest rasetypiske. Ta gode bilete, både framanfrå, frå sida og bakfrå. Ver ærleg!

3. Prøv so godt du kan å sjekke dyra opp mot rasestandarden. Alle kan kontrollere at halen er kort og fri for ull (berre dekkhår). Føtene skal heller ikkje ha ull, berre dekkhår. Det same gjeld kjakane og panna.

4. Vêrar skal ha store, krølla horn. Desse må ha ei slik utforming at dei ikkje veks inn i nakke eller kjake. Vêrlam som har horn som minner meir om søyehorn skal sjølvsagt ikkje seljast som livdyr!

5. Flaskelam skal normalt ikkje nyttast i avl (her fins det sjølvsagt enkelte unntak). Dyr som stammar frå «dårlege mødre» vil ein ikkje avle på. Gode morseigenskapar er eit av dei viktigaste trekka med rasa. Sjå forøvrig punktet «det at ein får eit nært forhold til eit dyr, gjer det ikkje meir egna for bruk i avl.»

6. Dyr som kjem frå kryssingar med for eksempel gamalnorsk spelsau, skal ikkje brukast som avl!

7. Tenk på mangfaldet, både når du sel og når du kjøper dyr.

8. Om du har fine dyr, legg dei ut til sal, og ver stolt av dei, sjølv om dei ikkje er perfekte!


Kva er ditt syn? Legg gjerne igjen ein kommentar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!