søndag 12. april 2020

Villsauskinn å varme seg på

For nokre dagar sidan kom dei siste villsauskinna, og som alltid er det stor spenning når kassene vert opna. 

Det er utruleg kjekt å sjå at vi treff so godt når vi plukkar ut kven av dyra vi skal ha skinnet i retur på, for nivået vert stadig betre. Det er nok fleire som tek skinn i retur rimeleg ukritisk, og då vert det mange av det vi kallar "turskinn" - skinn som ikkje held rett kvalitet. Kostnaden på å få det salta, tørka og bereidd er den same, so å plukke ut dei rette skinna er viktig om ein skal sitte igjen med noko for alt arbeidet det tross alt er å styre med avl, utval og sal. Det er også gledeleg å sjå at arbeidet med å avle fram eit stort mangfald i fargar gjev resultat, sjølv om det sjølvsagt vil varier mykje frå år til år, alt etter kva vêrar som er dominante i flokken. Her er det i alle fall noko noko for ein kvar smak. Kva for skinn likar du best? Legg gjerne igjen ein kommentar!































Om du ønskjer å kjøpe skinn, ta ein kik her for å finne pris og tilgjengelegheit.