Når ein skal lage verdas beste julemiddag, gjeld det å ha utstyret i orden; ubodne gjestar kan øydeleggje festen.
Fleire har spurt korleis ein kan gå fram for å lage ei tørkekasse til spekekjøtet. På det spørsmålet finst det mange svar. men det viktigaste er å halde fluger og mus ute, og sikre god nok lufting til at kjøtet kan tørke.Ferdig kasse klar til bruk |
Når du veit kor stor den skal vere, er det berre å bygge ramma. Ei tynn kryssfinerplate i bakkant, gjer kassa mykje stivare, utan at kassa vert for tung. Vekt er alltid ei utfordring om kassa skal flyttast på eller hengast opp, overdriv difor ikkje dimensjoneringa. Eg hadde ein rest kryssfiner liggande, og den gjorde susen.
Det neste du må tenke på, er høgda, og korleis du skal henge opp kjøtet. Høgda bør vere ca 60-70 cm, og når det gjeld oppheng, fins det stort sett to alternativ. Alt 2. er lekter som ligg på tvers av kassa, som du anten kan tre trådane du har festa på kjøtstykka igjennom, eller feste krokar i. Alt. 2 er å bruke ei tjukkare plate til lok, å henge krokar i denne. Denne løysinga krev at du anten lagar luka i front, eller at du løftar av loket med heile vekta. Eg gjekk for alternativ 1.
Etter treramma er laga, gjeld det å stifte fast flugenettinga. Denne må vere stram, og festast med stiftemaskin. Bruk overlegg mellom skjøytar, og fest tett nok til at det ikkje vert rukker som flugene kan krype igjennom. For å feste luka, kan ein bruke hengsler, eller bruke nettinga som hengsler. Eg gjorde det siste, og fekk då hindra at fluger kan krype inn i bakkant. Ein liten lås i framkant gjer at eg kan stramme ned loket.
Innvendige sidestøtter gjer at lektene som kjøtet heng på, kan kvile på desse.
Om kassa skal henge utandørs, kan det vere lurt å vurdere tett tak. Mi heng inne på garasjeloftet, og eg har difor laga loket i netting. Enkelte vel også å montere vifter på sjølve buret, noko som kan vere lurt. Eg har so langt berre brukt ei vanleg bordvifte, om behovet for det er der. Ei vifte kan vere gull verdt om temperatur og luftfuktigheit arbeider mot deg.
Hugs at kassa strengt tatt ikkje treng å vere vakker. Det viktigaste er at ho er tett. Om loket ikkje ligg heilt nedpå kassa, kan ein også ta ei runde med tape rundt gliset. Smaken vert like god :) Hugs at det normalt vil drype litt frå kjøtet, so ikkje ha kassa over noko du er redd for, og om den skal stå på golvet, sett nokre klosser under so det kjem godt med luft under.
Lukke til med hammeren!