Viser innlegg med etiketten lyngbrenning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lyngbrenning. Vis alle innlegg

søndag 23. februar 2020

Samfunnsoppdraget: Å brenne lyng

Vi villsaubønder har eit samfunnsoppdrag. Dette kan grovt sett delast i to; produsere mat og å skjøtte landskap. I dag vil eg seie litt om kvifor vi må vere pådrivarane for å brenne kystlyngheia.



Kvifor vi bør brenne lyng er det skreve og sagt mykje om, ikkje minst her på sida. Eg skal difor ikkje bruke mykje tid på dette no, men kort oppsummere at å brenne lyng er ikkje berre heilt avgjerande for å sikre gode lyngbeiter til dyra som beiter i kystlyngheia, men også for å ta vare på den truga naturtypen kystlynghei. Denne naturtypen er det eldste kulturlandskapet som finns her til lands, og kan sporast tilbake 5000 år i tid. Mange dyr, planter og insekt som finns her er heilt avhengige av at landskapet vert brent og beitt. Og la det vere ingen tvil - vi har inga tid å miste om vi skal sikre desse for framtida!

Beiting utan brenning er i dei fleste tilfelle dårleg for artsamansetting og kvaliteten på beita. Brenning utan beiting er heller ikkje bra, og opnar lett opp for framande artar. Det er difor villsaunæringa spelar ei nøkkelrolle i å ta vare på denne naturtypa: vi kan både brenne og drive beite. Sidan vi omtrent er dei einaste som kan kombinere dette, kviler det eit visst ansvar på oss. Sjølv om brenninga er på veg inn i varmen, er det ein svært lang veg å gå for å bygge opp igjen kompetansen om lyngbrenning, og for å få areala som har grodd ned sidan krigens dagar tilbake i god hevd. Det at det er lite kompetanse både hjå gardbrukarar og det offentlege, kombinert med eit stadig meir gjengrodd landskap er bokstaveleg talt ei eksplosiv fare. Det finns stadig fleire eksempel på korleis villbrannar i desse gjengrodde landskapa kan vere ein stor risiko for liv, helse og eigedom. Det å brenne lyng kontrollert, er heller ikkje utan risiko. At ein og annan brann som kjem ut av kontroll er uunngåeleg, men det er viktig å sikre at det ikkje er mangel på aktsemd som er årsaka når dette skjer. Prioritet nummer ein er difor å lære seg korleis ein skal kartlegge, planlegge og gjennomføre ei sikker brenning.



Sjølv om villsaunæringa har eit samfunnsoppdrag i å ta vare på dette landskapet, har det offentlege også eit ansvar. Dei må ikkje berre sikre at det finns ein forsvarleg økonomi i dette for dei som tek jobben, men både brannvesen og forvaltning må ha kompetanse knytt til lyngbrenning. Det er ingen hemmelegheit at det er ein stor motvilje i mange brannvesen rundt om i landet til å svi lyng. Det er nok mange årsaker til det. Ei hovudårsak kan vere manglande forståing for kor alvorleg alternativet villbrannar er. Ei anna årsak er manglande kapasitet til å kunne samarbeide med landbruket i å gjennomføre trygge brenningar. Kanskje tenkjer at ein om ein ikkje gjer noko, gjer ein i alle fall ikkje noko gale?

Når vinden snur, må ein av og til arbeide i vansklege forhold - Foto: Åshild K. Fjørtoft


Heldigvis er det fleire område i landet, der ein har funne eit fungerande samspel til det beste for både bonden, kystlyngheia og samfunnet. Dette samarbeidet har utan tvil kome lengst på Haugalandet, der ein har bygt opp ein «paramilitær» styrke med villsaubønder som er utrusta og kursa for å kunne gjennomføre store planlagde lyngbrenningar i eigen regi, og som også hjelper brannvesenet ved behov under villbrannar. Den tidlegare offiseren, Ove Stumo, er ein av generalane i denne organisasjonen kalla Haugaland Lyngbrannreserve. Han er også aktiv villsaubonde og styremedlem i Norsk Villsaulag. Førstkomande helg kjem han til Sunnmøre for å lære frå seg om korleis ein skal kartlegge, planlegge og gjennomføre sikker lyngbrenning, og kva ein skal gjere når ting kjem ut av kontroll. Fleire andre kompetente ressurspersonar innan kystlynghei og brenning tek også turen for å dele av kompetansen sin, so samlinga i Fosnavåg er ikkje berre anbefalt, men eit «must» for både bønder, brannvesen og forvaltning!

