fredag 17. august 2018

Kampen for mangfaldet

Eit ord ein høyrer mykje om i villsaukretsar, er mangfald. Særleg i Austevoll var det veldig stort fokus på mangfald. Det er ikkje utan grunn. Eit stort mangfald er eit av dei viktigaste særtrekka til rasa, noko som er understreka i rasestandarden og i arbeidet for å ta vare på rasa. 

I flokken vår har vi mange typer og fargar. Då er det gøy å vere på tilsyn.

Under skildringa av særtrekka for rasa finn vi punktet «Stor genetisk variasjon og stort mangfald. Dette skal takast vare på.» For nokon som ikkje er kjent med rasa, vil det at dyra ikkje ser like ut vere ein av dei første tinga dei bit seg merke i med rasa. Det skilje den frå veldig mange andre husdyrraser, der normalen er at dei skal sjå veldig like ut.

Kva er so mangfaldet innan gamalnorsk sau? Det er viktig å vite at det ikkje berre fargane. Det er ulike typar dyr, både i storleik og fasong, ull, ulike typar temperament og so vidare. Ein av dei tinga eg arbeidde mest med når eg sat i styret til Norsk Villsaulag, var å få på plass ein rasestandard for gamalnorsk sau, og å formidle denne ut til alle som driv med rasen. Det var mildt sagt utfordrande å avgjere kva som er «innanfor» og kva som er «utanfor» i forhold til mangfaldet. Resultatet ber preg av eit visst slingringsmonn, men også med viktige avgrensingar: mangfaldet skal ikkje vere «kamuflasje» for innkryssing eller utvatning av rasa sine særtrekk.

Mangfaldet er ikkje berre grunnlag for frustrasjon og diskusjon. Mange av dei som driv med rasa synest at det er akkurat dette som verkeleg er gøy. Å gå rundt i flokken å kike på alle dei ulike typane. Nummeret på øyremerkja er ikkje det einaste som kan identifisere dei frå kvarandre. Alle dyra har sine særtrekk. Likevel kan mangfaldet vere lett å forsake i ei verd oppteken av rask profitt. Heldigvis er det pengar å hente i eit stort mangfald. Eit eksempel er sal av skinn. Om alle ser like ut, vert utvalet meir avgrensa og eksklusiviteten i at «ingen er like» borte. Eit stort mangfald, gjer rasa også meir motstandsdyktig mot sjukdom og gjer at den lettare kan tilpasse seg ulike driftsformer og behov. Det større bilete, som kanskje ikkje gjev klingande mynt i kassa, er at ut i frå denne rasa kan ein velje ut individ som kan danne grunnlaget for nye raser. Desse kan ha meir spissa eigenskapar. Eksempel på nye rasar avla fram frå gamalnorsk sau,  finn ein både i Norge og elles rundt Nord-Atlanteren. Dette kan verte viktig i arbeidet med å møte utfordringane som følgjer med eit meir ekstremt klima.

Mangfald i flokken

Sjølv om enkelte vil drage litt på det før dei innrømmer det: alle som driv med villsau, driv med utval. So lenge ikkje alle dyr får gå att, driv vi med utval. Alternativet er at naturen gjer utvalet, slik som er tilfellet for ville dyr. Då er det veldig viktig at ein har eit bevisst forhold til utval. Viss ikkje, vert det fort underbevisstheita som får råde. Då er det gjerne preferansar i utsjånad som vinn fram, og om få år har ein mista mykje av mangfaldet i flokken. Preferansar er også smittsamt. Det er lett for at «fine dyr» i ein flokk vert populær for sal som livdyr, og snart har alle like dyr. Det er her kampen kjem inn i biletet. Det å ta vare på eit stort mangfald, er ein kamp. Ein må heile tida leite etter kva eigenskapar eller trekk som er på vikande front i flokken. Då må ein både sette igjen søyelam og kjøpe vêrar som sikrar desse trekka. Dess mindre flokken er, dess vanskelegare er det naturleg nok å få til dette. Alternativet er sjølvsagt loddtrekning, sjølv om eg har til gode å høyre nokon som gjer det når dei står i bingen og skal sortere ut slaktedyr.

