torsdag 20. september 2012

I skumringstimen er det fint å føre tilsyn...

Etter mykje dårleg vêr kom sola endeleg fram. Ikkje lenge etter var eg og bror min på veg ut mot Uksnøya. Vi skulle sjå etter sauane og ikkje minst nyte kvelden.

Sola går ned bak skyane i vest
Det er ikkje mykje som kan måle seg med ein haustkveld når lufta er skarp og klar, og fargane har starta å skifte til haustdrakt.

I Høgvêrvika venta velkomskomiteen


Nokon av dyra hadde starta på kveldsmaten og brydde seg ikkje om å sjå på fotografen

På turen rundt i lyngheiene sjekka vi opp eit av områda som vi brente i vår. Der gjekk nokre sauer og beitte på dei grøne nyskota. All skiten rundt om gjer at det ikkje er vanskeleg å sjå at dei likar godt det dei finn. Røsslyngen hadde enno ikkje kome fram, men mange andre artar hadde sett sitt snitt til å stikke hovudet ut av torva.

Mellom kvist av røsslyng og saueskit stikk dei mange små plantene hovudet opp av torva

Utsikt mot evigheita
Etter å ha kome oss tilbake i båten tok vi turen til brygga for å sjå etter husa. Turen rundt øya var av den minnerike sorten i eit fantastisk haustlys.
Tunet i skumringa

Vi tok også ein kik på vøra og fekk teke nokre bilete for slik du kan sjå resultatet. Vøra hadde i alle fall greidd dei første hauststormane med glans. Betongen var også so ru at det skal gå fint å gå på den, sjølv med glatte gummistøvlar for dei som likar slike.

Resultatet vart heilt supert spør du meg!
Himmelen speglar seg i sanden
Det spesielle Smith-huset nyt fargane rundt seg
Etter å ha knipsa litt bilete og sjekka hus og beiter, gjekk turen heimatt før natta senka seg. Der venta villsaukjøtdeiga eg hadde lagt til tining før eg reiste. Meir info om korleis det gjekk kjem snart!

Har du vore ute å nytt kvelden? Legg gjerne igjen ein kommentar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!