Sjølv om ein ikkje kan delta på denne eller liknande samlingar, er det mykje ein kan gjere. Det viktigaste er å sikre at ein har ein god plan, og rikeleg med mannskap. Snakk med erfarne folk, og les det du finn på nett. Snakk med brannvesenet i god tid, informer dei om planane dine og spør kva forventningar dei har. Eit godt utgangspunkt er å starte der det er minst risiko, og bygge seg opp erfaring. Den beste tida for å brenne lyng er no på seinvinteren og tidleg vår, so det er no du må starte planlegginga om du skal ta din del av sammfunnsoppdraget!

Lukke til!

onsdag 19. desember 2018

Brenn i tide – det kan bli for seint å svi

Det er gledeleg nok truleg fleire og fleire lyngheier som er i god hevd langs med kysten, men problemet er at resten av dei forfell stadig meir, og totalen vert soleis negativt. Om du er ein av dei som fortsatt ikkje har kome igong, bør du lese vidare.

Tapet av denne naturtypa skjer i rekordfart. Løysinga er kombinasjonen av brenning og beiting. Men sjølv om det blir prata om viktigheita av å brenne lyng, sit dei fleste som kan gjere noko på gjerdet. Det er kanskje ikkje rart. Å sette fyr på store områder med brennbart materiale, gjerne utan erfaring eller kompetanse, er ikkje utan risiko. Ein tenkjer over alt som kan gå gale. Og det er no viktig det, men tenkjer ein på at det er minst like mykje som kan gå gale om ein ikkje brenn?

Gammal lyng: den til høgre for midten er daud, og vil snart berre stå att som stilk, slik som til venstre for midten



Ei gammal og forfalla lynghei er svært sårbar. Både for tørke, frost, skadedyr, villbrann og ikkje minst utarming. Med eit meir ekstremt klima, er viktigheita av lyngbrenning endå viktigare. Ei frisk og frodig lynghei toler det meste. Den er også langt mindre brannfarleg enn ei gammal hei med høg og tett lyng, der mange av plantene er tørkeskada eller døyande. Dette er kjent materie for mange, men visste du at det for kan bli for seint å svi? Dette er eit problemstilling ein står ovanfor i områder der ein beiter utan å brenne. Røsslyngen, som ofte er i dårleg stand etter årevis utan beiting eller brenning, vil etter nokre år med beiting ofte stå igjen med mykje stilk og lite anna, gjerne med eit tett moselag i botnen. Når lyngen har kome til dette stadiet, er det nesten uråd å brenne, då det er for lite brennbart materiale til å få opp temperaturen til å brenne stilk og kanskje aller viktigast, moselaget som hindrar nyskota å sleppe igjennom. Når det har kome so langt, kan det vere at beitet må kvile, kanskje i fleire år. Det seier seg sjølv at å kome i denne situasjonen er dårleg for både kystlyngheia, men også deg som har dyr der.

Nyspiring etter brenning på Uksnøya
Ei frodig lynghei er ein føresetnad for god utedrift. Lave lammevekter og lammetal kan ofte skuldast lyngheier i dårleg hevd. Då er det lurt å kome i gong før det er for seint. Start planlegginga i dag. Kontakt andre med erfaring rundt deg, og få hjelp til planlegging og gjennomføring. Norsk Villsaulag har lyngbrenning som eit viktig satsingsområde, og har fleire stader arrangert kurs med både teoretisk og praktisk innhald. Lyngbrenning er spennandes og sosialt, men framfor alt eit kjempeviktig tiltak for å sikre gode beiter. Det er også råd å samarbeide med lokalt brannvesen. Fleire stader er det opna for at SMIL-midlar kan nyttast til å lønne brannvesenet, slik at dei kan bidra.


Mons Kvamme i Lyngheisenteret har skreve mykje om lyngbrenning. Ta gjerne eit google-søk. Ta gjerne ein kik på kva vi har gjort på Uksnøya. Klikk her for å lese.

Og hugs, brenn i tide – det kan bli for seint å svi! Lukke til!



onsdag 8. juli 2015

Fagdag i havgapet

Sist laurdag var det sommarsanking på Uksnøya, og då eg gjekk og leitte etter ei sakna søye i dei frodige lyngheiene, drøymde eg meg vekk i alle dei flotte vekstane som stod frodig opp etter støvleskafta. "Tenk kor kjekt det hadde vore å få med seg ein biolog ut hit, for å vurdere tilstanden på plantane og arbeidet vi gjer", tenkte eg medan vinden suste i lyngen. 5 minutt seinare ringte telefonen i lomma...

Nei, denne gongen var det ikkje Reidar Christiansen som ringte for å høyre om eg kunne tenkje meg å komme inn i styret til Norsk Villsaulag. Det var ein triveleg kar frå Bioreg som kunne fortelle at dei hadde fått i oppdrag frå Fylkesmannen å vurdere lyngheiene på Uksnøya. To biologar ville ta turen ut allereie tysdag, og spørsmålet var korleis dei skulle kome seg ut!