Like viktig som å sikre mangfaldet ein ser, er det ein ikkje ser. Det er sjølvsagt langt vanskelegare, men der fins råd. Eit stort mangfald i synlege trekk, vil auke mangfaldet for eigenskapane ein ikkje ser med det blotte auge. Fleire hanndyr, og oftare utskiftingar av hanndyr er også eit viktig tiltak. Norsk genressurssenter anbefaler 10 søyer pr vêr som eit tiltak for å sikre stort genetisk mangfald. Det kan by på både økonomiske utfordringar, og høgare tap som følgje av meir slåssing mellom hanndyr, men det er greitt å ha det i bakhovudet at fleire hanndyr er positivt for mangfaldet.

Vêrar av ulike typar er viktig for mangfaldet
Det er også viktig å prøve å få tak i hanndyr som er langt «ut i slekta». Å bytte fram og tilbake med ei anna besetning er ikkje positivt for mangfaldet. Om du nokon gong har lurt på kvifor eg og mange andre orkar å brukar sopass med tid og krefter på å opplyse om kva som er rasetypisk, og viktigheita av å ikkje krysse inn, er dette ein av motivasjonane. Dess fleire som har fokus på dette, dess fleire flokkar er det ein kan handle frå.

Det som truleg sit lengst inne for mange, er at ein av og til må velje det «nest beste» dyret, fordi dette har eigenskapar ein manglar i flokken. Eit anna tips er å ikkje bruke den flotte vêren eit år ekstra. Bruk heller sonen.

Avsluttingsvis vil eg oppmode alle som no skal i gong med å velje ut vêrar til avl og kva søyelam som skal få gå igjen, til å tenke på mangfaldet. Lukke til!

3 kommentarer:

  1. Hei og hå 😊
    Takk for flott og særdeles interessant og ikkje minst viktig lesing. Dette sku vært publisert flere plasser slik at det nådde flere, spesielt her nord. Mange driv med "villsau" , men der har dessverre vært mye innkryssing av både norsk hvit og spæl. Ser at ettersom årene går så blir individene i flokken mer og mer lik, både på farge og størrelse. Vanskelig å få tak i fine rasetypiske værer. Har prøvd å inseminere, men der savner jeg opplysni her om morsauen til væren. Dette skulle absolutt vært med om man vil bidra til å bevare mangfoldet og den genetiske variasjonen. Er dette noe som har vært diskutert, eller kan taes opp som tema i "rasemiljøet" ?
    VH
    Linda Selnes-Lind
    Grøtavær (sør-Troms)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Tusen takk for tilbakemeldinga! Det gjer det veldig mykje kjekkare å skrive! Dessverre er det ikkje like kjekt å høyre om all innkryssinga rundt om i landet. Spesielt trist er det når avkommet går ut som "villsau", slik at rasa vert utvatna. Eg er heilt einig i at informasjon om viktigheita av mangfaldet innanfor rasa er viktig å få spreidt ut i landet. Har du forslag til kva kanalar ein bør nytte for å nå dei som ikkje følgjer sida mi?

      Når det gjeld semin, er eg heilt einig i at det er viktig å få fram meir informasjon enn det som står i seminkatalogen. Planen til NVL var å lage ei nettsak med meir utfyllande informasjon om kvart dyr. No er eg ikkje lenger i styret, men skal vidareformidle ønskjet ditt til dei rette vedkomande.

      Ha ein fin kveld!

      Beste helsing Daniel

      Slett
  2. Hei igjen 😀
    Vi trur at en av fleire veia å gå e å gå via slakteriene for her å kunne øke kompetansen hos klassifisørene, for igjen å kunne proffitere rein rase. Vi ser i dag eksempelvis at innkryssning av spæl sågar også kvitsau for å øke slaktevektene, også får "villsau tillegget" noe vi opplever som ikke riktig. Slakteriene må opplyses om hva som er definisjon på Villsau. Hva er forskjell på reinraset gammel nors sau og der du har innkryssing ? Muskelfibrene, kjøtt-og fettsetting på individet...
    Her nord er det vel ingen, iallefall ikke nord for Lofoten/Vesterålen ,som har rasen på full utegang. Hva om dere ber om litt plass i Sau og Geit /Bonebladet sitt medlemsblad der dere klargjør hva "Villsau" er og arbeidet som er lagt ned for å bevare rasen...Dette er kjempeviktig !!! Nå er det dessverre mye som kalles villsau.
    Jeg er veldig fasinert av rasen gammel norsk sau. Etter å ha fulgt Hilde Buer sine forelesninger gjennom 4 sammlinger her i Harstad et jeg "bergtatt" 😍😍. Vi har en jobb å gjøre for å berge rasen !

    VH
    Linda Selnes-Lind 🐏🐑

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!