Medan mange rundt om uroar seg for om det er nok hjortetakksalt i årets ladning med julemenn, har det for min del vore eit større problem med alt det dårlege vêret som har kome inn over kysten vår, og gjort det vanskeleg å krysse fjorden ut til Uksnøya for å sjå etter sauane.
Laurdag vart det heldigvis ei glipe mellom dei verste stormane, og då gjeld det berre å kome seg ut. Når att på til sola kika fram, kan ein berre drage eit djupt drag med frisk sjøluft ned i lungene og senke skuldrane i førjulsstria.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEj7UkiODsznP3eGn-Z7te2rk4l_MoJHQ0jou1uMVUenwhQC52BnXV1-nOPD865YJAG3nIk4AYUgnY0ACRk-ZczNhjTplwi_sJ26LOdoHAnC7jbaRezqbXjMQN-QcLjx6CEjJgnD403u8lg/s640/Daniel_og_Marius.JPG) |
Marius er skjeldan vanskeleg å få med på tur ut til sauane |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEh2_cEc1a-7K4hgKhtbO_OcSn33rsQGqUXhr53Ss36clt9b9qVsl8-7AE1FDQ5SkC6YmIFM5EAf1D7w3Rt8ODXMP_8SoQS-UEgGPs3OPYYntqnRwBzN4s5E8Ssd2iveWvwDTFCAlBLVKms/s640/Uksn%25C3%25B8ya_mot_Fj%25C3%25B8rtofta.JPG) |
Når kaia står under vatn pga stor flo, får ein nytte gamlemåten |
Normalt får ikkje sauane på Uksnøya tilleggsfôring, men i år nærmar "best før-datoen" på naudfôrlageret vårt seg, og vi sper då på kosten med nokre kilo med tørrhøy i ny og ne slik at vi får tømt lageret. Etter ein tur bort på tunet for å legge ut litt høy i fôrhekkane, tok vi med litt høy rundt øya og ut på holmen dyra stod på. Då kan vi bruke fôret til å gje dei relativt skye dyra gode assosiasjonar til oss, og vinterstid er den lettaste tida å få temt dyra. Dyra spring mindre for å bevare energi, og sett sjølvsagt større pris på ein munnfull høy enn når markane er fulle av friskt grønt gras. Når vêrane er tamme i tillegg, vert det lettare å lokke flokken nært innpå seg.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEitH2AhE4lfi8N9vuNmVaY5dz4IJ8Un7ZtxTFQLG5sT_tdUtJT8Vf0M0TU_GcG2hN4PVibg6pYAp0dCRD6xC0HCcjrTfX6NB7a6WaacMQSEN9uit_IKlrYzuSnxHmQsRKq3m8WANxBc_T8/s640/Havgapet.JPG) |
Ingenting å seie på utsikta i det vi rundar rundt Uksnøya |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjITTPgu8igkr5GcUFX3hlK6z4L9i2ZEUtOCsDdEhj-9HCguWJmeoIinr-vRvGYH6JBcWm0a_yaZ1Q8KqL-V1Bq6akObQFuDEsD2-KgT1YbH7T8_QwRaXWDTtP125jBrQCS3iErSwZcHrA/s640/Skarv_i_sol.JPG) |
Skarv og måse tek ein kvil etter ei h
ektisk julestri |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiXuiw-jZ2k7cWfGNmaaqxbSz8GKoNn5U-BumuE7oBXJ_c2iWUaJFmMMwuOwGgUyqTPD_yE20GmZNI5dFnlddg-KgCwdB-0QKQbctc8RIkFPrHd2Xe5Jss9wHHI8_gr64icYMNiQhLT8gg/s640/Villsau_et_tare.JPG) |
Storm og styggevêr er ikkje berre dumt, då kjem det masse godt fôr opp i fjøra - noko sauane veit å nytte seg av |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgzjfrL25Rb7LAmEQ5luwk9ApSn_imjaL_VSq7OH2dFlYmJLLeiHl2AtcN0bubYFW5levSEv1xR1uj79KiW2TNfH8sKX-NIA4G2n86tYznBBkjH8JyyCvuNu8-G9yCIvHrAjTBH1MyP8eM/s640/Villsau_et_h%25C3%25B8y.JPG) |
Flokken kosar seg med ein smak av sommar |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiXmZka6GB-ufkuf48zlYKcKeFD61QqMcqeEXlaLVSJclQUOfqbd3H2480pfpytAzCxgEkcTDVWV6-aNdXbZGRfJI2Di7vcFkS9_8B-0ylbz4GaGtiChLUZMN5LxlVJy2-gN8vGxh6DneA/s640/Villsau03.JPG) |
Ikkje heilt ulikt ei viss scene frå Rambo |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEj6wz2FEzr8rpoh4SDQqlmwRZ0TRlqSMjsXzY0qEQhFMxLooyPGwxpmcgNm3pT5baxHis-ecZl5BF1B18cQKyoa5RtxrjfE4l9R77gZuL6Yh-vGb5MO3_QDJrPJea05b1RUbwf2yAK0Z-M/s640/Villsauver.JPG) |
Apollo, ein muskuløs vêr vi kjøpte av Egil Kvalsund, fekk namnet sitt etter boksaren i Rocky-filmane |
Det var det for denne gong, so får dåkke alle ha ei fortsatt god førjulstid!