Nokre få dagar seinare stod eg på parkeringsplassen i Brattvåg Småbåthamn og venta spent. Sjefen var snill og ga meg fri, slik eg kunne bli med biologane ut på Uksnøya. Bror min hadde ferie, og var allereie komen i båten. Fersk bensin er fyllt på tanken og det verste regnet hadde gitt seg. Planteriket er kanskje ikkje det som interesserer bror min mest innanfor villsaudrifta, med mindre det er noko som skal slåast då; men som fast båtførar var han med på tur. Marius stilte villeg som styrmann.

Biologane hadde fått i oppdrag å vurdere verdien av kystlyngheia på Uksnøya. Sidan den ikkje var kartlagt, hadde den automatisk fått klasse C, som er den minst viktige av klassifiseringane, og betyr lokal viktig. Spørsmålet var om den skulle oppjusterast, og i sofall om det var A - svært viktig, eller B - viktig som var rett klassifisering.

På veg ut utfordra vi sjøsjuka til gjestane ved å kike i kart og loggar over brenninga som eg hadde teke med. Terje meinte på at det kanskje var lurast at vi lot papira ligge over den noko rufsete fjorden, men når eg var interessert i ein soppart som tidlegare var funnen, gjekk det ikkje lenge før bøkene vart opna, og sjøstyrken vart testa. Heldigvis sto alle på eksamen, og like friske og blide gjekk vi i land på Uksnøya.

Turen gjekk først over til Svølingen, der vi såg på arealet vi brente i 2006. Der finn ein i dag ei rekkje artar, mellom anna gras, urter, bladlyng og røsslyng. På veg tilbake kom dei over den svartelista tangsorten pollpryd. Eg har aldri vore klar over at den ikkje var ønska, men so kan ein vel heller ikkje vite alt. Heldigvis såg vi tydlege spor av at sauane har beitt på den, so då kjem den om ikkje anna litt til nytte.

Den svartelista tangarten pollpryd - tydeleg beitt av sauane


Seinare gjekk turen rundt om på holmar og øyer, der stadig nye registreringar vart føreteke, og eg fekk lære enda meir om vekstane ein ofte berre trakkar på utan å tenkje vidare over.

Han som leitar, han finn, i alle fall i kystlyngheia!

Kor stor del av den årlege veksten som sauen har beitt ned sei mykje om beitetrykket i lyngheia







Nitrogenkretsløpet der ute vart diskutert, og då spesiellt havet si betydning for villsaudrifta. På Uksnøya går det rundt 110 dyr vinterstid, noko som er høgt med tanke på kva areal som er tilgjengeleg, og det faktum at vi normalt ikkje fôrar. Med 1000 dekar til rådigheit, der kanskje 70 % er lynghei av ulike samansetningar, vil nok mange reagere på dyretalet. Likevel har både Mattilsynet og røynde villsaufolk vore ute og kika, utan å meine anna enn at ting ser bra ut. Eg har likevel vore litt obs på dette med beitepress, og ikkje minst interessert i kva som er årsaka til at det går så bra. Eg har alltid hevda at om vi ikkje hadde hatt fjøra, kunne vi aldri hatt so mykje dyr. Dyra finn mykje mat i fjøra, og skiten som kjem ut igjen vert spreidd utover markane og i lyngheia. Slik kjem ny næring og gjødsel til, og kretsløpet ser ut til å vere i balanse. Sjøfuglane gjer også sin del, både i form av skit, men også krabbeskal og fiskerestar som vert viktig næring i landskapet. Dette er svært tydleg på toppane på haugane rundt om, der grøne oasar stikk opp av røsslyngen som trivst best i den sure torvjorda.

På toppane vert det gjerne grønt, ein konsekvens av at måsen skit og legg igjen restar av skaldyr - Uksnøya i det fjerne


2 år gammal røsslyng på Storholmen

Kystlynghei på Storholmen, 2 år etter brenning





Ein kan ikkje berre kike ned om ein skal få det store bilete - Biolog med storhavet i bakgrunnen
Men tilbake til dei to biologane i havgapet. Dei hadde vorte vist sitkagranskogen som eg har irritert meg over, men aldri kome so langt å gjere noko med. Heldigvis held sauane og det harde vêret den i alle fall delvis i sjakk, sjølv om trea vert større og konglene fleire år for år. Det gjekk ikkje lenge før prat om fjerning av både sitkagran og buskfuru (som også er ein framand art) kom på agendaen. "Vi må nok anbefale å få fjerna dette i rapporten vår". For ein som hatar sitkagrana og all skaden den har påført norsk natur meir enn pesten, var ikkje det akkurat ein stor kamel å svelge.

