torsdag 8. november 2012

GPS på villsau - del 3

Etter å ha prøvd systemet med GPS-sporing på nokon av villsauane er det på tide å dele erfaringane. Her kjem ei oppsummering!

Som du kanskje har fått med deg var lodda vi fekk tilsendt feil, og sendaren vart hengande på undersida av nakken slik at dekninga ikkje vart god nok. Dette gjorde rapporteringane ustabile, og effekta av sporinga var ikkje den heilt store. Etter å ha fått bytt ut lodda, var det stor spenning om dette skulle løyse problema.


Som du ser på biletet er dei nye lodda dobbelt so store som dei gamle (det gamle ligg inntil oppe til høgre). Dei nye og større lodda skulle etter alt og døme få sendaren til å ligge opppå nakken til dyra, slik at signala vert stabile og gode. Grunnen til at det fins to typer er at dei som brukar bjelle på sauen ikkje treng like store lodd for å få stabilitet.

Dei nye lodda vart monterte på reserveklavar og teke med ut på sankinga slik at dei kunne monterast på to av dei eldste søyene.

Sjølv om ikkje signala har vore gode nok til å få inn alle rapportane, fortel kartet at dyra stadig er på vandring. Under ser du spora til to av søyene ca frå 1. juli til 1. oktober.



Ut i frå desse spora kan eg bekrefte erfaringane med at dyra er meir på gras enn på lyng denne tida av året, men at dei aktivt nyttar lyngbeita året rundt.

Eg var også spendt på korleis utstyret hadde takla det å henge på dyr som klatrar i bratte bergsider, vassar i sjø og lever i eit svært uskjerma liv. Dette var tross alt den enklaste delen av året, og snart ventar frost, meir vassing etter tare og ei lang periode utan batteribyte.

Etter at eg fekk plukka utstyret av dyra, var det klart at sendaren ikkje hadde hatt det heilt enkelt der dei har hunge på sida og under nakken på dyra. Ein del striper var det, men ingen større skader. Det eg merka meg var at festeloket som låser sendaren til klaven hadde fått det meir enn sjølve sendaren.


Hadde eg hatt nye lokk for hand skulle desse blitt bytta umiddelbart. No må det vente til neste sommar. Ein annan ting er at skruane som føljer med for å feste loket ikkje er at den aller beste kvaliteten, og desse må eg pårekne å byte når eg byter lokk.


Batterilevetida over sommaren fungerte svært bra, og det var fortsatt bra batterilevetid igjen, sjølv etter mange rapporteringar. Batteria vart uansett bytt før vinteren, og framover hausten nyttar vi tre rapporteringar pr døgn. Det kan vere at vi må nedjustere om litt for å spare batteri.


GPS-spora til ei av søyene frå den siste månaden viser at hausten er komen. Ein kan sjå at dyra beiter meir i område med lyng (områda mot nord) enn dei gjorde i sommar.

Eg har sidan sist nytta Telespor sin Google-intregrasjon for å legge ut plassering av dyra på denne sida. Dette gjer det enklare å sjekke til dømes frå mobiltelefon, og gjer infoen tilgjengeleg for andre som ikkje har passord til hovudsida. Om du ikkje har kika på dette enno, finn du kartet med oversikt over kor dyra er på knappen "GPS-sporing" under biletet av sauane på toppen av sida. Snart skal vêrane sleppast til, å då skal ein av dei merkast med GPS, med andre ord nærmast som reality-tv!

Alt i alt ser ting bra ut, men batterilevetida over vinteren vert avgjernade for kor bra produktet er for vår del. Med tre rapporteringar pr dag, har vi ei bra oversikt kor dyra er. Om vi må redusere til ei rapportering for dag, mister ein litt av poenget. Om du har handtame dyr, kan du sjølvsagt byte batteri oftare og soleis ha endå høgare frekvens på rapporteringane.

Ut i frå søkjestatestikken inn mot sida ser det ut til å vere mange som er på jakt etter andre med erfaringar med GPS på villsau. Har du spørsmål eller har erfaringar å dele knytt til temaet må du gjerne legge igjen ein kommentar under!

1 kommentar:

  1. Da ej snakka med telespor angåande dei vektlodda våre så lufta ej ein ide. Den går ut på å lage ein bigpac av batteri, som kan henge på undesiden av halsbandet istaden/eller delvis erstatning av dei vektlodda.
    Det virka ikkje ut som om det tente noko særlig på ideen.... Kanskje ikkje batterilevetid har vore noko større behov for tidligere?
    Så om batterilevetiden blir eit problem i vinter, er det godt mulig ej fyrer opp fresemaskinen og lager ein vanntett ekstra batteripakke som ej kobler til desse senderene.

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!