Ein del av sitkagranskogen på Høgvêrholmen - her bør nok motorsaga leitast fram


Og akkurat sitkagrana vart ivrig diskutert på veg heim. For ein treng ikkje å vere biolog for å forstå alvoret i situasjonen. Akkurat no skjer det uoppretteleg skade  i norsk natur, og kanskje alle mest i dei truga kystlyngheiene. På veg i land var det tid for oppsummere. Rapporten vert ikkje klar før neste år, men klassifiseringa vert klar allereie i haust. Eg kan nok tøre å røpe at dei likte det dei såg...

Ha ein fortsatt fin sommar, og legg gjerne igjen ein kommentar!

Og PS: legg gjerne ned ei sitkagran eller to i sommar då!


søndag 25. januar 2015

Villsau for ein kvar pris?

Når ein skal drive med sau, anten det er for å halde landskapet ope, stelle beita, kjøtproduksjon eller som rett og slett som hobby, må ein vurdere kva rase ein skal drive med. For mange er svaret Gamalnorsk sau, også kjent som villsau. Men er det valet alltid rett?

For ikkje mange tiår sidan var Gamalnorsk sau nærast borte, men vi har sidan midten av nittitalet opplevd ein stor vekst i talet på dyr og besetningar. Ein finn no villsau rundt om i heile Norge, frå inste fjord til ytste nes og holme, truleg finst det rundt 40 000-50 000 overvintrande dyr. Mange stadar finn sauane all maten sin sjølve, sommar som vinter, medan andre stadar står dei inne på fullfôring vinterstid.

Hovudgrunnane til at villsauen har opplevd denne renessansealderen er nok at fleire og fleire gardsbruk har anten gått ut av produksjon eller gått gjennom ei voldsom industrialisering. I kjølvatnet av dette har det opna seg ei nisje i å halde utmark og mindre beiteareal i hevd ved hjelp av "uindustrialiserte" dyr. Ein har altso sett verdien av å halde landskapet ope der store traktorar og tunge kyr ikkje kjem til, for ikkje å snakke om å halde den truga landskapstypa kystlynghei i hevd.




Før vi går vidare, skal eg gå gjennom kva som gjer den Gamalnorske sauen so spesiell.

Gamalnorsk sau er som du kanskje veit, i nær slekt med dei opprinnelege sauerasane. Den er med andre ord framleis ganske lik "den opprinnelege sauen" sidan den ikkje har blitt avla so mykje på for å få fram dei eigenskapane den har, og den har difor eit stort genetisk mangfald. Felles for alle artar med stort genetisk mangfald, er at dei som art er betre rusta til å møte nye utfordringar. Dette kan anten vere sjukdommar, endring i miljø (klima, forureining mm) eller endra bruksbehov. Hadde det ikkje vore for at villsauen sleppte ulla sjølv, og difor hadde ullstrå med tette endar som gjorde den ekstremt godt egna til å lage sjøvottar til bruk på fiske, ville den truleg vore utrydda. I dag har polymer-industrien gjort slutt på dette behovet (i alle fall enn so lenge), men andre eigenskapar har no teke over som like viktige. I dag er det i all hovudsak fire ting som gjer villsauen so populær: 1. enkle lammingar. 2. emna til å vekse, trivast og produsere på beite som er for dårlege til større raser. 3. svært lite sjukdommar. 4. kjøtkvalitet i verdenstoppen (?).

Medan dei enkle lammingane gjer at "kven som helst" kan drive med villsau utan å måtte ha fulltidsjobb under lamminga, gjer det at den kan pusse beite, utmark eller truga kystlynghei at dei fyller nisja av industrialiseringa svært godt, og at samfunnet er villege til å gi økonomisk støtte for jobben vi og sauane våre gjer. At den generelt er frisk og har emna til å sjølvmedisinere seg mot ein del plager og sjukdom, er sjølvsagt og ein stor fordel, både for dyr og eigarar. Kjøtet frå villsau vinn stadig viktige prisar for kvalitet, og ettersom trenden med lokal og meir berekraftig mat vinn meir og meir moment, er dette med på å drive rasa fram i lyset igjen.

Likevel finst det andre raser som også er aktuelle til i alle fall ein del av bruksområdet. Gamalnorsk spælsau er ei av dei. Det er ei sauerase som er avla fram frå Gamalnorsk sau. For å gjere det veldig enkelt kan ein seie at Gamalnorsk sau (villsau) er kystvarianten, medan Gamalnorsk spælsau er innlandsvarianten. Sjølv om Gamalnorsk spæl normalt gjev både fleire og større lam enn villsau, har ein ikkje fått til same utviklinga i talet på dyr som for villsau. Rasa har vore truga, og ein skulle gjerne hatt fleire som starta opp for å greie å bevare denne for framtida. I ei tid der mange ser seg om etter alternativ for å få opp slaktevektene, både ved hjelp av avl og ein betydeleg kraftfôrbruk, er dette eigenskapar som burde tale til fordel for Gamalnorsk spæl, og andre raser. Overgangen til Gamalnorsk spæl ser dog ikkje ut til å skje.

Det som derimot skjer, er at eg stadig oftare høyrer og les om folk som som driv med villsau som er so opptekne av storleiken på slakta og dei økonomiske resultata det gjev, at ein gjer tvilsame grep for å oppnå dei. Det ser no ut til å vere ein akselererande trend å blande inn andre raser for å få opp slaktevektene. Paradokset er at med dette prøvar ein å gjere opp igjen jobben som gardbrukarar rundt om i Norge har gjort dei siste hundre åra. Dei som gjorde dette avlsarbeidet, og dei som seinare dreiv avlsstasjonane hadde truleg mykje meir kompetanse på sau enn det mange av dei som driv med kryssing i dag har. Ein kan difor stille spørsmålet: er dette er rett veg å gå? 

Vil ein oppnå ei ny rase som har alt ein kan ønskje seg, utan nokon av bieffektane dette fører med seg? Vil ein kunne få ein større og endå meir kjøtrik sau, som kan greie seg på lite, lamme lett, halde seg frisk og rask og ikkje minst levere den kjøtkvaliteten vi i dag kjenner? Svaret er heilt klart nei. Ein har ikkje klart dette tidlegare, verken i saueavl eller noko anna form for dyreavl, og ein vil ikkje greie dette i framtida. Eg skal ikkje gå alt for langt inn i grunngjevinga til dette, men mykje av dette kjem ned til enkel biologi. Store muskuløse dyr treng mat med meir næring i. Dei får også vanskelegare fødslar. Målretta avl og kryssing er også negativt for rasa si emne til å halde seg friske. Sjå berre til hunderasane. Kvaliteten på sauekjøtet heng også saman med driftsfôrma. Ikkje tru at silo og kraftfôr gjev same smak og næringsverdi i kjøtet som einer, lyng, sopp, tare og strandeng.

Mi frykt er at når mange nok kallar desse hybridane eller avlsresultata for villsau eller Gamalnorsk sau, vil ein kunne øydeleggje den Gamalnorske sauen slik vi kjenner den, og med det sjølve fundamentet til det som gjer denne rasa so ettertrakta.



I sum er det alle vi som driv med Gamalnorsk sau som forvaltar rasa. Anten ein har peiling eller ikkje. Antan ein likar dei lyse eller mørke, store eller små, dyr som lammar lett, eller dyr som treng hjelp, er vala kvar enkelt villsaubonde tek med å sette retninga for kvar vegen går. Dei fleste er avhengige av å bytte vêrar eller kjøpe livdyr til nye besetningar. Om nokon då har putta inn "ureint blod" i flokken eller avla fram dyr med eigenskapar som ikkje er foreineleg med kva villsauen skal brukast til, kan dette få store negative konsekvensar. Det kan i tillegg vere vanskeleg å plukke opp for dei som skal kjøpe dyr, spesielt for dei med mindre erfaring, noko det noko det naturleg nok er mange av. Hugs at det ikkje berre utsida som tel; mykje av genmaterialet ligg skjult, og kan først slå ut i seinare generasjonar, både i form av vanskelegare lammingar, sjukdommar og adferdsendringar. Slike innkryssingar er heller ikkje råd å angre, so lenge ein ikkje har svært god kontroll på kven av dyra som er blandingsrase og kan plukke dei ut.

Om ein avlar fram dyr som ikkje har desse føresetnadane vil ein truleg oppleve ei auke i dyretragedier, som både vert trist for dyra det gjeld, men også for rasa og næringa. Mattilsynet og andre instansar vil effektiv, med eksempelets makt, og med god grunn, kunne gjere drifta so vanskeleg for alle at det for mange ikkje lenger vert råd å drive. Eit skada omdøme vil også sette den økonomiske stønaden som ofte er avgjerande for at drifta går rundt i fare, for ikkje å snakke om dei som støttar næringa ved å kjøpe kjøt og andre villsauprodukt. Dette vil skade både seriøse og useriøse villsaubønder. Mitt håp er at Mattilsynet er klar på at dette ikkje er akseptabelt innanfor dei meir ekstensive drifsformene, og slår ned på dette når dei kan.

For å strø salt i såra, er det i dag fleire av dei som fjuskar med innkryssing som sel varene sine som villsau, sjølv om det ikkje er villsau dei sel. Dette gjer at dei som driv på tradisjonellt vis kjem dårligare ut om ein samanliknar storleiken på slakta, og pressar endå fleire ut mot freistinga. Eit anna problem er at kvaliteten til merkevara villsau vert svekka, sidan ein ved å krysse inn andre dyr kan forringe kvaliteten på kjøtet som er noko av det som kjenneteiknar rasa. Heldigvis har Norsk Villsaulag no fått retten til å merke kjøt frå godkjente besetningar med "Villsau frå Norskekysten". Dette kan vise seg å verte ein viktig reiskap i å stoppe dei som driv med ureint spel i å selje varene sine som villsau.

So tilbake til det vi starta med: er villsau alltid rett? Svaret er heilt klart nei. Villsauen er ofte eit svært godt alternativ, men ikkje alltid. Sjølv om mange fleire i Norge burde starta opp og drive med rasa Gamalnorsk Sau for å auke norsk matproduksjon, er det fleire av dei som i dag driv med Gamalnorsk Sau burde heller dreve med feks Gamalnorsk Spæl eller Svartfjes.

Eg vil difor avslutte med ein liten appel: driv du med eller vurderar du innkryssing av andre raser? Stopp og tenk. Er der andre raser som passar betre til di driftsform? Kjenner du til dei langsiktige konsekvensane av innkryssing og målretta avl utover rasenormen? Og om du gjer dette, sel for all del ikkje kjøt eller dyr som villsau når det ikkje er det du har å tilby. Om du kjenner andre som driv på denne måten, ha mot til å konfrontere dei med konsekvensane dette vil gje på sikt. Om du er sluttkunde, still krav til at dei du handlar med driv med ekte villsau - og i framtida; sjå etter merkenamnet "Villsau frå Norskekysten"!


Villsauen og menneskja sine spor fylgjer kvarandre langt tilbake i historia - kor går vegen vidare?

tirsdag 14. oktober 2014

Røsslyngeufori

Berebjelken i kystlyngheiene er røsslyngen. Like vakker som den er audmjuk. 

I dag forfell stadig fleire av desse vakre lyngheiene og naturen tek tilbake det som ein gong var dekt av skog. Det høyres kanskje ikkje so gale ut, men desse lyngheiene er viktige område for ei rekkje fugle- og dyreartar, og ein naturtype som har halde liv i landbruket langs kysten i fleire tusen år. Då er det kanskje ikkje rart at det frå fleire hald vert ropt varsku når stadig fleire lyngheier forsvinn.

Gamal røsslyng vert grov og grå - Her trengst det brenning!


Når ein ikkje held lyngheiane i hevd ved hjelp av flammar og beiting, helst i kombinasjon, forfell dei. Lyngen vert grov, vissen og lettare angripen av skadedyr som lyngbille. Næringsverdien fell, og dyra viser mindre interesse i den, slik at det heile vert enno verre. I tillegg får tre, einer og kratt etablere seg, og etterkvart ta over landskapet. Då er det berre ein ting som gjeld; lyngbrenning! Som dei fleste som har vore innom sida før har sett, har vi over fleire år dreve aktivt med lyngbrenning på Uksnøya. Gjennom bruk av eld, skal vi få tilbake glansen i dei gamle lyngheiane heilt der ute i havgapet.

I år har det vore veldig mykje fokus på lyngheiene. Mellom anna har Mattilsynet sendt ut melding til villsaubøndene om tilstanden i lyngheiane og kor viktig det er at ein gjer skikkelege vurderingar i år. Den lange tørkeperioda i vinter som var, gjorde at mykje lyng rundt om er daud og har vorte brun. Enkelte stader er so mykje som 50 % av lyngen daud. Plantane døydde av kombinasjonen tørke og frost over uvanleg lang tid. Mange stadar gjer dette at dyra kan gå ein hard vinter i møte. Dette gjeld også hjort og andre dyr som finn næring i skog og hei. Dei stadane der sommarbeita har vore dårlege grunna tørka, vert situasjonen ekstra kritisk. For villsaubøndane gjeld det difor å gjere ekstra nøye vurderingar av tilstanden på lyngbeita. Desse skal utgjere ein stor del av kosten til dyra gjennom vinteren. Om lyngbeita er brunsvidde, må ein vurdere haldet på dyra ekstra nøye, og ein må vurdere å gå ned i talet på dyr for å tilpasse flokken til næringsgrunnlaget. I tillegg må ein syte for at naudfôrlageret er stort nok.

For vår del har det heldigvis gått fint, og den flotte sommaren har gjort at røsslyngspirane som tidlegare har vore små av vekst har skote fart. I samband med sauesankinga tok eg meg tid til å ta ein del bilete rundt om i beita, noko du kan lese meir om i "Historia om Endre".


På avstand er det ikkje so godt å sjå kva det grøne som kjem opp av den brente torva er.


Men når ein kjem nærare ser ein at det er røsslyng!
Nyskota av røsslyng er mykje betre mat for villsauane - og ei pryd for auga!


Rundt trakka har røsslyngen kome ekstra langt, kanskje grunna gjødsling?


Det er tydeleg å sjå at i områda som ligg nærast "primærområdet" til dyra, er veksten lavast, då som ein konsekvens av beitetrykket. Villsauane elskar nyskota, men det er berre bra, for då treng ein ikkje å brenne like ofte for å halde lyngheiene friske og frodige. I dei områda der dyra ikkje kjem til, var det områder der fleirtalet av dei 1,5 år gamle plantene var 10-15 cm lange, noko som er langt betre vekst enn vi har sett tidlegare år. Det skuldast nok i stor grad den flotte våren og sommaren vi har bak oss.

Eg må seie at eg glader meg til alle nyskota kjem litt opp i høgde, og dei grøne og flotte heiene står i full bløming om nokon år! Det gjer nok sauane også!

For å lese meir om lyngbrenning på Uksnøya, klikk her.

tirsdag 24. desember 2013

Tilbakeblikk på villsauåret som gjekk - del 1

Villsauåret 2013 er snart ved vegs ende. Det har vore eit svært hektisk år på mange måtar, og det har difor vore knapt med tid til å legge ut bilete og tekst frå villsaudrifta. Vi tek difor eit ekstra grundig tilbakeblikk i år, slik at du kan få sjå litt av kva villsauåret har gått med til. Her kjem del 1.

Villsaujenta på veg på tilsyn i februar
Det er ikkje enkelt å krysse fjorden heimatt i slik vêr, so då får ein vente til det klarar

Villsauane leiter etter mat som stikk ut av snøen på haugen vest for løa

Ingenting er so gale at det ikkje er godt for noko - stormane bryt tare opp på land, noko som villsauane veit å sette pris på

Vi har aldri brent so mykje lyng som i år, noko som mange av dei spreke fjellturistane fekk sjå palmehelga 2013. Røyken gjekk høgt til vers og kunne sjåast frå milevis unna.

Sørsida av Storholmen  brenn godt og varmen vart so sterk at underteikna nesten måtte rømme på sjøen

Storholmen på Uksnøy i full fyr - ein av dei mange holmane som vart brent under fantastiske forhold denne dagen

Månelandskapet varer ikkje lenge. Allereie etter eit par veker vil spirane stikke hovudet opp av oska

Røyksøyla frå ein av holmane vart observert frå mange fjelltoppar rundt om på Sunnmøre

Ein gammal saueskalle dukkar fram etter at einer og lyng er brent ned

Terje er meget godt nøgd med den nye vårpynten sin

Kik innom for meir bilete frå villsauåret 2013. Villsausida vil også nytte høvet til å ønskje alle lesarar god jul!

tirsdag 19. mars 2013

Øya i flammehavet

Det er er eit hint av vår i lufta, og kalenderen fortel at fuglane snart kjem heim frå sydenferie. Om ikkje lenge vil lamma hoppe rundt på bakkane, medan mødrene ligg og nyt varmen frå sola. Det er med andre ord berre å få hendene ut av lommene og leite fram fyrstikkene! No må det brennast lyng!

Ein ugrasbrennar frå Jula gjer god jobb med å få fyr i lyng og einer

Men før ein kan starte er det mykje som skal klaffe. Lyngen skal vere tørr og torva våt. Ein må gjerne ha litt vind, men ikkje for mykje, då ein då lett kan miste kontrollen. Vindretninga er og avgjerande for både kor ein kan brenne, og om ein røyklegg naboane og får dei på nakken. So må ein ha nok dagslys og mannskap til å kunne gjennomføre brenninga på forsvarleg vis. Ein også må ta omsyn til hekkande fugl og søyer som skal lamme.

Brenning av kystlyngheia er svært viktig for denne trua naturtypa og alle dyr og fuglar som er avhengige av ho. I fleire tusen år har menneskja brent lyngheiene, før denne tradisjonen i stor grad døydde ut i tida rundt andre verdskrig. Mange stader veks no lyngheiane igjen med skog, noko som ikkje berre er eit stort tap av naturtypa, men gjer seinare brenning svært vanskeleg sidan det først må ryddast for skog. Det er difor viktig å kome i gong raskast råd, slik at vi får berga lyngheiane våre før det er for seint. Brenning av lyng er både spennande, god trim og sosialt. Når du lærer deg å bruke vinden, hallande terreng, bergknausar og sjø til din fordel, kan du verte meir og meir presis og føresjå korleis flammane vil vandre i lyngen. Berre pass på å ha godt utstyr, løyve frå grunneigar og nok mannskap! Få med deg nokon med erfaring, eller start i det små, helst på naturleg avgrensa områder utan fare for spreiing. Det er også eit eige kapittel i Villsauboka om dette, der gudfaren innan lyngbrenning, Mons Kvamme, kjem med mange gode råd.

Etter å ha kome ut på Fjørtofta laurdag, tok eg turen ned i fjøra og braut av ein kvist med lyng som stakk ut av snøen. Denne skulle få stifte kjennskap med gassbrennaren min for å fortelje meg om det var håp for lyngbrenning dagen etter. Lyngkvisten brann godt, og om eg let att auga, var det som eg kunne eg skimte røyken som snart skulle velte ut over havet. Skuffelsen var difor stor når eg søndag vakna til lyden av dropar mot takrenna og synet av våte vegar. Vi måtte uansett ut å føre tilsyn med sauane, og mest for moro skuld tok eg med gassbrennarane våre. Det kunne vere at regnet var svært lokalt, eller at terra var so god at vi fekk fyr likevel.

Ute på Uknsøya skjønte vi fort at det hadde regna her også, so vi såg etter dyra og krybbene vart fylde med høy. Det er på tide å byte ut naudfôrlageret med tørrhøy som vi har lagra på Uksnøya, og i staden for å la det kome vekk, får dyra nyte litt godt høy fram mot lamming.

Sauespor i snøen fortel oss kor vi skal gå for å finne dyra - Foto: Susanne B. Klokk Fjørtoft


Susanne kikar etter sauane



Foto: Åshild K. Fjørtoft

Sidan gassbrennarane var med fekk ei lita tue med visna gras smake flammane. Erfaringar frå tidlegare har vist at ein aldri skal undervurdere kor brennbart lyng og gras er, sjølv etter store mengder nedbør. Graset brann urovekkjande godt, og ikkje lenge etter var både brannsjef i Sandøy og 110-sentralen varsla om at vi kom til å brenne lyng, og at det var ingen grunn til panikk om store mengder røyk skulle stige til himmels.

Den lokale brannsjefen skal alltid varslast, og du gjer lurt i å ringe 110-sentralen og legge inn melding om at du skal brenne. Brannvarslinga får ofte beskjed frå fly om so store mengder røyk, og då er det viktig at det ikkje vert sett unødig alarm. Det viktig å ringe og melde frå når du er ferdig, slik at dei får slått alarm dersom det skulle blusse opp etter de har forlete området.





Foto: Åshild K. Fjørtoft



Etter at eg skreiv dette, kom det bilete og rapportar frå naboøya Harøya, der ein større brann hadde festa grepet i fjellsidene. Store mengder brannmannskap la ned ein heroisk innsats til seint på kveld for å avgrense brannen og få kontroll over flammane. Heldigvis kom verken menneskjer eller eigendom til skade. Brannen var påsett av ungdom, men det er uklart kva som var motivet bak. Brannen syneleggjer i aller høgste grad kor brannfarleg mykje av naturen rundt oss er, sjølv når ein trur det er vått. Den viser også kvifor ei kontrollert avsviing av lyngheiene kan ha positiv effekt på branntyggleiken. Framvekst av skog gjer det heile endå verre. Ei lynghei i god hevd, inneheld mykje mindre brennstoff enn gammal og grov lyng og eine. Dette gjer både varmeutviklinga mindre ved ein eventuell brann, og sjølve brannen meir kontrollerbar. Ved kontollert brenning kan ein også trene på både teknikk og taktikk for å sløkkje uønska brann ved seinare høve. Preventiv brenning av branngater i lyngheiene og fjellsider fjernar også mykje av risikoen for spreiing slik at brannen vil døy ut  av seg sjølv.

Fristen for brenning utan særskilt løyve går ut 15. april. Hugs berre å ta sikkerheita på alvor!

fredag 4. januar 2013

Kavalkade 2012

Her kjem nokre bilete frå året som gjekk!

 

I januar lånte eg ei telelinse.



I februar braut bårene fortsatt inn over øyane.

 

I mars var det både solskin og snø!

I april kom dei første lamma og det vart forhold til å brenne lyng!

 I mai kom villsauskinna frå garving.

I juni vart det rydda og reparert gjerde etter Dagmar, og vi bygde nytt hegn til dyra.

I juli klipte Natalie og Amalie sine første sauar, vi tok ut nye avlsvêrar hjå Atle og Kjetil Bakken og det vart til og med sommaridyll.
I august stelte vi markane og fekk frakta ut den nye skuffla til traktoren.
I september blomstra røsslyngen!

I oktober vart det helde kurs i grunnleggjande båtliv.

I november vart vêrane sleppt til flokken.

I desember speida vi med teleskop.

Takk for året som gjekk og godt nytt villsauår!